G14: 2 div avd 6: Suldal – Stegaberg : 7 – 1 (5-0)

Etter ein heller svak kamp borte mot Vedavåg onsdag i førre veke (tap 1-4), slo Suldalsgutane hardt tilbake mot Stegaberg. Allereie frå start var det tydeleg at gutane var på hogget, og det gjekk ikkje meir enn eit par minutt før Camilo Schibevaag hadde plassert den første ballen i mål. Sjansar vart produsert på rekke og rad, som regel etter godt spel. (meir…)

6 div avd 2: Suldal –Tjensvoll 7-1 (4-0)

Suldal er tilbake på vinnarsporet! Etter 4 strake tap i serien vart det ein fortent siger mot Tjensvoll. Heimelaget styrte det meste frå første spark på ballen, og tok leiinga før 5 minutt var spelt. Til pause stod det 4-0  etter tidvis tjensvoll_logo1fint spel. Suldal var flinke til å halde ballen i laget, og varierte mellom å angripe på kantane og gjennom midten. Ekstra gledeleg var det at heile 4 av sjansane som vart skapt, resulterte i mål. Det vesle bortelaget hadde å kome med, tok det gode midtstopparparet Wigestrand og Steine seg av. (meir…)

G14: 2 div avd 6: Suldal – Kopervik 3 : 3 – 2 (0-2)

Suldalsgutane G14

Desse Suldalsgutane slo Kopervik etter ei imponerande opphenting.

Siste heimekamp før sommaren vart akkurat så spennande som ein god fotballkamp skal vere. Suldal låg under heilt til 69 av  70 ordinære  minutt var unnagjort. Men ei kampavslutning det lukta svidd av,  med 2 mål i sluttsekunda gjorde at heimelaget kunne la seiersbrølet ljome over Prestavikjo etter kampen.

(meir…)

G16: 2 div avd 5: Djerv 1919 3 – Suldal: 2-18 (0-11)

Motstanden vart i skrøpelegaste laget då 16-årslaget tok turen til Haugesund tysdag. Solid forsvarsspel og gode avslutningar tok nokså tidleg motet frå heimelaget sine spelarar, som lurte på kvifor Suldal ikkje spelar i ein divisjon høgare. Men forskjellen på 1. og 2. divisjon er tydelegvis stor. Medan Suldal berre skora 25 mål på 16 kampar i fjorårets 1. divisjon, har laget denne sesongen bøtta inn 10 mål i snitt per kamp. Dermed vil nok heimesiger gi svært låge odds når botnlaget Nedstrand kjem på besøk til Prestavikjo tysdag 3. juni.

Mål: Sander Deilkås: 9, Tom Wærnes: 4, Gjøran Torin Våge: 2, Torjus Steine: 1, Glenn Søraas: 1, Peterson Tijhuis: 1