6. div: Suldal – Hundvåg 2 4-1 (1-0)

Endeleg heimekamp igjen! Avlyste og utsette kampar har gjort at det er lenge sidan det har vore a-lagskamp i Prestavikjo. Nå var det endelg tid for det. Hundvåg 2 tok turen.

Etter ein tøff bortekamp mot Hjelmeland tidlegare i veka, var det eit tent heimelag som var klar for å spela seg til tre poeng på heimebane, ikkje berre få poenga på walk over.

Det var tydeleg at dette var ein kamp som suldalsspelarane ville vinna. Dei trykte godt til i duellar, kom rundt på kantene og fekk fine innlegg. Ofte var det marginar som gjorde at det ikkje blei mål. Bakover var det god kontroll på det meste. Det var derfor fortent då Suldal tok leiinga fem minutt før pause. At sjølve målet var billeg, får så vera. Ein hundvågspelar sleiva med pasningen på eigen banehalvdel. Ballen kom til Jone Utbjoa, som heilt upressa kunne avansera eit par meter og så brenna ballen i mål i motsett hjørne frå om lag 18 meter. Eit flott skot, og godt å gå til pause med leiing.

Jone Utbjoa skårar sikkert på straffe mot Hundvåg 2. 2-0.

(meir…)

6. div: Hjelmeland – Suldal 6-0

Hat-trick for Even Østensen mot Suldal. Her i Viking-drakt. Foto: Aftenposten.

Det har ofte gått godt mot Hjelmeland, men det har og blitt nokre stygge smellar. Denne gong var det i grunn feige lag.

Når lagoppstillinga til heimelaget viser

  • Even Østensen, oppført med 173 mål og mange kampar for Viking og Staal Jørpeland.
  • Sigve Kleppa Christiensen, 257 kampar for Staal Jørpeland og VIdar
  • Tarald Hagalid, mange kampar for Donn og Staal Jørpeland.
  • Magnus B. Mæland, keeper Staal Jørpeland,

så blir det vanskeleg for ein gjeng 6. divisjonsspelarar å nå heilt opp. Er det tre spelarar ute på banen med eit høgare nivå enn resten, så kan dei få til ein god del. Sånn er det. Dette Hjelmelandslaget med desse spelarane høyrer til ein divisjon høgare opp.

Kampfakta finn de på fotball.no

Laget:

Treningstider Vinjar gymsal haust 2025

Her er treningstidene for gymsalen i haust. Om nokon ønskjer endringar eller ny treningstid, ta kontakt med Jon.

Det er fleire som ønskjer å ha bursdagsfeiring i gymsalen. Det er nok meir ledig enn det ser ut til på planen. Når det er vanleg ver, altså ikkje ekstremt med nedbør eller vind, så er all fotballtrening ute. Om vinteren er dei fleste ute så sant det er greie treningstilhøve på kunstgraset. Skigruppa er nok heller ikkje inne når det er fint å gå på ski i heio. Ta kontakt med skulen eller Jon om ein ønskjer å låna salen, så ser me om det er ledig.

Legg merke til Fitness Tae-bo. Dette er for begge kjønn og forbetrar den generelle, fysiske formen i stor grad. Tae-bo står for taekondo og boksing. Les gjerne meir på Tae Bo – Wikipedia.

Det skal alltid vera ein ansvarleg over 18 år til stades på alle aktivitetar i gymsalen. Pass på at ein sjekkar alle dører i sal, garderobe og foajè før ein låser og legg nøkkelen i nøkkelboksen.