by Per Even Tjøstheim | mar 1, 2022 | Resultatlister, Ski |

Thomas Bakka
25. -27. februar stod Hovedlandsrennet 2022 for tur for dei lokale løparane Thomas Bakka, Mathea Vik og Ella Tjøstheim. Gjennom tre konkurransar fekk dei måla krefter i skisporet med 800 andre ungdommar frå heile landet.
Hovedlandsrennet er uoffisielt noregsmeisterskap for 15 og 16 åringar kor om lag 200 løparar stiller til start i kvar klasse. Dette året var renna lagde til Holmenkollen og det blei konkurrert i klassisk distanse på fredagen, sprint fristil laurdagen og stafett på søndagen. Med så mange løparar blir det kamp om plasseringane og ein skal vera både dyktig, treffe med form og unngå uhell om ein skal ein oppnå gode plasseringar. Agder Rogaland skikrets hadde felles opplegg med både støtteapparat, smørjeteam og overnatting.
I distanserennet var Mathea og Ella først ute i klasse jenter 15 år. Mathea gjekk inn til ein flott 40. plass, medan Ella sette stor fart frå start og tok ein solid 14. plass, kun 30 sek. opp til pallen. Thomas gjekk sitt beste løp for sesongen og kom inn til 49. plass i ein veldig jamn og stor klasse. (meir…)
by Per Even Tjøstheim | feb 21, 2022 | Ski |
Resultatliste frå renn 2:
resultatliste renn 2
Tysdag er det igjen klart for skikarusell og denne gongen er det Hjelmeland IL som er arrangør. Start frå kl. 17.00 for aspirantar og trim, medan klassane med tidtaking byrjar kl. 18. Det blir kiosk og varmestove!
Stilarten denne gong er fristil.
Om du ikkje fekk meldt deg på første gongen er det framleis mogleg å bli med, deltaking på tre av fire renn gir premie 🙂
Startliste skikarusell 22. februar 2022

by Per Even Tjøstheim | feb 9, 2022 | Ski |
Suldalsrennet i fristil går i lysløypa på Gullingen laurdag 12. februar kl. 13.00.
Gutar og jenter under 8 år har start kl. 12.30.
Løypelengder:
Gutar og jenter under 8 år (tom. 1. klasse) 500 m på stadion
Gutar og jenter 8 år 1km(2. klasse)
Gutar og jenter 9 og 10 år 1,5km(3.-4. klasse)
Gutar og jenter 11 og 12 år 2km(5.-6. klasse)
Gutar og jenter 13 og 14 år 3km(7.-8. klasse)
Gutar og jenter 15 og 16år, kvinner junior og senior 5 km
Menn junior og senior 10 km
Startkontigent kr. 130 for løparar tom. 16 år og kr. 150,- for junior og kr. 170,- for senior.
Skirennet blir arrangert etter gjeldande smittevernreglar.
Det blir kiosk og varmestove, men krav om munnbind ved område kor ein vanskeleg kan halde minst 1 meters avstand
Ingen garderobe.
Parkering kr. 50,-.
Påmelding gjennom Min idrett innan onsdag 9. februar Registrering òg for støtteapparat/foreldre gjennom min idrett. Info: www.suldal-il.no og Arrangement (skiforbundet.no)
Born under 8 år melder seg på i sekretariatet innan kl 12.00 renndagen og dei betalar ingen startkontigent.