7’er: Høle – Suldal 2-4 (1-4)

Høle IL

Nok ein seier for Suldal 2 kom mot Høle denne mandagen. Me hadde bestemt oss på forhånd at me skulle trø til i duellane frå start av og vera aggresive, slik me lyktes så godt med sist.

Det gjekk seinare før me kom i gong og det var Høle som åpna scoringsballet med eit skudd som fauk inn frå avstand, med litt hjelp frå vinden. Fortjent var det uansett, etter fleire flotte angrep av heimelaget, der me er på etterskudd. Me tek oss saman etter målet imot, og etter litt klabb og babb i feltet til Høle får Ørjan avslutta. Keeper redda, men der sto måltjuven Odd Eirik og banka inn returen. 1-1 og no var me det førande laget. (meir…)

A-lag 5. div. avd. 2: Suldal – Våganes 0-3 (0-0)

Nydeleg dag for kamp i Prestavikjo! Fotograf: Eskil Nerheim

Nydeleg dag for kamp i Prestavikjo!
Fotograf: Eskil Nerheim

Laurdag kom Våganes frå Sola på besøk til Prestavikjo. Etter tap i dei første kampane håpa Suldal at trenden skulle snu.

Det er lenge sidan undertegna har følt at Suldal var sø klar for kamp som akkurat denne lørdagen som blei skreven 20 april. Gode treningsveker etter sist kamp og eit godt mannskap i troppen gjorde at trenar, Geir Sigmund nesten hadde eit luksusproblem når han skulle ta ut laget. Rutine var også eit av nøkkelorda til denne kampen. Mot Vardeneset 2 hadde me ein snittalder på rundt 21 år på troppen.Til denne kampen var snittalder rundt 26 år. (meir…)

7 er fotball senior: Forus og Gausel -Suldal, 3-12

Det vart ein strålande start på sesongen for Suldal 2 på ein ikkje like strålande vårkveld på Forus. Me starta kampen med sterk motvind, sjølv om ein slettes ikkje skulle tru det. 4 kjappe mål i løpet av dei første 5 minutta satte oss i respekt hjå motstandaren. 

For ein gongs skuld var me på hogget frå start av, og aggressivitet og duellstyrke i den bakre rekka av Tore og nykommar Sven gjorde at motstandaren aldri fekk tid å setje i gong sine angrep. Me fortsatte å vera effektive resten av første omgang, og om ikkje underteikna hugsar feil, gjekk me til pause med 8-1-leiing. (meir…)

A-lag 5. divisjon avd. 2: Suldal – Tasta 2-8 (0-3)

tasta

Noko kan ein seie når ein har sett kamp der Suldal A-lag spelar, og det er at det ofte endar i målrike oppgjer. På dei to første seriekampane våre har det kome tjueein mål. Det negative er at sytten av desse er plukka ut or nettet av Suldals unge keeper, Ingve Berge.

Etter eit braktap mot eit sterkt Vardeneset 2 lag skulle ein tru at me hadde lært av dei feila me gjorde i den kampen, men den gang ei. Me byrja bra og hadde eit bra initiativ i kampen dei første ti minutta, men etter det og fram til pause vart me mykje springande imellom og slapp inn tre mål før pause. To av desse måla var keeperen vår litt uheldig på, medan det siste kom etter deffensive svakheter og dårleg organisering. (meir…)

Vardeneset 2 – Suldal 9-2

vbk

Med tropp der snittalderen var i overkant av 21 år reiste me til Tasta i Stavanger for å henta heim tre poeng til Suldal i årets første seriekamp i 5 divisjon avd.2.

Me visste at dette ville verta ein tøff batalje, då motstandarlaget, Vardeneset 2 var eit av topplaga frå fjorårets sesong. Me ville gå ut å spela vårt spel og prøva å gjera det beste me kunne. Trenar Simmen Bratland sa det så fint: «Eg drite i om me tape, bare me reise herifrå med visshet om at me har gjort det me kunne». Med denne mentaliteten i botn entra det unge mannskapet kunstgrasbanen i fint vårvær. (meir…)

Kiko braut foten

KikoPå måndagstreninga braut Kiko foten. Det var først litt uklart om kor alvorleg skaden var.

Etter undersøking på sjukehuset i Haugesund vart det raskt konstantert at det var brot i leggen. Tida vil vise kva tid Kiko er attende på fotballbanen.

Me ønskjer god bedring!