by Kjersti Moe | apr 18, 2025 | Kva skjer framover?, Ski, Ymse |
4.karusellrenn vart avlyst p.g.a snømangel i mars. Me erstattar rennet med eit løp på barmark i Lysløypa.
Set av datoen 8.mai og finn fram joggesko!
Det blir utdeling av premiar for deltaking på Telenorkarusellen.
Kiosk blir det også.
Meir informasjon om løpet, distansar osv. kjem.
Velkommen!
Løpsleiar: Olav B.Berge (95156785)
by Kjersti Moe | mar 21, 2025 | Resultatlister, Ski, Ymse |
Mars vart månaden kor skikarusellen vart avlyst, snøen me venta på aldri kom… Men samstundes fleire renn å delta på likevel, med mellom anna KM, og ikkje minst Norgescup og NM på «heimebane». Her er referat frå skigruppa i mars:
- 27.-30. mars: NM og NC på ski på Hovden og KM i terrengløp:
I år vart NM del 2 senior og NM/Norges Cup-finale(NC) for junior arrangert på Hovden, og dermed i Agder og Rogaland skikrets. På «heimebane» med andre ord. Det vart meldt om VM-stemning på stadion og langs løypa, og mange suldølar nytta høve til å reise over fjellet for å få med seg NM på ski. I tillegg til å treffa på «skistjernene» fekk dei også heia på lokale utøvarar: Fredag var det 5 km fristil for kvinner og 10 km fristil for menn. Veldig gledeleg var det at Marte Krogh (K17) er tilbake etter skadeavbrekk, og gjekk inn til ein flott 31.plass. Mathea Vik (K18) gjekk inn til ein 49.plass, medan Thomas Bakka (M18) gjekk inn til 47.plass Laurdag var det sprint på programmet for juniorane. Mathea kom vidare til kvartfinale frå prologen, og enda på 33.plass. Thomas vart nr.28 i sprint etter at prologen vart resultatgivande for dei. For seniorane var det 30 km klassisk for kvinner og 50 km klassisk for menn laurdag. Øyvind Røgenes og Simon Bjørheim frå Suldal IL stilte til start på 50 km, og gjekk i mål til 123.plass og 135.plass. Søndag fekk juniorane skina med NC-finale. 7,5 km fellesstart for Mathea( K18), kor ho enda på ein 28.plass. Thomas (M18) enda også på 28.plass på 10 km fellesstart. Resultatliste
- 29.mars: Medan mange var på Hovden og fekk med seg siste rest av skisesongen, var andre klare for joggesko. Mortenløpene med KM i terrengløp i Njåskogen markerer gjerne starten på barmarksesongen. 426 løparar deltok i år. I år stilte Suldal IL med følgjande løparar: Halvor Steinbru Lauvsnes starta først ut i lag med mange gutar i klassen 0-7 år, før Klara Marcussen Moe gav gass i klassen Jenter 7-10 år. Fort gjekk det ut frå start i klassen Gutar 9-10 år, kor Aslak Steinbru Lauvsnes og Olav Marcussen Moe sprang gode løp. Åbjørn Marcussen Moe forsvarte KM-tittelen, og vann klassen gutar 13 år. Kjersti Moe stilte i klassen 5 km kvinner.
-
- Helga 14.-16.mars gjekk Equinor NM Junior av stabelen på Lygna. Her deltok Thomas (M18) og Mathea Vik (K18) frå Suldal IL. Fredag starta med 10 km friteknikk for Thomas, som gjekk inn til ein god 37.plass av 105 startande. Mathea gjekk berre renn fredag: Av 84 startande finn me Mathea på 43.plass etter 5 km i skiløypa. Laurdag venta lengre distansar i klassisk stil. Thomas viste krefter på 15 km og enda på 16.plass denne dagen. Søndag var det stafettar. Agder og Rogaland hadde fleire lag i aksjon, men ingen pall-plasseringar vart det i år. Thomas gjekk første etappe på Agder og Rogaland – Lag 2, som enda på 24.plass i klassen menn junior.
- Laurdag 14.mars vart også Birkebeinerrennet arrangert. Suldal IL hadde i år 3 løparar i mål på det 54 km lange klassiske rennet. Det meldast om eit svært skarpt føre, og raske tider i årets renn. Øyvind Røgenes starta i eliteklassen og gjekk inn til ein 174 plass (ikkje hans beste plassering, men hans raskaste tid i Birken. Men viktigast: Han slo Petter Northug…). I folkehavet bak starta også Lars Lunde og Simon Bjørheim, som blei nr. 651 og 653. I UngdomsBirken deltok Amalie Lunde i klassen UK12. I UK15 deltok Agathe Lunde, og ho blei dermed nr. 69 i sin klasse.
- 8.mars vart KM og siste kretscup-renn arrangert i Brokke. Suldal IL hadde mange påmelde til dette rennet i februar, men det vart utsatt til mars pga. vêrforhold. Frå Suldal IL deltok: Cecilia Vik, Edel Gjuvsland, Amalie Lunde, Jone Gjuvsland, Svein Aksel Tjøstheim, Aksel Sukka Mehus, Simon Bakka, Daniel Bakka, Gaute Gjuvsland, Vilde Tjøstheim, Agathe Lunde, Ingrid Sukka Mehus, Mathea Vik, Thomas Bakka og Lars Lunde denne helga. Det vart både pallplasseringar og edelt metall med i bagen heim til Suldal. Resultatlister
- Helga 1.-2.mars gjekk Tour de Hardanger av stabelen. Over to dagar blir det av Røldal IL og Korlevoll IL arrangert skirenn i nabokommunen. Dette gjekk dessverre underteikna litt «hus forbi», men to som fekk dette med seg og gjekk på ski på Korlevoll denne helga var Cecilia Vik og Vilde Tjøstheim frå Suldal IL. Dette var også helga for Vasaloppet i Sverige. Underteikna kjenner berre til Ingeborg K. Hoftun frå Suldal IL i år… Ho måtte dessverre bryte løpet i år p.g.a skade.
