Medlemskontingent!

Faktura for medlemskontingent er sendt ut via KlubbAdmin. Me har også i år brukt Norges idrettsforbund sitt system KlubbAdmin (til epostadressa di), slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt.

21. oktober vart det sendt ut faktura for betaling av medlemskontingenten. Me registrerer også i år at ein del medlemmer ikkje har betalt, og håpar sjølvsagt at de ønskjer å vera med videre som medlem.

Oppmodar alle som vil vera medlem om å betala kontingenten, og ved spørsmål ta kontakt med kasserar Elisabeth Steine på kasserar@suldal-il.no eller telefon 454 02 749. Her finn du informasjon om satsane på medlemskontingenten: https://www.suldal-il.no/?page_id=5347

Er du eller ungane dine med på aktiviteter i regi av Suldal IL, men har ikkje motteke varsel om faktura via epost: då ber me om at du tek kontakt slik at me får oppdatert kontaktinformasjonen og medlemslistene våre.

Ved betaling av medlemskontingent trer ulykkesforsikringa i kraft, slik at du er registert når du deltek på aktivitertar.

Ønskjer du å melde deg ut av idrettslaget gjer du det ved å senda epost til kasserar@suldal-il.no

Antal betalande medlemmer dannar også grunnlaget for tilskot til laget.

Ditt medlemskap er viktig!

Trimtex Teamshop for Suldal IL er klar!

No håpar me mange nyttar seg av dette tilbodet, med rabatterte prisar takka vere gode sponsorar. 

Nettbutikken stenger 14.11.2021

med forventa levering i veke 52. Er du rask, kan det hende du får kleda til jul. 

Velg «Logg inn» om du allereie er registrert som brukar på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gong du bestiller.

På mobil må du scrolle litt nedover på sida.

Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: trimtex.no/no/teamshop/suldalski2021

Eller logg inn med aktiveringskode/teamkode: suldalski2021

Du mottek ordrebekrefting når bestilling har gått gjennom.

Anbefalt å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukarar av Internet Explorer kunne oppleve problemer.

Lurt tips! Kjem ein vekk frå klubbsidene, kan ein klikke på klubbnavnet øverst på sida for å komme tilbake. På mobil finn du dette øverst til venstre.

Ved problem med innlogging eller andre henvendingar,  ta kontakt med Trimtex enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.