Nyttårscup 2016

Henta frå: http://www.shutterstock.com/

Henta frå: http://www.shutterstock.com/

Den tradisjonelle nyttårscupen blir i år fredag 30/12 kl 18.00 i gymsalen på Vinjar skule.

Dette er ei uhøgtideleg turnering for alle som ønskjer å vera med. Det betyr alt frå ungdomsskuleelevar, seniorspelarar og gubbatrimmarar, samt andre med ein fot innanfor kommunen.

Ein melder seg på individuelt, og så trekkjer arrangørane laga. 

Påmelding på Facebook: , eller til Svein Øystein Berge eller Jon Bråtveit.

Deltakarar frå 9.klasse – 100 år…………….

Påmeldingsavgift kr. 50,- pr. person, betalast ved ankomst.

Salg av kaffi og brus.

Frist påmelding 28. desember.

 

Puljene for 6. divisjon er klare

Bilderesultat for rogaland fotballkrets

Det blir ikkje mange nye fotballdraktar og sjå i Prestavikjo i 2017-sesongen. Me møtte alle laga i 2016 og. 

I 2017 blir det berre åtte lag i pulja. Dette er fordi fotballkrinsen ikkje plasserer lag sør for Boknafjorden i nordpulja lenger. Dermed blir det tre sør-puljer med 8-9 lag, og ei pulje i nord der det er heile 12 lag. Me ønskjer å spela i sør, og får av den grunn kun 14 kampar.

Puljene ser slik ut:

(meir…)

Rekrutteringsdommarkurs 2017

Relatert bilde

Rogaland fotballkrets har sendt ut melding til klubbane om dommarkurs.

Les invitasjonen frå Rogaland fotballkrets her:

NFF Rogaland arranger sine rekrutteringsdommerkurs på følgende datoer.

Uke 4 Mandag 23. januar og onsdag 25. januar

Uke 5 Mandag 30. januar og onsdag 01. februar

Et kurs varer alle 4 kveldene , start 1800 med slutt ca. 2100.

  (meir…)

Årets spelar 2016

Lars vart årets spelar 2016.

Lars vart årets spelar 2016.

Årets spelar på Suldal IL sitt a-lag vart Lars Lavalette.

Han spelte flest kampar av alle (saman med fire andre), og viste godt igjen frå backposisjonen sin. Her er trenaren si grunngjeving:

Årets spelar vil eg seie er Lars Lavalette, med din innsats og sitt engasjement går han i krigen som ingen andre. Han er ein av dei beste til og prate på banen, og stiller opp på treningshelger og kampar. Han er og ein positiv og kjekk kar utanfor banen.

Dessverre skal han nå i militæret, slik at det nok ikkje blir så mykje me ser til han på banen i neste sesong.

Årets unge spelar

 

Andrè er året sunge spelar 2016.

Andrè er året sunge spelar 2016.

Andrè Vatland vann prisen som årets unge spelar 2016.

Prisen vart annonsert på sesongavslutninga i Vikadn i helga. Trenar Morten Jelsa si grunngjeving er som følger:

Årets nykommar er nok Andre, sjølv om han gjekk til Vard i haust. Han har vist ei stor treningsglede, og har tatt steget over til seniorfotball på ein god måte. Har alltid max innstilling til trening og kamp.

Me gratulerer!