by Tor Olav Berge | mai 3, 2022 | A-laget, Fotball |
Endelig er sesongen i gang og fotballen rulle igjen. For Suldal var dette sesongens andre kamp, mens det for dagens heimelag, POL var den første kampen for sesongen. Kampen vart spelt på Stemmen stadion i Stavanger i nydelig vårvær og fin temperatur. Tradisjon tru var det vind på Stemmen og dette skulle begge lag, spesielt heimelage etterkvart få benytte seg av. (meir…)
by Tor Olav Berge | jan 29, 2022 | A-laget, Fotball |
Fredag 28 januar 2022 var det duka for eit frå gammalt klassisk oppgjer mellom MIL og Suldal på det flotte idrettsanlegget til Midtbygdens IL. Laget som vert trena av sandsbu Knut Foldøy har satsa tungt over fleire sesonger og har vore oppe i 4 divisjon fleire sesonger. Likevel skal dei ta fatt på ny sesong i 5 div men med fokus på opprykk etter 2 plass i pulje si i fjorårets sesong. (meir…)
by Tor Olav Berge | okt 11, 2021 | A-laget, Fotball |
Hausluftå og dei gulbrune bladene på buskar og tre vitna om at fotballsesongen gjekk mot slutten laurdagen i oktober. Suldal sine beste menn skulle til
dyst for aller siste gong i denne korte, men flotte sesongen i 2021. Laget som denne gong skulle vera motstandar var Brodd 3 på ein bane som er for liten for 11-fotball. Me har hatt fleire kampar opp gjennom åra på denne banen med blanda hell. (meir…)
by Tor Olav Berge | sep 17, 2021 | A-laget, Fotball |

Lite å hoppa i veret av for trenaren i denne kampen.
Den løken som fant opp sitatet «tap og vinn med samme sinn» kan ikkje ha brydd seg mykje om idrett og i alle fall ikkje 6 divisjons fotball.
For det er kjipt å var aktiv å være med på tap, det er kjipt å sjå når laget taper og det er vanvittig kjipt å skrive om ett tap. Likevel må eg prøve å få ned nokre ord som kanskje kan gi litt forklaring bak tapet. Nokre få lyspunkt fant ein også. (meir…)
by Tor Olav Berge | sep 4, 2021 | A-laget, Fotball |
Det var tydeleg at hausten banka på døra denne tidleg septemberdagen. Dei oppmøtte på tribunen hadde heldigvis kledd seg godt for det var lite som varma i været eller spelet til Suldal i første omgang.
Suldal kom frå to strålande heimekampar med 6-1 siger mot Storhaug og 5-1 siger mot POL, og skulle denne fredagskvelden måle krefter mot SIF 2 (Stavanger idrettsforening). Suldal stod med seks poeng før denne kampen, mens SIF 2 hadde fått med seg 3 poeng så langt i sesongen. Det er alltid litt uforutsigbart mot desse 2 er laga med tanke på kven de stiller med. Til og med 4 divisjon kan motstandar stille med heile 5 benytta spelerar frå sist kamp. Mot Staal 2 kunne dei benytte opptil 5 spelerar frå benken, benytta eller ei frå siste kampen til A laget i 3 div.
(meir…)