by Per Even Tjøstheim | feb 9, 2022 | Ski |
Suldalsrennet i fristil går i lysløypa på Gullingen laurdag 12. februar kl. 13.00.
Gutar og jenter under 8 år har start kl. 12.30.
Løypelengder:
Gutar og jenter under 8 år (tom. 1. klasse) 500 m på stadion
Gutar og jenter 8 år 1km(2. klasse)
Gutar og jenter 9 og 10 år 1,5km(3.-4. klasse)
Gutar og jenter 11 og 12 år 2km(5.-6. klasse)
Gutar og jenter 13 og 14 år 3km(7.-8. klasse)
Gutar og jenter 15 og 16år, kvinner junior og senior 5 km
Menn junior og senior 10 km
Startkontigent kr. 130 for løparar tom. 16 år og kr. 150,- for junior og kr. 170,- for senior.
Skirennet blir arrangert etter gjeldande smittevernreglar.
Det blir kiosk og varmestove, men krav om munnbind ved område kor ein vanskeleg kan halde minst 1 meters avstand
Ingen garderobe.
Parkering kr. 50,-.
Påmelding gjennom Min idrett innan onsdag 9. februar Registrering òg for støtteapparat/foreldre gjennom min idrett. Info: www.suldal-il.no og Arrangement (skiforbundet.no)
Born under 8 år melder seg på i sekretariatet innan kl 12.00 renndagen og dei betalar ingen startkontigent.
by Per Even Tjøstheim | feb 7, 2022 | Resultatlister, Ski |
På eit skikkeleg nullføre med både snø, regn og opphaldsver, heiv omlag 120 løparar seg i kast med dei velpreparerte løypene i lysløypa ved Mosvatnet. Nokre gjekk trim medan andre blei med i løpet med klokke og tidtakarbrikke.
Med stor iver og innsats, var både store og små glade for at snøen endeleg var komen .
Resultatliste 1. skikarusell 07.02.2022
by Per Even Tjøstheim | feb 7, 2022 | Ski |
Snøen kom og alt ligg til rette for årets første karusellrenn. Trimklasse og aspirantane under skulealder byrjar frå kl. 17 og utover, medan dei første som går på tid byrjar kl 18.
Det er kiosk og varmestove, men hugs avstand og bruk av munnbind i kioskkøen. Det er handsprit og munnbind på staden.
Startliste for dei som går på tid: startliste skikarusell 7. februar 2022
Løypekart
by Per Even Tjøstheim | jan 29, 2022 | Ski |
- karusell måndag 7. februar – klassisk
- karusell tysdag 22. februar – fristil
- karusell onsdag 9. mars – klassisk
- karusell torsdag 24. mars – fristil
Dei under skulealder er aspirantar og går så langt dei vil. Frå 1. klasse kan ein velje om ein vil gå på tid eller om ein vil gå trimklasse utan tidtaking. Det er ikkje rangering for dei under 5. klasse. Premie på siste rennet om ein har delteke på tre løp eller meir. Start frå kl. 17.00 for aspirantar og trim. Start kl. 18.00 for klassar med tidtaking. Viktig å møte opp i god tid på første karusellen.
Påmelding med navn, fødselsår, skuleklasse, idrettslag/grend og klasse (tid eller trim) til ski@suldal-il.no innan fredag 4. februar. Startkontigent kr. 250,- (gjeld for alle 4 renna) betalast på førehand på Vipps til #732424 – Suldal IL.
Hjelmeland IL og Suldal IL
by Per Even Tjøstheim | jan 28, 2022 | Resultatlister, Ski |
Serina Kjetilstad snart klar for sprint
Etter ein førebels rennfattig vinter for dei fleste var det endeleg duka for krinsmeisterskap på Sandrip i Vennesla.Ein god gjeng frå Suldal med 12 løparar pluss støtteapparat reiste i helga til Sørlandet for å prøve seg i konkurransar med resten av langrennsfolket i Agder og Rogaland.
Laurdagen var det fristil distanse som sto på programmet, medan det var klassisk sprint på søndagen. I sol og plussgrader begge dagar, sto suldølen for mykje god skigåing og kjempa hardt i tette duellar. Sprint var nytt for fleire av dei yngste, der ein fekk gå både prolog og heat, og opp til og med 14 år blei to årskull slått saman med både jenter og gutar. Frå og med 15 år, målte ein krefter mot juniorane, men det blei kåra krinsmeisterar i kvar klasse frå og me 13 år. Suldal IL var representert med følgjande løparar: Svein Aksel Tjøstheim i G10, Aksel S. Mehus i G11, Serina Kjetilstad i J11, Simon Bakka G12, Agathe Lunde J12, Daniel Bakka G13, Ingrid Sukka Mehus J13, Malina Fjellstad J13, Vilde Tjøstheim J13, Marte Krogh J14, Thomas Bakka G15 og Ella Tjøstheim J15.
Lagveninnene Malina Hammer, Vilde Tjøstheim og Ingrid Sukka Mehus
Laurdagen kunne Simon Bakka og Ella Tjøstheim ta med seg heim kvar sin 2. plass frå distanserennet. Søndagen skulle det kårast raskaste jenter og gutar, og igjen plukka Suldal med seg gjeve plasseringer. Simon Bakka vann sin klasse, Ella Tjøstheim spurta igjen inn til ein god 2. plass i sin klasse, medan Serina Kjetilstad og Thomas Bakka tok kvar sine flotte 3. plassar.
Turi o. Tjøstheim
Resultat-Gruppe-5 Resultatliste-Gruppe-4 Resultatliste-Gruppe-3 Resultat-Gruppe-2-1 km-fristil-offisiell-resultatliste (meir…)