I tett snøvêr og med stor innsats, brøyta skiløparane seg fram under skikarusellen i kveld. Det var stort sett greitt å smørje, men skispora som stod beine og fine fram til klokka fem, forsvann litt etter litt utover kvelden. Likevel var det ingen sure miner å sjå, og arrangementet, som Hjelmeland IL igjen hadde ei stødig hand på, gjekk godt.
Nå står det att eitt karusellrenn, 23. mars, og då ventar premieutdelinga for årets Telenorkarusell.
Her er resultatlista frå dei som gjekk på tid i kveld:
Lysløypa ligg klar til ny karusell og det er meldt skikkeleg vintravêr med 3- 4 minusgrader og kanskje litt nysnø. Rennet går i klassisk stil og det er Hjelmeland IL som er arrangør også denne kvelden. Start frå kl 17 for aspirantar og trimmarar medan dei som går på tid startar frå kl 18. Kle deg godt og bli med ny skikveld 🙂
Sjølv om me har hatt nokre dagar med mildvêr og regn er det klart for 2. skikarusell i vinter.
Dette rennet går i fristil og som før startar aspirantar og trimmarar frå kl. 17. medan dei som går på tid skal starte frå kl. 18. Det er Hjelmeland IL som er arrangør og forutan skirenn blir det kiosk og varmestove slik som det skal vere. Vêrmeldinga er bra og dei lovar opphaldsver og rundt 2 grader.
Første helga i februar reiste seks ivrige skiløparar frå Suldal IL til Oslo for å delta i Ungdommens Holmenkollrenn. Dette er dei største skirenna i Norge for 13 og 14-åringar og totalt deltek bortimot 700 spreke ungdommar frå heile Norge.
Fem av ungdommane som gjekk Ungdommens Holmenkollrenn. Pluss eit par eldre søsken i støtteapparatet.
Mange av dei eldste hadde vore med eit år tidlegare medan det for 13-åringane var første gong. Det er stas, men òg veldig spennande å komme til Holmenkollen. Alt er stort og stadion er slik ein ser på TV. «Mon tru om eg kan greie å gå like fort på ski som alle desse her», tenkte nok fleire, i gang med oppvarming klare til å gi seg i kast med dei harde Kollen-løypene.