Skitreninga startar

Skigruppa startar opp treningane!
Sesongen startar på barmark og vert flytta opp på heio når det kjem snø.
Me har 3 grupper, som kvar nyttar Spond som kommunikasjonsmiddel. Tilgang til desse gruppene får de av trenarane.
I tillegg til treningar i vekedagane, vil me også prøve å få til felles treningssamlingar og klubbturar. Me håpar at mange også har lyst til å bli med på dette.
  • Den eldste gruppa (6.kl og oppover) startar opp tysdag 29.august, kl. 18.30. Oppmøte ved Samfunnshuset. Dei startar med desse treningstidene: tysdagar kl.18.30 og torsdagar kl.18.30. På torsdagane er også dei som ønskjer frå 5.kl. velkomne til å vera med.
Ansvarleg for treningane er : Magnus Bakka, Lars Lunde
  • Mellomgruppa (4.-5.kl.) har trening på tysdagar. Dei startar opp tysdag 29.august. kl.18.30 utanfor Samfunnshuset. Første trening føregår på rulleski.
Ansvarleg for treningane: Olav B.Berge, Tore Vik, Anita B.Vik
  • Den yngste gruppa (1.-3.kl.) startar opp tysdag 12.september utanfor Vinjar skule. Meir informasjon kjem som «ranselpost» og her på FB, når det nærmar seg.
Ansvarleg for treningane er: Jens Marcussen, Dagfinn N.Havrevoll, Kristian Smaamo
Her finn de informasjon om medlemsskap og innmelding i Suldal IL: https://www.suldal-il.no/?page_id=5347
Påmelding til renn og arrangement vil i år vera på: https://isonen.no/
Alle er hjarteleg velkomne til å vera med.
Har de spørsmål: Ta kontakt med ein av dei ansvarlege for treningane, eller med leiar for skigruppa: Magnus Bakka.
Gode suldalsresultat på Blinkfestivalen

Gode suldalsresultat på Blinkfestivalen

Blinkfestivalen byr på både skiglede, kriblande spenning, gode resultat og kameratsleg konkurranse. Gjengen frå Suldal viste, som alltid, godt igjen i rulleskiløypene.

Blinkfestivalen vart arrangert for 18 gong i år, og er ein populær skifest både for deltakarar, støtteapparat og publikum. I år leverte  13 suldølar gode løp i dei spanande konkurransane, der det var imponerande mange påmelde totalt. I løpet av festival-helga kan ein få prøve seg på motbakkeløp i Lysebotn, klassisk renn for den eldste gruppa i Ålgård eller fellesstart og sprint-løp midt i Sandnes Sentrum.

– Innsats, sportsglede, samhald og det sosiale var upåklageleg heile helga. Det var også veldig stas at me hadde heiagjeng frå Suldal heilt frå Lysebotn til Sandnes, seier leiar i ski-gruppa til Suldal IL, Magnus Lunde Bakka om årets utgåve av Blinkenfestivalen.

(meir…)