by Arne Vold | mar 21, 2009 | Resultatlister, Ski |
Torsdag 19 mars var det årets siste runde i skikarusellen ved Gullinghuset.
Nesflaten IL stod for eit effektivt arrangement som denne gongen gjekk i fristil. Over 170 skiløyperar passerte målstreken under svært gode forhold. Resultata ligg under ski si fane.
by Jon Bråtveit | feb 21, 2009 | Ski |
Søndag 22. februar går skirennet Mosvatnet rundt av stabelen.
Laurdag var det eit subbande føre, men løypene var fine. Snøen lava ned, så det skal nok ikkje mangle på underlag. Løypa var ikkje kjørt rundt vatnet i dag. Kva Bjørn Egil finn på til i morgon kan ikkje eg svare på. I dag gjekk trasèen til parkeringsplassen under Neikjen, via Lysløypa og ut til Hedlebrekk. I overkant vel kupèrt for underteikna, men sikkert kjekt for dei som kan det! Me håpar på godt vêr og føre søndag, og lukke til for dei som har tenkt å konkurrere om den prestisjetunge sigeren.
by Jon Bråtveit | feb 18, 2009 | Ski, Trim |
Er du sugen på ein tur på ski?
Om det er bortover, oppover eller nedover som freistar mest, så treng du uansett som oftast litt snø under plankane. Kanskje er det og oppkøyrde løyper andre stader enn i Breiastølsdalen og i Lysløypa? Sjekk ut Gullingen og Suldal kommune sine sider med snø- og skiløypeinformasjon . Lenkja finn du og under LENKJER i menyen øvst på denne sida.
God tur!