Hovudsponsorar
Sponsorar
Sponsorar
Tung haust for a-laget

A-laget hadde ein god vårsesong, spesielt på bortebane, og vann seks av dei ti kampane dei hadde før ferien. I haust har det vore mange heimekampar, og då skulle ein trudd at det kunne bli mange poeng i Prestavikjo. Slik har det ikkje blitt.
I år har alle laga stilt opp til kamp i Suldal, og dei har stilt sterkt. Det har gitt kun 1 poeng på fire kampar i Prestavikjo. Det har vore jamne kampar, men det verkar til at alle marginer har gått mot laget vårt i haust. Trenden har vore at ein er komme bakpå frå start, og dermed måtta jaga resten av kampen for utlikning.
read more…Rogaland Sparebankcup på Hjelmeland

Laurdag 26. september reiste me med seks lag til Hjelmeland for å prøva oss på Rogaland Sparebankcup. Det er mange år sidan me har hatt med lag her.
Cupen er for 6-11-åringar, men me fekk med oss nokre 12-åringar også. Laga me stilte med var:
- G6 3’ar-lag med seks jenter og gutar frå 1. klasse som spelte sin første cup og kamp etter at dei starta opp med trening i haust.
- J8 5’ar-lag med fem jenter frå 2.-3. klasse.
- G8 5’ar-lag med seks gutar frå 2.-3. klasse.
- G9 5’ar-lag med fem gutar frå 4. klasse.
- J10 7’ar-lag med åtte jenter frå 5.-7. klasse.
- G11 7’ar-lag med ti gutar frå 5.-7. klasse.
Etterlengta 3-poengar for J13!

Etter ein vårsesong kor det meste tippa vår veg, har me i haust fått kjenna på annan motstand. Før dagens kamp mot Bremnes mangla me ein 3-poengar, og jentene var spent på kven som stod på motsatt side når me i dag skulle heilt til Bømlo!
Inn mot kampane prøver me likevel å ha fokus på dei grunnleggjande tinga me øver på både på trening og i kamp, og sjølv om kampane så langt ikkje har bikka vår veg, har det vore tette kampar. Dei første fem minutta i dag blei nokså rufsete før kampen fekk sett seg, og etter det var det Suldalsjentene som stort sett hadde grepet om kampen. Likevel kom det nokre farlege gjennomspel frå heimelaget sin høgre midtbane, som overraska oss litt og som me ikkje greidde å liggja i førekant på. Likevel blei dette stort sett greitt for forsvaret å plukka og det blei aldri dei store sjansane til heimelaget her. Jentene våre på sin side stod høgt og hadde mange spel fram mot motstandarane sitt mål. Når me då tek løpa og følgjer opp, kan det ofte bli farlege sjansar, og med berre få minutt i mellom fekk me to neste like mål frå litt skrå vinkel. Og slik var ståa til pause. Med forrige heimekamp friskt i minnet og med litt for stort mellomrom mellom forsvar og midtbane i første omgang, var likevel ikkje trenarane trygge. Me fekk brukt pausen godt, teikna og forklart med småstein og fekk lukka gapet mellom ledda i andre omgang, og ikkje minst fylt på med to nye mål. (Eg må setja i parentes at me nok helst skulle hatt endå betre utteljing på mål når ein ser på antal sjansar, men det får stå i parentesen i dag). Heimelaget sin største sjanse var eit frispark like utanfor keeperfeltet tidleg i andre omgang, men denne gjekk rett over mål. I tillegg hadde vår keeper snusen på retninga, så det blei ikkje noko hjartehopp. Suldalsjentene gjorde altså jobben og fekk ein etterlengta og velfortent seier!
Suldalscupen 2026

