
Endeleg er det fotballkampar igjen! G16 og J15
Det tok lang tid før det blei fotballkampar i 2020. I veka som var blei det endeleg aktivitet igjen.
Det er lov med kampar mellom spelarar opp til og med 19 år, dermed er fotballen for barn og unge i gong. Suldalsserien startar neste torsdag, 27. august, mens Suldalsgutane- og jentene starta i veka som var. For dei over 20 år er det stusselegear, det spørs om det blir noko aktivitet på dei i 2020…. read more…
Årsmelding Suldal Idrettslag 2019
Hei!
Sjå vedlagt årsmelding frå Suldal Idrettslag sitt årsmøte for 2019. Årsmeldinga vart grunna Covid-19 godkjent elektronisk.
Treningstider Prestavikjo fram til skulestart
Årsmøte Suldal IL
Suldal idrettslag kallar inn til årsmøte i gymsalen på Vinjar skule den 19.mai 2020 klokka 19.00.
Saker:
· Vanlege årsmøtesaker
· Snøproduksjonsanlegg lysløpa
Saker og saksdokument er tilgjengeleg på www.suldal-il.no.
På grunn av corona-situasjonen bed me alle følgje myndighetene sine råd i høve til smittespreiing. Me bed også om skriftleg påmelding til årsmøte til leiar@suldal-il.no innan 15.mai. Skulle deltakartalet overstige dei grensene myndighetene set, vil me gjennomføre årsmøtet digitalt.
Sakspapir
Styret
Ballbinge stengt, ikkje folk frå ulike husstandar/familiar i Prestavikjo
Ballbinge stengt! Sjå melding frå einingsleiar ved Vinjar skule under.
Suldal IL – fotballgruppa vil også informera om at det ikkje skal samlast personar frå fleire familiar/husstandar på banen i Prestavikjo. Barn, ungdom eller vaksne kan altså ikkje møtast for å spela fotball.
Vennleg helsing Jon
Til alle elevar og føresette!
Eg har i kveld fått melding frå kriseleiinga om at me med bakgrunn i smittevern og koronasituasjonen skal stenga ballbinga frå i morgon av. Det vert hengt opp skilt i morgon.
Me oppmodar samstundes om å følgja FHI sine tilrådingar om minst mogleg samlinger av folk. Sjå deira nettside for meir informasjon.
Mvh Kristine/einingsleiar
Protokoll frå styremøte i Suldal IL, 12.03.2020
Hei!
Sjå lenka under for protokoll frå sist styremøte i Suldal IL.
Protokoll frå styremøte Suldal IL 12.03.20
Elles håpar me medlemma ivaretek helsa på best mogleg vis og tek vare på kvarandre. Held dykk oppdatert på Folkehelseinstituttet sine nettsider, så høyres me når tida er inne for meir aktivitet att.
All aktivitet i regi av idrettslaget vert avlyst og utsett på ubestemt tid
Grunna koronaviruset og vårt samfunnsansvar for å avgrensa smitten av dette, har styret med undergrupper i Suldal Idrettslag i dag vedteke at all aktivitet i regi av idrettslaget vert avlyst og utsett på ubestemt tid. Dette gjeld og årsmøtet som skulle vore avhalde 26.mars. Det vert heller ikkje høve til å nytta seg av gymsalen i denne perioden.
Suldal Idrettslag kjem tilbake med informasjon om oppstart av aktivitetar og ny dato for årsmøte når dette vert aktuelt. Me oppmodar elles til å følgja med på Folkehelseinstituttet sine heimesider for løpande oppdateringar og anbefalingar når det gjeld viruset;
https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/
Suldal IL fotball og ski stoppar all trening og kamp ut april
NFF (Norges fotballforbund) og Norges skiforbund har gått ut og avlyst all form for breiddefotball og breiddeski ut april.
Det betyr at det ikkje blir organisert trening eller kamp for nokre av fotball-laga til Suldal IL, verken aldersbestemt, senior herrer/damer eller Suldalsgutane- og jentene. Dette gjeld frå i dag 12. mars og ut april månad inntil noko anna blir opplyst om.
Som alle veit, er dette av preventive hensyn og ein del i den nasjonale dugnaden for å avgrensa spreiinga av koronaviruset. Det er inga grunn til å hausa opp dette for ungane, men bli med dei ut i hagen, på leikeplassen og gardstunet og spark fotball med dei! Bruk det naturlege treningsrommet. Bruk den flotte heia vår til vårskiturar. Så håpar me at me samlast igjen på fotballbanen i mai med kriblande bein!
Førebyggjande tiltak ved koronavirus
Suldal Idrettslag har idag vore i kontakt med kommuneoverlege og smittevernlege i Suldal i samband med koronaviruset. Status per no er at treningar vert gjennomført som normalt, men me vil skjerpa rutiner for handvask før og etter bruk av gymsalen.
Me ber om at ALLE som trenar og oppheld seg i gymsal/foajee vaskar hender etter gjeldande rutine før og etter trening. Det vert og hengt opp plakatar på alle toalett i gymsal/foajee.
handhygiene–handvask-plakat-nynorsk-pdf
Mosvatnet rundt 2020
Søndag 8. mars blei turrennet Mosvatnet Rundt igjen arrangert. Med usikre isforhold på vatnet måtte ein legge om løypetrasèen og runden om Hedlebrekk blei brukt. Med til dels mykje regn og snøsmelting heldt spora seg derimot godt og løparane fekk real klisterfør med god glid. read more…