by Neri Fisketjøn | apr 18, 2014 | A-laget |
Heisann alle fotballvener!
Som nokre av dykk truleg har registrert er det nokre ”gamle” fotball-eldskjeler på Nes som ynskjer å invitere til ”århundrets fotballkamp”. Slaget skal stå mellom Nes – Suldal laurdag 28. juni i Kilen.
På kvelden er det tenkt lystig lag med biletframsyning, quizz, drøs & mimring og god mat. Kven er invitert, svaret er alle som har eller har hatt ei rolle, spelar, trenarar, lagleiarar, etc. i og rundt fotball laget i Suldal og er min. 18 år. (meir…)
by Neri Fisketjøn | sep 12, 2010 | A-laget |

Forfall frå ein del sentrale spelarar gjorde at heimelaget hadde ein noko ”tynn” innbyttarbenk denne regnfulle laurdagen i Vikjo,
men det var ein skjerpa gjeng som hadde godt håp om nok ein 3 poengar denne dagen. Den positive opplevinga frå onsdagskampen måtte ein ta med seg og byggje vidare på. (meir…)
by Neri Fisketjøn | sep 9, 2010 | A-laget |

Christer har funne haustformen!
Laget som Suldal mønstra til denne utsette heimekampen mot Hjelmeland var ei fin blanding med unge spelarar i kombinasjon med rutinerte spelarar i alle ledd.
Tema i garderoben før kampen var fokus og aggressivitet. Me måtte for all del unngå å få mål imot som følgje av at me ikkje var skjerpa nok. (meir…)
by Neri Fisketjøn | jun 13, 2010 | A-laget |

Årets første tap på heimabane.
Alt låg til rette for god fotball i Prestavikjo denne laurdagen, fine speleforhold og Suldal mønstra eit lag der 4 av spelarane hadde spelte førstelagsfotball kvelden før mot Forsand.
Første del av omgangangen var jamnspelt, i det 19 minuttet kom Stavanger med fine kombinasjonar på høgresida og slo ballen inn framom mål, bak vår forsvarsfirer og keeper Ingve Berge kunne ikkje forhindra at det stod 0 – 1 i målprotokollen. (meir…)