Det var mange som kikka ekstra på Yr.no i dagane før cupen på Kjølvikstølen laurdag 19. september, for varselet var til tider ille!
Kl 8:30 møtte dei første opp, miniknott og lilleputt skulle først til pers. Me var akkurat i gong med å setta opp telta då vatnet plutseleg datt ned frå himmelen! Dette kunne bli interessant. Arrangørane frå Haugil IL var nok litt uroa for grasmatta og korleis dette skulle gå.
Men då dommarane bles i gong dei førsta kampane, slutta regnet, og det haldt seg vekke i alle fall så lenge miniknott, knott og lilleputt spelte. Det var ungdommane som fekk det vått i dei siste kampane sine. Alt i alt må ein seia ein var heldig med veret likevel. Grasbanen fekk rett nok køyrt seg, og spesielt lilleputtane blei tunge i beina mot slutten
Suldal IL stilte med to lag i miniknott, fire i knott, tre i lilleputt og eitt i ungdomsklassen. Totalt 85 spelarar i gult og svart.
read more…Endeleg er Balanseparken i Prestavikjo open!
Endeleg kan me seia det – Balanseparken i Prestavikjo er open! 🎉
Dette har vore eit prosjekt med utruleg mange flinke folk i sving, og me i Suldal IL er skikkeleg stolte av resultatet. Mange dugnadsfolk har lagt ned ein stor innsats for å få parken på plass, og utan denne fantastiske dugnadsånda hadde me ikkje vore der me er i dag.
Måndag 17. august vart dei siste detaljane monterte på parken. Tysdag 18. august var det planleggingsdag i barnehagen, og me bestemte oss difor for å laga ei litt spontan «pop-up»-opning klokka 12.00. Opninga vart berre lagt ut dagen før, så me visste ikkje heilt kva me kunne venta oss.
Men for ein respons! 🤩
Rundt 100 personar møtte opp for å vera med på opninga. Det er rett og slett heilt utruleg når ein tenkjer på at arrangementet berre vart annonsert dagen før. Det viser verkeleg kor mykje engasjement og interesse det er for aktivitetstilbodet i Suldal.
Ein ekstra stor takk må rettast til BG Suldal, som stod for grunnarbeidet i forkant av monteringa. Dei lånte også ut maskin til arbeidet med tilbakefylling, medan maskinføraren stilte opp på dugnad. Tilbakefylling og montering av modular og utstyr vart gjort på dugnad. Tusen takk til alle som stilte opp og bidrog med ein kjempeinnsats!
Me vil også rette ein stor takk til Statkraft, som lét oss lagra utstyret vårt hos dei fram til me fekk eige lagerbygg å oppbevara det i. Det har vore til stor hjelp for oss gjennom prosjektet. Tusen takk for at de stilte opp og hjelpte oss undervegs!
Bakka Industri Mek bidrog med flytting av modulane og monteringshjelp til balanseparken. Tusen takk for hjelpa og for at de stilte opp!
Sjølve Balanseparken er levert av Uniqa AS. Dei har vore svært gode å samarbeida med og har vist stor støtte og fleksibilitet undervegs. Me er svært nøgde med både samarbeidet og resultatet.
Det står framleis att litt arbeid før alt er heilt ferdig. Lys skal monterast av Ryfylke Elektro AS, og dette kjem på plass så snart det er klart. 💡
No håpar me at Balanseparken blir ein kjekk og mykje brukt møteplass for små og store, og at mange får glede av å klatra, balansera, leika og utfordra seg sjølve.
Tusen takk til alle som har bidrege – dette er dugnadsånd på sitt beste! 🙌

Opningsdagen – 18. august 2026.

Minst tre lastebilar med utstyr gjekk med til prosjektet.

Mykje og stort utstyr krev god lagerplass.


Endeleg er utstyret på veg frå lageret og klart for montering. Bakka Industri Mek stilte opp.

Grunnarbeidet er utført av BG Suldal, og dugnadsgjengen er godt i gang med å setja saman og skru fast modulane..

Oppi tønnene blir det fylt med betong.




Asfalt rundt gummidekket skal gi ein finare og meir solid finish.



Me var spente på korleis dei skulle få laga mønsteret i toppdekket som var lagt inn.



Gutane frå Lindeland Maskin er godt i gang med å leggja det gule topplaget.


Tom Gardsteig tok den siste finpussen før opninga.

