6. div: Hjelmeland – Suldal 2-2 (0-0)

Det blei uavgjort i siste kamp for a-laget i år, og med det sikra dei 3. plassen i gruppa. Som oppmann Tor Olav seier: Me er best av røkla!

Trenarteamet Ørjan Underbakke og Jone Utbjoa har komme godt ut av den første sesongen med ansvar for a-laget til Suldal. Madla 3 var det lite å gjera med, sjølv om det ikkje var langt i frå at Suldal kneip poeng frå dei på heimebane. Madla har vunne 17 kampar og spelt ein uavgjort. Madla har sitt 2’ar-lag i divisjonen over oss, og kan derfor ikkje rykka opp. Det blir dermed Fisjå som tek turen opp i 5. divisjon. Fisjå er eit lag me meiner me i store deler av kampane mot dei meiner me er nesten like gode som, noko fire jamne kampar mot dei har vist. Men Fiskå har likevel vore jamt over sterkare enn oss i avgjerande situasjonar. På fire kampar dei siste to sesongane har me berre fått eitt poeng mot dei. Å vera litt sterkare over tid viser godt igjen på tabellen, me er 12 poeng bak andreplassen.

(meir…)

Suldal IL på målfest i Haugesund

Sidan Suldal IL er samarbeidsklubb med FK Haugesund, får me av og til tilbod om å delta på kamp, kurs og andre tilstellingar.

Denne helga fekk me tilbod om billettar til 30-årsjubileumskapmen til FKH. Det er 30 år sidan klubbane i Haugesund greidde å slå seg saman for å satsa på eit topplag. Haugar og Djerv 1919 var utgangspunktet for samarbeidet. I går blei dette feira både med fyrverkeri i lufta og på banen. Vanlegvis ville nok fleire enn dei seks ungane som denne gong reiste vore med, men laurdag var det 4H-fest på samfunnshuset som var det viktigaste i bygda.

Dei seks som reiste i suldalsdrakt fekk vera med på flaggborg rundt banen ved innmarsj, og hadde panoramautsikt då med anna den rutinerte stjerna Aleksander Søderlund herja med eit tafatt Aalesundlag. Heile seks mål blei det til heimelaget, som med dette med stort sannsyn sikra plassen i Eliteserien også i år.

I desse dagar er FKH på besøk i Suldal tre onsdagar for å halda trenarkurs for trenarane våre, noko som spelarane våre får god nytte av.

6. div: Suldal – Sørmarkå 4-0 (3-0)

5. beste spelar i 6. divisjon 2021: Tore Bendiksen Søraas. Beste spelar i Suldal 2022.

Siste heimekamp for i år, og berre såvidt det blei kamp. Sterk vind og lite spelarar på begge lag, men det blei nå i alle fall spelt.

Vinden herjar for tida, og Sørmarkå var noko bekymra for om dei kom seg heim igjen. Hjemlelandsferga var innstilt mellom kl 14-17.30, men det ser ut til at det blir opna igjen akkurat mens dette blir skrive. Då satsar me på at motstandarane kjem seg heim til skjepeleg tid.

Det skulle bli eit lite antiklimaks av ein kamp. Sørmarkå hadde kun ni spelarar, men var sporty og stilte opp. Dermed blei kampen stort sett spelt på ein banehalvdel. Begge lag forstod nok at det var om å gjera for gjestene å begrensa tapet.

Suldal gjekk raskt opp i leiinga. Etter om lag 8 minutt svinga Øystein Nærheim eit innlegg på bakre stolpe. Der venta sjølvsagt goalgetter Tore Bendiksen Søraas og sette ballen i mål.

(meir…)

Prestavikjo pumptrack er open!

Bris i Sauda står for lay-out av plakat som kjem.

Første element i nærmiljøanlegget i Prestavikjo blir opna for bruk i dag! Det er klart for hopp og sprett på hjul, og kanskje litt knall og fall?

I ein pumptrackbane skal du komma deg framover i ei kupert og dosert løype ved å «pumpa» deg framover på sykkel, sparkesykkel, rullebrett, rulleski eller liknande. Ein skal altså ta med seg farten ein får nedover til å komma seg opp neste kneik.

Det er Trailhead Nesbyen som har bygd Prestavikjo pumptrack på oppdrag frå Uniqa. BG Suldal, med Steinar bak spakene i gravemaskina, har stått for grunnarbeid og hjulpe Trailhead med oppbygginga av banen. Dei siste dagane har NCC asfaltert løypa.

Pumptrackar blir bygde opp noko ulikt. Nokre plasser er det berre grus, andre plassar blir alt asfaltert, også skråningar. I vår pumptrack er det berre asfaltert der det er naturleg at ein brukar banen. Sidekantar og midtfelt i grus vil få eit dekke av eitt eller anna slag etter kvart. Me reknar med at folk ikkje klatrar og syklar der det ikkje er asfalt.

Det går også an å nytta pumptracken med til dømes radiostyrte bilar. Det som ikkje skal vera på banen er mopedar og liknande.

Me håpar at pumptracken vil falla i smak, at ein er forsiktig og viser hensyn, og utviklar røynslene sine etter kvart. Her skal vera utfordringar frå nybegynnarar til vidarekomne. HUGS HJELM.

Norsk Stein gir gratis massar til Prestavikjo!

Det er mange tonn med grus, pukk og singel som skal til for å få godt underlag til alt som skal byggast i Prestavikjo. Totalt for heile prosjektet er det snakk om 2-3000 tonn av ulike fraksjonar. At me får dette gratis hjelper godt på prosjektet!

Verdien av denne gåva veit me ikkje før heile prosjektet er over, men at det er snakk om eit betydeleg beløp er det ikkje tvil om. Norsk Stein har tidlegare løyvd kontantgåve på kr 20.000,-, så dette kjem i tillegg.

I haust er det ikkje snakk om så store mengder, men neste haust reknar og håpar me på at det er vesentleg meir som skal inn når me skal til med asfaltering til rulleski og underlag til andre aktivitetsanlegg som skal på plass.

Tusen takk for gåva!