Skogstrimbok i Bjødlenuten

Trimgruppa har vore i dagsturhytta og vaska den inni, etablert nye gangvegar i stien, skilta bedre til både Stråpanuten og Bjødlenuten, og det viktigaste av alt: ny skogstrimbok er på plass i dagsturhytta i Bjødlenuten. 

På sikt vil trimgruppa henga opp kasse ute, men enn så lenge ligg trimboka inne i hytta. 

Skriv namnet ditt, og ver med i trekninga av fine gåvekort.

God tur!

Nye turbok-kassar

Nye turbok-kassar utplasserte.

Førlandsøyane

Vassbotn

Dei første kassane er nå sette opp på Førlandsøyane og i Vassbotn, og me håpar bøkene får eit tørrare klima framover.  Sparebankstiftelsen SR-Bank delte tidlegare ut gåve på 25.000 kroner til Skogstrimmen og nye turbok-kassar, og desse midlane er nå tekne i bruk.

Stråpanuten

Kassen på Stråpanuten er flytt 25 meter fram til utsiktspunkt ved stein.

 

 

 

 

Er det nokon som har forslag eller tilbakemeldingar relatert til Skogstrimmen, sjå fana «Kontakt oss» for kontaktinformasjon.

GOD TUR!

 

Skogstrimmen: Vinjanuten

Vinjanuten ragar mektig over dalen, og kan vere både til sut og glede. Det er nok dei som kunne ønska den der peparen gror når

Vinjanuten

skodda heng tung. Men utan Vinjanuten hadde nok verken staden eller folka som bur her vore som det er i dag.

Sjølv om me ikkje alltid ser toppen, kan me føle at den er der. Omlag 300 høgdemeter opp frå Fiskjetjønsvardane – dei me KAN sjå – står varden. Her kan ein sjå heiar i nord, aust og sør.

For å komme til topps, klikkar du her, eller du går på Trim og Skogstrimmen i menyen.


Skogstrimmen: Fisketjønsvardane

Står ein på Osen og kikkar opp på nuten som ruver over bygda, ser ein to vardar på det som ser ut som toppen.

Fisketjønsvardane. Det som ser ut som toppen frå Bygda.

Dette er Fisketjønsvardane. Toppen av nuten er eit drygt stykke både opp og bakover. Skal ein på nuten, bør ein innom begge stadar!

Vardane når ein gjerne lettast frå Gunntveitsåsen. Det er iallefall mest motiverande psykisk frå den sida, for då kjem ein til vardane og utkikkspunktet før ein eventuelt tek vegen opp dei 300 høgdemetrane til toppen av sjølve nuten.

For god utsikt og meir informasjon, klikk her, eller gå via menyen på Trim og Skogstrimmen.

Skogstrimmen: Gunntveitåsen

Oppi lia bak Billaget ligg Gunntveitåsen. Ein fin tur ein ettermiddag, eller første post på vegen opp til Vinjanuten.

På toppen av kollen ligg boka for Gunntveitåsen.

Turen startar som nemnd frå Billaget. Føl skogsvegen som går opp forbi Tjødnarebotn, omkransa av blandingsskog, ta av og gå så vidare på merka sti.

Trykk her for å finne ut meir, eller vel Trim og Skogstrimmen i menyen.