6 div avd 3 Hundvåg 2 2-3 Suldal

Det skulle ikkje stå på oppmøtet frå tilårskomne legender i ruskeværet på Hundvåg denne laurdagen i midten av oktober. Jon, Nils Arne og Tor Arne fekk alle var vitne til eit suldalslag med ei heilt anna innstilling enn helga før.

read more…

6 div avd 3 Sunde 2 1-1 Suldal

Kamp nummer to denne langhelga og nok ein tur sørover i fylket. Denne gong skulle me møte laget som ligg heilt nederst på tabellen, Sunde 2

Denne kampen skulle egentlig vore spelt tidlegare i haust, men me måtte få den utsatt då me hadde store problemer med å stille lag til kampen. Me prøvde verkeleg å mobilisere, men for første gong på mange år måtte me ringe Sunde 2. Heldigvis var dei greie med oss og utsatte kampen til denne flotte søndagen i starten på oktober.

read more…

6 div avd 3 MIL 2 4-2 Suldal

Bortekampane kjem tett som hagl og denne helga står der to kamper for tur. Først borte mot MIL 2 torsdagen før me skal måle krefter mot Sunde 2 søndagen.
I pulja vår denne sesongen er me fire lag frå Ryfylke og me er ganske godt samla på tabellen. I skrivande stund ligg Fiskå på andre plass, MIL 2 på tredje, Suldal på fjerde og Hjelmeland på femte plass. Det var altså stolthet å spele for i denne kampen der våre helter skulle i kamp mot MIL 2.
Til kampen hadde ein skadeskutt Tore meldt seg klar i tillegg til at Atle hadde tatt turen frå sitt kjære Sauda for å spele kamp. Mangel på rutine skulle det ikkje var. På MIL 2 var det og fleire kjende navn som har veksla mellom Staal og MIL. Den tidligere eminente Knut Foldøy var og å sjå i den fargerike, lilla heimedrakten.

read more…

Prestavikjo pumptrack er open!

Bris i Sauda står for lay-out av plakat som kjem.

Første element i nærmiljøanlegget i Prestavikjo blir opna for bruk i dag! Det er klart for hopp og sprett på hjul, og kanskje litt knall og fall?

I ein pumptrackbane skal du komma deg framover i ei kupert og dosert løype ved å «pumpa» deg framover på sykkel, sparkesykkel, rullebrett, rulleski eller liknande. Ein skal altså ta med seg farten ein får nedover til å komma seg opp neste kneik.

Det er Trailhead Nesbyen som har bygd Prestavikjo pumptrack på oppdrag frå Uniqa. BG Suldal, med Steinar bak spakene i gravemaskina, har stått for grunnarbeid og hjulpe Trailhead med oppbygginga av banen. Dei siste dagane har NCC asfaltert løypa.

Pumptrackar blir bygde opp noko ulikt. Nokre plasser er det berre grus, andre plassar blir alt asfaltert, også skråningar. I vår pumptrack er det berre asfaltert der det er naturleg at ein brukar banen. Sidekantar og midtfelt i grus vil få eit dekke av eitt eller anna slag etter kvart. Me reknar med at folk ikkje klatrar og syklar der det ikkje er asfalt.

Det går også an å nytta pumptracken med til dømes radiostyrte bilar. Det som ikkje skal vera på banen er mopedar og liknande.

Me håpar at pumptracken vil falla i smak, at ein er forsiktig og viser hensyn, og utviklar røynslene sine etter kvart. Her skal vera utfordringar frå nybegynnarar til vidarekomne. HUGS HJELM.

Norsk Stein gir gratis massar til Prestavikjo!

Det er mange tonn med grus, pukk og singel som skal til for å få godt underlag til alt som skal byggast i Prestavikjo. Totalt for heile prosjektet er det snakk om 2-3000 tonn av ulike fraksjonar. At me får dette gratis hjelper godt på prosjektet!

Verdien av denne gåva veit me ikkje før heile prosjektet er over, men at det er snakk om eit betydeleg beløp er det ikkje tvil om. Norsk Stein har tidlegare løyvd kontantgåve på kr 20.000,-, så dette kjem i tillegg.

I haust er det ikkje snakk om så store mengder, men neste haust reknar og håpar me på at det er vesentleg meir som skal inn når me skal til med asfaltering til rulleski og underlag til andre aktivitetsanlegg som skal på plass.

Tusen takk for gåva!

Betongklossar og grus: Steine Transport AS tek jobben!

Helge i Steine Transport AS i aksjon i Prestavikjo.

Det er mykje som skal på plass når Prosjekt Prestavikjo skal realiserast. Då er det godt å ha ein lokal transportør med på laget som både kan køyra og heisa.

