by Jon Bråtveit | okt 12, 2022 | A-laget |

Tore blei årets spelar for tredje gong. Her bilde frå sist gong i 2009-2010!
Sesongen 2022 er over for a-laget i 6. divisjon.
Det enda med 6. plass, eitt poeng bak laga på 4. og 5. plass. Ei lita oppsummering av sesongen finn ein på slutten av kampreferatet frå siste kamp: Suldal – Hjelmeland.Suldal – Hjelmeland.
Etter kampen var det samling på Båthuset på Sand med fotball på TV, pizza, quiz og utdeling, før Sjøhuset stod for tur for mange. Soleklar quizvinnar blei Ørjan Underbakke, han var best både i 6. divisjonsquiz og Premier League. Ein pose med bamsemums blei premien.
Åtte personar fekk heider og ære. Desse var: (meir…)
by Jon Bråtveit | okt 9, 2022 | A-laget |

Toppskårar for tredje sesong på rad: Tore Bendiksen Søraas. Fire mål i dag, 13 totalt.
Aldri har det vore så godt med revansje som i dag!
Det var to ting som gjorde lokalderbyet spesielt interessant i dag: Me hadde behov for revansje etter den grusomme 2. omgangen me hadde i bortekampen mot Hjelemeland, og Hjelmeland måtte ha poeng for å unngå sisteplassen og nedrykk. Me vil jo helst ha Hjelmeland i same divisjon som oss, men etter den audmjukinga me opplevde i år, var det ingen nåde. Så pleier det jo ofte bli slik at ein får behalda plassen i divisjonen sjølv om ein rykkar ned. Så forhåpentlegvis møtest me igjen neste år.
Hjelmeland var klar for å kjempa for plassen sin. Det gjekk vel om lag 18 sekund før dei slo ein lang ball i vårt bakrom. Spissen gjorde ingen feil, og 0-1 var eit faktum. Rett etter var dei gjennom nok ein gong, men då fekk me avverga. Så kom me meir med og fekk spelt ballen slik me ønskjer. Spesielt farleg vart Sander Deilkås, tilbake i Suldalsdrakt etter mange år vekke. Ved fleire høve fekk han gjennomspel og kom seg inn i boksen. Ein gong var ein god hjelmelandskeeper raskt nede og avverga, neste gong blei han takla og dommaren bles straffe. Straffen sette kaptein Jone Utbjoa trygt i mål, og me var tilbake til start. (meir…)
by Jon Bråtveit | okt 5, 2022 | Fotball |

Miniknott Suldal IL 2022 og grasrottrenarane.
Tre måndagar i september har me fått besøk av G14-trenar og spelarutviklar Espen Elvemo frå FK Haugesund til å leia oss gjennom Grasrottrenarkurs del 1.
Grasrottrenarkursa er første steg på trenarutdanninga som kan leia til fullt utdanna trenar på UEFA-nivå. Grasrottrenar rettar seg mot klubbtrenarar på barne- og ungdomsnivå, og er bygd opp av fire kursrekker på tre økter.
Del 1, som me nå har gjennomført, har retta seg mot dei yngste barna, og då var det naturleg at me fekk prøvd oss i praksis på å rettleia og trena miniknottlaga til Suldal IL i desse øktene. Spelarane opplevde at det var nesten like mange trenarar som spelarar på desse øktene, og fekk tett oppfølging. Dei viste stor innsats og gode ferdigheiter. Eit av dei viktigaste prinsippa var aktivitetsprinsippet, at det skal vera minimalt med dødtid. Her var kvart sekund på trening dyrbart og skulle nyttast til aktivitet med ball! Tilløp til dødtid blei lagt godt merke til av kursleiar, og gav alle noko å tenkja på i sin trenarkvardag. (meir…)
by Jon Bråtveit | sep 16, 2022 | Aldersbestemt fotball |

Ungdomsskulelaget vann Suldalscupen!
Sist laurdag arrangerte Jelsa IL Suldalscupen, og denne gong kunne me reisa frå grasbanen utan gjørme på draktene; veret var på fotballen si side!
Flott arrangement av Jelsa, kompakt både i tid og areal, og full kontroll frå sekretariatet. Suldal IL kan klappa seg på skuldra med å bidra til arrangementet med to av våre supre dommarar: Ella Tjøstheim og Lina Indrebø. Dei er fantastiske ambassadørar for klubben vår!
Gode ambassadørar er også alle spelarane, lagleiarane og foreldre/besteforeldre som troppar opp og støttar spelarar og lag. Det var god stemning, og mykje god prat mens ein såg på kampane.
(meir…)
by Jon Bråtveit | sep 12, 2022 | Ymse |
Fotballsesongen er snart slutt, men eg har fått inn nokre ønskje om bestillingar. Me tek derfor ein ny runde på bestilling av treningsklede for medlemmer i Suldal IL. Bestillinga blir sendt 19. sept.
Det vil alltid vera høve til å bestilla treningsklede frå Umbro via Sand Sport. Om ein kjem på ein annan gong at ein skulle hatt eit plagg, så er det berre til å ta kontakt. Me køyrer likevel ei fellesbestilling nå.
Plagga det gjeld er Umbro sine treningsdrakt i svart med gule detaljer, diverse jakkar, t-skjorte. Det kjem til å stå SULDAL IL bak på alle plagg, samt dei tre hovudsponsorane Sparebanken Vest, Statkraft og Haugaland Kraft framme. Me trykker ikkje «Fotball» bak på noko lenger, på same måte som skikolleksjonen ikkje trykker «Ski». Dette er altså for alle medlemmer!
I vår var det eit par storleikar av t-skjortene som ikkje kom, me håpar det er i orden nå.
Dersom nokon har klede der trykket fell av, så leverer ein det inn til Sand Sport. Då trykker dei det som manglar gratis.
Send bestilling til: fotball@suldal-il.no innan 18. september.
Klikk på denne lenkja for å få oversikt: Kolleksjon UMBRO Suldal IL 2022