Bestilling av klede i Trimtex webshop

Det vert høve til bestilling av trenings/skiklede i løpet av neste veke (43) i Trimtex webshop!
Der er som før rabatterte prisar for Suldal IL-medlemmer. Fristen for bestilling er noko kort for levering til jul (innan 7.nov).
Vedlagt link til størrelsesguide. Oppfordrar til å sjekke denne no, slik at de er klare til å bestille så fort linken vert lagt ut i neste veke.
Nytt i år er neongule treningsklede med refleks mtp tryggleik i trafikken.
Alle kleda får no påskrifta «Suldal IL» no, slik at dei skal vere for alle😊
Ta kontakt om de har spørsmål.

Korona- og ildsjelstøtte til drift og utstyr frå Sparebanken vest

Sparebanken vest, ein av våre tre hovudsponsorar, har tildelt 88.000,- i ekstra støtte til drift og utstyr frå Korona- og ildsjelfondet.

Suldal IL fekk i førre veke overrekt dei to synlege bevisa på økonomisk støtte frå Korona- og Ildsjelfondet frå ein av våre viktige hovudsponsorar, Sparebanken vest på Sand.

Støtten er på 50.000,- og 38.000,- og kjem godt med i vårt arbeid med å blant anna leggje til rette for fysisk aktivitet hjå ungar. Også i år gjennomfører me «Allidrettens SFO». Nytt av året er at det er to grupper fordelt på 1.-4.klasse på Vinjar skule. Midlane vil nyttast til drift og investering i utstyr.

Årsmøte 17.03.2021

ÅRSMØTE SULDAL IL

Stad: Gymsalen Vinjar skule

Dato: 17.03.2021

Tid: 19.30

Saker:
Vanlege årsmøtesaker
Tildeling av kulturprisen 2020 frå Suldal kommune

Saker må meldast inn til leiar@suldal-il.no innan 03.03.2021.
Saksliste og -dokument vil bli lagt ut på: www.suldal-il.no.

Me bed, grunna smittevern, om skriftleg påmelding til årsmøte til
leiar@suldal-il.no innan 15. mars.

Tid for betaling av medlemskontingenten

Fakturering av medlemskontingent via KlubbAdmin er nytt av året. Me har brukt Norges idrettsforbund sitt system via KlubbAdmin, slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt.

10. november vart det sendt ut faktura for betaling av medlemskontingenten. Me registrerer at ein del medlemmer ikkje har betalt, og håpar sjølvsagt at de ønskjer å vera med videre som medlem.

Nytt av året er at me har brukt Norges idrettsforbund sitt system via KlubbAdmin, slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt. Dette har gitt nokre utfordringar, men me håpar og trur at alle skal få det til å fungera.

Oppmodar alle som vil vera medlem om å betala kontingenten, og ved spørsmål ta kontakt med kasserar Elisabeth Steine på kasserar@suldal-il.no eller telefon 454 02 749.

Om du vil melde deg inn/ut av idrettslaget gjer du det ved å senda epost til kasserar@suldal-il.no

Ved betaling av medlemskontingent trer ulykkesforsikringa i kraft, slik at du er registert når du deltek på aktivitertar i regi av Suldal IL.

Antal betalande medlemmer dannar også grunnlaget for tilskot til laget.

Ditt medlemskap er viktig!

Stort pengedryss til snødryss i ljosløypa ved Mosvatnet

I kveld kunne ein veldig glad gruppeleiar, Per Even Tjøstheim, få gleda av å motta gåve-sjekken på heile 500.000,- frå Hjelmeland Sparebank.

Banksjef Susanne Poulsen og Odd Magne Hetlelid var dei to budbringarane som kom med pengedrysset som skal bidra til snødryss i ljosløypa ved Mosvatnet.

I desse dagar er ein i ferd med å gjere siste rest av arbeidet med snøproduksjonsanlegget sitt første byggjetrinn. Mangel på nedbør har endelig gjort det mulig å fullføre matevannsgrøfta frå Mosvatnet. Via vassledning frå Mosvatnet skal ein hente nødvendig vasstilførsel til snøkanonene.

Håpet er at ein allereie i vinter skal kunne produsere snø. Dette føreset at installasjonsarbeidet går som planlagt og at været gir oss minst eit par kuldegrader slik at snøen kan dryssa frå kanonene når anlegget står klart. Då vil ein i denne omgang kunna produsere snø på stadionområdet ved Gullinghuset og ut mot 2-kilometeren (for dei som er lokalkjende).