Hamrabørennet 2023

Det vart ein flott dag som vanleg på Kleivane i Hamrabø idag, med strålande sol og påskestemning.

Det er ikkje noko å seie på servicen frå familien Havrevoll; Vegard, Tom, Neri, Torunn og Sveinung når dei skipar til det tradisjonelle skirennet “Hamrabørennet”. Sekkar, ski og deltakarar/publikum vart frakta opp på snøscooter og alpebuss, her er det plass til alle.

Read more: Hamrabørennet 2023

Skirennet er eit samarbeid mellom Hamrabø Skiløype og Suldal IL. Fleire aspirantar og aktive skiløparar frå Suldal IL, Rein IL og Hjelmeland IL stilte til start. Det vart mange gode plasseringar og resultat. Dette er eit godt gamaldags skirenn der alt føregår utandørs. Varm saft etter målgong vart det servert også på Kleivane. Klister, voks og solkrem, flott varmestove for å varme seg i, brettspel og bålpanne var noko at det alle kosa seg med denne flotte søndagen. Kjekt å sjå så mange aktive og glade deltakarar og publikum. På heimturen ned frå Kleivane og til garden i Hamrabø rann nokre på ski medan andre vart frakta ned igjen på alpebussen. Sola skein heile dagen, det vart påskesnø i løypa nedover, og det blei ein del knall og fall og lått og løye på heimveg. Alle var einige om at det var ein flott dag. Tusen takk til gjengen i Hamrabø som tek så godt i mot alle og skipar til dette arrangementet. Om noko er usikker på kor dei skal legga påskeskituren, ta ein tur til Kleivane og test ut dei flotte skiløypene og naturen der oppe.

https://www.suldal-il.no/wp-content/uploads/2023/03/Resultatliste-Hamraborennet-2023.pdf

(meir…)

KM rulleski Sandnes Arena

 

Laurdag 22.oktober vart det arrangert KM på rulleski i Sandnes Arena. Det er eit flott rulleskianlegg. 😊
Mange frå Suldal deltok: Amalie Lunde, Svein Aksel og Vilde Tjøstheim, Serina Litlehamar Kjetilstad, Hanna Lunde Hoftun, Simon og Daniel Bakka, Marte Krogh og Mathea Vik. Pallplassering vart det også for Suldal på KM, Simon Bakka gjekk inn til ein flott 2.plass. Frå 13 år og oppover er det kretsmeisterskap. Det var sonerenn for dei som er 12 år og yngre. Nytt for dei yngste var skicross noko som slo godt ann. Det var mange unge deltakerar.
Team Elon Vest inviterte til samling i forbindelse med KM. Dette var eit tilbod for utøverar som er født i 2007-2010. Ei lærerik og inspirerande samling med besøk av Henrik Ingebrigtsen.
Eit kjekt arrangement og KM i regi av Sandnes IL 😊

(meir…)

Rulleskirenn på Hovden

Laurdag 15.oktober var det rulleskirenn på Hovden. Omlag 100 aktive utøverar stilte til start. Hovden viste seg fram i det flotte haustveret. Sol og ikkje så verst temperatur. Suldølene som tok turen over fjellet var Simon, Daniel og Thomas Bakka, Cecilia og Mathea Vik, Marte Krogh og Hanna og Magnus Lunde Hoftun. Thomas, Mathea og Marte var på HGSu-samling 14. – 16.oktober, og fekk mykje trening og inspirasjon ilag med andre ivrige konkurrentar.
Håpar fleire tek turen på KM neste helg 22.oktober i Sandnes arena 😊

Klikk deg vidare for bilde!

(meir…)