Protokoll frå styremøte 26.08.20 og 09.12.20
Hei!
Det har vore litt styreaktivitet i løpet av hausthalvåret i fjor for Suldal Idrettslag. Her kjem dei to siste protokollane. God lesing og god helg!
Hei!
Det har vore litt styreaktivitet i løpet av hausthalvåret i fjor for Suldal Idrettslag. Her kjem dei to siste protokollane. God lesing og god helg!
Hei!
Sjå vedlagt årsmelding frå Suldal Idrettslag sitt årsmøte for 2019. Årsmeldinga vart grunna Covid-19 godkjent elektronisk.
Hei!
Sjå lenka under for protokoll frå sist styremøte i Suldal IL.
Protokoll frå styremøte Suldal IL 12.03.20
Elles håpar me medlemma ivaretek helsa på best mogleg vis og tek vare på kvarandre. Held dykk oppdatert på Folkehelseinstituttet sine nettsider, så høyres me når tida er inne for meir aktivitet att.
Grunna koronaviruset og vårt samfunnsansvar for å avgrensa smitten av dette, har styret med undergrupper i Suldal Idrettslag i dag vedteke at all aktivitet i regi av idrettslaget vert avlyst og utsett på ubestemt tid. Dette gjeld og årsmøtet som skulle vore avhalde 26.mars. Det vert heller ikkje høve til å nytta seg av gymsalen i denne perioden.
Suldal Idrettslag kjem tilbake med informasjon om oppstart av aktivitetar og ny dato for årsmøte når dette vert aktuelt. Me oppmodar elles til å følgja med på Folkehelseinstituttet sine heimesider for løpande oppdateringar og anbefalingar når det gjeld viruset;
https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/
Suldal Idrettslag har idag vore i kontakt med kommuneoverlege og smittevernlege i Suldal i samband med koronaviruset. Status per no er at treningar vert gjennomført som normalt, men me vil skjerpa rutiner for handvask før og etter bruk av gymsalen.
Me ber om at ALLE som trenar og oppheld seg i gymsal/foajee vaskar hender etter gjeldande rutine før og etter trening. Det vert og hengt opp plakatar på alle toalett i gymsal/foajee.
handhygiene–handvask-plakat-nynorsk-pdf