Steine Transport AS held til på Steine, Suldalsosen, og er ei familie- og generasjonsbedrift. Firma blei starta av Tor Steine. Det er nok derfor bilane har logoen «T. Steine Suldal». Sonen Torleif tok over, før barnebarnet Helge nå driv selskapet saman med kona Heidi. Helge og Heidi både bur og jobbar ut frå «Stasjonen på Steine». Folk under 40 år hugsar vel knapt at det var bensinstasjon der dei nå bur og har verkstad, men i tillegg til transport kunne ein altså kjøpa både bensin og kioskvarer her for ein generasjon sidan.

Helge er den som har vore i sving i Prestavikjo den siste veka, og han er framifrå på service, og køyrer lastebil stødig, effektivt og med eit stort smil. Ein av spesialitetane er at han har heisekran på bilen sin, noko som er til stor hjelp når me skal ha betongbyggeklossar som fundament og sikring til tribunen. Det har også blitt nokre turar til Norsk Stein på Berekvam for å henta grus.

I første del av prosjektet som blir realisert i haust, er det relativt sett ikkje så store mengder massar som skal på plass, slik at entrepenørane BG Suldal og Ola Fisketjøn saman med Steine Transport når over det. Alle køyrer til sterkt reduserte prisar for å støtta prosjektet. Det set me sjølvsagt stor pris på, og bidraget hjelper godt på for å få mest mogleg aktivitet ut av pengane me rår over.

Me takkar for hjelp og støtte!

Suldalscupen 2023

Arrangør IL Sand

IL Sand arrangerte i dag eit strålande arrangement på ein strålande dag. Ein kunne ikkje vore meir heldig med tilhøva.

Suldal IL stilte med følgande lag: Tre stk miniknott, tre stk knott, fire stk lilleputt og to stk ungdomsskule. Det gjorde at det blei mykje gult og svart på Eide, men også grøne erfjordbuar og raudkledde sandbuar var det mange av. Dessverre blir det færre av dei andre klubbfargane og sjå, spesielt i lilleputt og ungdomsskule. Nokre av grendene har for få til å laga lag, slik at Jelsa og Haugil slår seg saman med Erfjord, og Nesflaten med Suldal. Litt trist, og det store spørsmålet er jo korleis ein framleis skal ha nok folk i grendene til at ein kan laga fotball-lag. Underteikna skimta heldigvis kvitfargen til Jelsa og blåfargen til Haugil i dei yngre klassane.

read more…

6. div: Suldal – Hundvåg 2 2-1 (0-1)

Strålande vêr, sauasamling, reinsdyrjakt, Dyrsku i Seljord og Suldalscup på Sand. Godt gjort at ein både greier å stilla fotballag, kiosk og litt tilskodarar til a-lagskamp på ein slik dag.

Referenten var ikkje til stades, så det blir ikkje lange referatet. Hundvåg 2 var laget som traff mål i første omgang, og det såg lenge ut til at gjestene skulle stikka av med alle poenga. Rapportar frå tribunen seier at heimelaget var noko tungstarta i dag.

I andre omgang gjekk det likare, men mål fekk ikkje nokon i dei første 45 minutta. Så, på overtid fann Suldal ut at det er kjekkast å ta med seg alle tre poenga. Håvard Fatnes slo eit flott hjørnespark. Bak i feltet låg Jone Utbjoa og vaka. Han veit kor målet stod, og stanga inn utlikninga.

read more…

Tribunearbeidet i gong

Så er også arbeidet på haustens tredje anlegg, tribunen, i gong. Ola Fisketjøn AS har starta gravinga i skråninga opp mot Samfunnshuset.

Her skal det komma tribune med 96 sitteplasser. Det blir plassert på eit platå halvvegs inn i bakken. Der vil ein få god oversikt over det som skjer på fotballbanen. Saman med tribunen blir det laga trapp/veg opp frå banen til garderobane til Samfunnshus. Etter kvart vil også kiosken kokmma her oppe.

Ola Fisketjøn AS har god kjennskap til Prestavikjo, dei var også med då sjølve idrettsanlegget blei etablert på 70-talet, og stod også for mykje av arbeidet då kunstgraset kom for 11-12 år sidan.

Når grunnarbeidet er på plass, så kjem leverandøren av tribunen og moterer denne. Me reknar med at alt er på plass i løpet av oktober, det kjem litt an på leveranse.

Besøk sidan februar 2009

Ulike kategoriar

Utstyrsleverandør

Hovudsponsorar

Suldal IL på Facebook

Reiserekning

Her kan du laste ned reiserekning. Oppdatert 2020.

Grasrotandelen

Kor mykje har me fått i Grasrotandelen? klikke her!

For å registrere deg, send SMS. Skriv:
GRASROTANDELEN 983958605 til 2020 (tenesta er gratis), eller ta kontakt med tippekomisjonæren din.