by Øyvind Halgunset | mai 9, 2015 | A-laget, Fotball |
Etter 2 knepne heimetap, mot Vaulen 2 og Forus, vippa resultatet endeleg Suldal sin veg. Men det såg lenge ut til at poenga skulle havne i Stavanger også denne gongen. Først det siste kvarteret vakna laget for alvor og fekk etter kvart betaling i form av to skoringar og tre poeng.
(meir…)
by Øyvind Halgunset | apr 11, 2015 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Ein god start på kampen var nok til å sikre ny heimesiger for Suldalsgutane. Denne gongen mot Solid. Karane frå Stord hadde avspark, men det tok likevel mindre enn 10(!) sekund før Suldal tok leiinga! Heimelaget fortsette med presist og aggresivt spel, og fekk løn for strevet med 2-0 etter eit kvarter. Det hadde faktisk ikkje vore noko å seie på om Suldal hadde skora både tre og fire mål i denne perioden. (meir…)
by Øyvind Halgunset | mar 27, 2015 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Det vart poengdeling mellom Suldal og fjorårets hardaste rival om avdelingssigeren, Ølen. Kampen viste at det ikkje er utenkeleg at det også denne sesongen kan bli ein duell mellom desse to laga i toppen av tabellen. Suldal var det førande laget i 1. omgang , medan kampen var meir jamnspelt etter pause. (meir…)
by Øyvind Halgunset | mar 19, 2015 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Nøyaktig ei veke etter siste skikarusell er fotballsesongen i gang for alvor i Suldal. G16-laget tok i mot Sveio i serieopninga torsdag kveld. Og Suldalsgutane er i rute. Sluttresultatet 8-0 seier det meste om ein kamp der Suldal hadde full kontroll frå start til slutt. Og like mykje som alle måla varma spelet Suldal viste. (meir…)
by Øyvind Halgunset | okt 24, 2014 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Suldal høvla over Djerv 1919 i 80 minutt, og ga seg ikkje før det stod 8-1. Bare syltynn teori kan no fråta Suldal sitt 16-års-lag tittelen avdelingsvinnar i 2 divisjon avd 5. Tabellnabo Ølen kan kome opp a poeng med Suldal, men då må dei vinne sin siste kamp mot Falkeid med 20 mål samtidig som Suldal taper med same siffer mot Etne. Når ein veit at Suldal i snitt har sleppt inn 1 mål pr kamp til no i sesongen, treng ein ikkje vere statistikar for å forstå at sannsynet for at det siste skal skje er minimal. (meir…)