by Tor Olav Berge | aug 13, 2021 | A-laget, Fotball, Ymse |
Endeleg var den tilbake, fotballen. Det har vore nesten to år utan svette, seine taklingar og mottak i verdensklasse. For ein som har levd med fotballen i Suldal stort sett heile livet har dette vore ei tid der det beste mangla. Endeleg rulla an igjen, fotballen i 6 divisjon. (meir…)
by Tor Olav Berge | sep 28, 2019 | A-laget, Fotball |

Fine forhold for fotball på Storhaug denne haustkvelden
Om ein les terminlista for Suldal sitt A-lag vil ein finne ut at kampen mot Brodd 3 denne fredagen seint i september var den siste bortekampen for sesongen. Etter denne kampen venta det tre heimekampar mot Hundvåg 2 og oppryksrivalane våre Paradis og POL. Tre ultraviktige kampar der me sjøl kan avgjer kva divisjon Suldal befinn seg i når ballen rullar i gong for sesongen 2020. (meir…)
by Tor Olav Berge | sep 1, 2019 | A-laget, Fotball |
Kampen, Storhaug-Suldal er etter kvart blitt ein gjenganger i fleire år. Dette er eit lag som dei siste åra har vore opp og ned mellom 5 og 6 divisjon. Dette året har det likevel gått i motbakke for dei raude bygutane. Eit inntrykk underteikna har av dette laget etter å ha spelt mot og sett Storhaug fleire gonger er at dei spelar fin fotball, er fair og gode. Etter kampen på Midjord denne fredagen i august har dette biletet endra seg betraktelig. Makan til tregt, klagete og stygtspelande lag er det heldigvis ikkje ofte me møter i pulja vår. (meir…)
by Tor Olav Berge | jun 27, 2019 | A-laget, Fotball |

POL og Suldal var begge to av fleire lag på 15 poeng før denne laurdagskampen på Stemmen kunstgras på Tasta. Kun Paradis, som Suldal slo helga før hadde fleire poeng før 6 divisjon avdeling 3 tok ferie. (meir…)
by Tor Olav Berge | jun 18, 2019 | A-laget, Fotball |

Suldal sine beste menn har åpna sesongen ganske greit og låg seks poeng bak topplaget og denne fredagens motstander, Paradis.
Paradis er eit lag som hadde sin spede begynnelse på Storhaug i Stavanger for nokre år sidan. Suldal har møtt dette laget fleire gonger både i 5 og 6 divisjon der bylaget har hatt eit grep om oss bygdagutar, med få unntak. Kveldens heimelag spela i 5 divisjon 17/18 sesongen, men måtte ta den tunge vegen ned i 6 divisjon etter litt skral poengfangst. Denne sesongen har dei derimot imponert og hadde før kampen mot Suldal kun tapt ein kamp. (meir…)