by Øyvind Halgunset | okt 22, 2014 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Etter 2 tap og eit uavgjort resultat i bortekampane så langt i haust vart det endeleg tre poeng på framand kunstgras igjen. Suldal cruisa etter kvart inn til ein komfortabel siger og har med det langt på veg sikra seg tredjeplassen i sin avdeling i 2. divisjon. Ein sesong som starta allereie i mars, går dermed etter kvart mot slutten. (meir…)
by Øyvind Halgunset | okt 14, 2014 | Aldersbestemt fotball, Fotball |

Eitt mål av Kentaro mot Falkeid
Det vart ein ny siger til 14-åringane i Prestavikjo måndag. Etter tap og uavgjort borte mot henholdsvis Skjoldar og Djerv 1919 viste Suldalsgutane som vanleg vinnarvilje på heimebane. Ser ein bort frå tapet mot serieleiar Skjoldar i Erfjord har Suldal 7 strake heimesigrar. Kvifor det er så mykje vanskelegare å skrape saman poenga på nordsida av Sandsfjorden er ikkje godt å seie. (meir…)
by Øyvind Halgunset | sep 14, 2014 | A-laget, Fotball |
14-årslaget drog i land ein ny klar heimesiger mot Vard i Erfjord søndag. Medan det i første omgang var relativt jevnt, kanskje med eit lite spelemessig overtak til heimelaget, var det det etter pause aldri tvil om kven som var skarpast. (meir…)
by Øyvind Halgunset | sep 12, 2014 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Av og til er uavgjort som ein siger å rekne. Eitt poeng er tross alt betre

Utslåtte og skuffa suldalsgutar etter at sigeren glapp i siste sekund
enn ingen. Slik kjendes det ikkje denne gongen. Iallfall var det ingen på heimelaget som ga uttrykk for stor glede etter poendelinga mot topplaget Ølen 2 torsdag, sjølv om dei på meisterleg vis snudde kampen frå 0-2 til 3-2. Eit velplassert ølenskot 10 sekund før dommaren bles av kampen, øydela festen.
(meir…)
by Øyvind Halgunset | sep 9, 2014 | Aldersbestemt fotball, Fotball |
Utan 5 av spelarane i første-elveren, deriblant keeper, vart det som venta tøft i bortekampen mot Skjold tysdag kveld. Torjus og Odd Inge
stilte sporty opp som målmann kvar sin omgang, og måtte bare hente ut ein ball kvar ut av nettet.
Skjold tok tidleg leiinga etter forsvarsrot. Men Suldal jobba seg inn i kampen og fekk ei fortent utlikning. Lenge såg det ut til å bli poeng, men eit stykke ut i andre omgang avgjorde heimelaget kampen til sin fordel på eit vakkert langskot. (meir…)