Pop-up-opning med pop-up-kiosk.
G13 og J14(15) på Sørcup

Sommarferien kom brått på enkelte i år. Om det er Sør-cup eller skuleruta i Ryfylke som er ute av synk, veit eg ikkje, men det blei to dagar tidlegare ferie på nokre 12, 13, 14 og 15-åringar i år.
Suldalsgutane- og jentene sendte i år tre lag til cupen i Kristiansand. G13-gruppa hadde to lag med spelarar på 12- og 13 år. Desse spelar til vanleg saman på G13 i serien, nå blei dei blanda til to 7’ar-lag. Jentelaget vårt er laget som spelar i J15-serien. Med litt dispensasjonar fekk me delta i J14-klassen. J15-klassen i Sørcup er 11’ar-lag, og det er me ikkje nok spelarar til. Jentene fekk dermed stilla med 9’ar-lag i 14-årsklassen. Jentene på dette laget er 14 og 15 år. Til saman blei det 15 gutar og 11 jenter på cup.
Fredagen la me drittvêret bak oss, og over Hovden kom sol og varmegrader. Begge laga blei innkvartert på same skule, slik at me fekk sosialisert oss på tvers av både alder og kjønn.
Bilde og video heilt i botn av innlegget når de klikkar dykk inn på artikkelen.
read more…Utmerkingar for framifrå idrettsprestasjonar
Suldal Idrettslag har også i året 2025 vist godt igjen.
Suldal IL er heldige som har så mange dyktige og dedikerte utøvarar. Resultata i 2025 viser at det vert lagt ned mykje arbeid av både utøvarar, trenarar og føresette gjennom heile året. At fleire av våre løparar hevdar seg både på krets- og nasjonalt nivå, er noko heile idrettslaget kan vere stolte av.
Fleire utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til utmerking for framifrå idrettsprestasjonar. Utmerkinga kan berre tildelast éin gong i kvar klasse.
Thomas Bakka, Simon Bakka og Jone Gjuvsland har alle motteke utmerkinga tidlegare i sine klassar, og vert difor ikkje tildelte ny utmerking sjølv om dei på nytt oppnår resultat som kvalifiserer.
Thomas Bakka
Thomas har levert sterke resultat på nasjonalt nivå gjennom sesongen. Han oppnådde topp 20-plasseringar i norgescup- og NM-renn:
- 15. plass på 10 km klassisk under Norgescupen i Molde
- 16. plass på 3,75 km klassisk under Norgescupen på Gjøvik
- 16. plass på 15 km klassisk under NM Junior på Lygna
Simon Bakka
Simon har hatt ein sterk sesong med fleire gode resultat:
- 7. plass i sprint fristil under Hovudlandsrennet
- Krinsmeister i sprintstafett under KM på Sandrip saman med Daniel Bakka
Jone Gjuvsland
Jone har igjen vist at han høyrer til blant dei beste i sin årsklasse:
- Krinsmeister i klassisk distanse på Brokke
- Krinsmeister i fristil under SI-rennet på Sandrip
- Krinsmeister i rulleski under KM på Sandrip
- 10. plass i fristil under Ungdommens Holmenkollrenn
- 17. plass i klassisk under Ungdommens Holmenkollrenn
Daniel Bakka
Så har me årets mottakar av utmerking for framifrå idrettsprestasjon, som òg har hatt ein god sesong.
Daniel Bakka får utmerking for framifrå idrettsprestasjon i 2025.
Årsmøtet i Suldal IL grunngir tildelinga med at Daniel Bakka:
- Vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets på Vindbjartmixen, KM sprintstafett på Sandrip
Me gratulerer Daniel med utmerkinga og alle utøvarane med ein flott sesong.

Gruppeleiar for ski, Arvid Laugaland, overleverte utmerkinga til Daniel Bakka.
Sparebanken Norge slår på stortromma – igjen! Kr 400.000 til Prosjekt Prestavikjo!

Sparebanken Norge hadde i går ein ny runde med tildelingar til gode formål i Suldal, nesten 1,2 million kroner delte dei ut på kaien på Sand, og 1/3 av desse midlane gjekk til Prestavikjo.
Desse midlane gjer at me kan gå i gong med asfaltering av Nordre sving og få på plass etterlengta ballfangarnett, padeltennis og fleirbruksbane. Det er ikkje til å legga skjul på at pris på grunnarbeid og asfaltprisar er usikre og stadig endrande tal. Det hjalp ikkje på asfaltprisane at det blei blokkade i Hormuzstredet. Tilskotet frå Sparebanken Norge var gull verd og kom i akkurat rett tidspunkt. Hans Olav frå banken kom med den gode meldinga ti minutt før me skulle setta oss ned og sjå på økonomien i prosjektet, så det blei eit lystig møte, og eit kortare møte enn me hadde sett føre oss.
Med denne gåva har nå Sparebanken Norge gitt heile 1,4 million til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!». Det er heilt fantastisk, og me er kjempeglade for å ha ein så solid støttepartnar. Det er også veldig kjekt at også mange andre i kommunen nyt godt av deira støtte. Vår gode nabo og samarbeidspartnar Suldal Samfunnshus fekk også 100.000 til energitiltak, noko me applauderer! Fleire andre i bygda, og totalt 18 organisasjonar i kommunen naut godt av gåverunden i vår.
Under ser de alle gåvemottakarane, og de kan lesa meir i Suldalsposten
Tusen takk nok ein gong!

Gåvesjekken frå SR-Bankstiftinga er på plass!
Som tidlegare meldt, støttar Sparebankstiftinga SR-Bank Prosjekt Prestavikjo med nye kr 100.000,- Desse pengane er øyremerka sandvolleyballbane.
Vibecke Helland frå SR-Bank kom og overrakte det synlege provet på gåva, og bildet blei tatt der sandvolleyballbanen skal komma. Det blir midt i søndre sving, og kanskje er den på plass til neste sommar.
Me takkar igjen for gåva frå banken, det er stas og ha dei med på laget!

6. div: Finnøy – Suldal 1-2
A-laget har nå tre strake bortesigrar og er i flyten. Nå står ein bortekamp mot Lura før tur før me endeleg får sjå laget vårt på heimebane i Prestavikjo i ein tøff kamp mot Hjelmeland laurdag 13. juni kl 13.00.
Det var ulike framkomstmiddel som måtte til for å komma seg til kamp. Ein liten smakebit her:
Denne gong nyttar me oss av eit balansert og godt referat frå Finnøy si lokalavis Øyposten. Klikk deg vidare i saka for og lesa.
read more…