-
SI Rennet – KM fristil 1.mars: Her stilte Jone Gjuvsland aleine til start i G13 på Tjørhom som einaste deltakar frå Suldal IL og i sin klasse. Han gjekk 3,3 km på tida 09:02 med fine forhold, god glid og rennet var unnagjort før regnet gjorde sin ankomst.
- Kretscupen i langrenn 2024-2025 er nå ferdig. Resultata er publisert på skiforbundet si nettside: Resultatlister
by Kjersti Moe | mar 21, 2025 | Resultatlister, Ski |
4.februar vart første Telenor skikarusell gjennomført. Då var det blitt utsett frå januar, kor snøen mangla. Februar var månaden kor me fekk gjennomført to karusellrenn og Suldalsrennet. Elles var det ein aktiv månad for skigruppa med fleire store skirenn utanbygds, og skigruppa har fått inn følgjande rapportar:
- Norgescup langrenn junior 17-20 år
Denne sesongen har Suldal IL 2 løperar som går Norgescup junior, Mathea Vik K18 og Thomas Bakka M18. Marte Krogh K17 var også klar for sin første Norgescup sesong, men skada kneet rundt juletider, og måtte dermed konstatere att mykje av skisesongen gjekk ut. Alle desse tri løparane går på Hovden Skigymnas, og fylgjer deira opplegg, men går renna for heimeklubben Suldal IL.
Norgescup junior består av 4 helger, kor det desse helgene blir gått renn fredag,laurdag og søndag. Igjennom desse helgene er det eit mål å samle seg NC poeng, som ein får om ein er topp 50 i sin klasse. Ein får betre poengscore etter kor god plassering ein har på rennet. Dei 50 med best poengsum får til slutt gå finalerennet avslutningshelga. Det er ingen lett sak å komme i øverste del av lista. I Thomas sin klasse er det heile 130 løparar, og i Mathea sin klasse over 90.
Dei som går for Hovden Skigymnas fylgjer då deira opplegg både med transport, overnatting og ikkje minst smørjeopplegg. Både løperar, trenarar og dei som er i støtteapparatet er nokså drilla på heile opplegget. Når me som foreldre kjem, er det kun heiajobben me treng ta oss av på skirennet.
Denne sesongen starta med ei VM mønstring på Lillehammer, som løparane valde å delta på. Første Norgescup helga starta i Molde, i helga som var, var dei i Gjøvik/Vind stadion og gjekk. Helga 13-16 mars skal dei til Lygna på NC, og siste og avsluttande NC går av stabelen på Hovden, kor både junior og senior løparar frå heile Noreg skal konkurrere.
I helga 21.-23.februar var det på Gjøvik og Vind stadion det skjedde.
Fredag var det klassisk, ein litt spesiell løpslengde som talde 3.75 km. Thomas gjorde nok eit godt klassisk løp og kom inn på ein 16.plass,som bekrefta 15. plassen han gjekk inn til i Molde. Mathea gjorde også eit bra løp denne dagen, trass litt utfordrande smørjeforhold, og gjekk seg inn til ein 29.plass.
Laurdag var det duka for skøytesprint, det var ei kjekk sprint løype med ein innlagt 180 graders sving i botn på ei utforkøyring. Mathea tok seg nokså greit vidare ifrå prolog med ein 40.plass, men måtte sjå seg slått ut i kvart finalen. Thomas sleppte på god fart inn mot 180 graders svingen, klarte med eit nødskrik å halde seg på beina. Og med snaut 3 tiendeler margin klarte han å ta seg vidare til kvartfinale. I kvartfinale viste han gode sprinteigenskaper og låg godt ann, men havna inn i ein velt og kom ikkje vidare.
Søndag var det fristil distanse fellesstart, K18 gjekk 7,5km og M18 gjekk 10km. Fellesstart med over 100 løperar kan vara ein utfordring å manøvrere seg i ,men det gjekk godt for begge. Mathea gjekk 2 gode rundar med jamn fart, og gjekk inn til ein 34. plass. Thomas fekk kjørt seg skikkelig denne dagen, og måtte kjempe med syre frå nokså tidlig på første runden, men gjekk seg inn til ein 37.plass.
I sum, godt levert av begge Suldalsløparane denne helga.
Fredag var første renndag kor klassisk distanse 5km var på planen. Opphaldsvær og fint i Kollen og rundt 0. Jenter 15 var først ut i det som i starten var flotte løyper, deretter J16 og til slutt gutane. Når fleire hundre løparar hadde forsert løypene var det ikkje mykje som minna om klassisk spor i motbakkar og utforkøyringar, men god stemning både frå løparar og foreldre. Suldalsløparane bit stort sett godt ifrå seg i klassisk, og denne dagen var ikkje noko unntak, sjølv om ein kan stadfeste at det er ikkje berre i Suldal at løparane trenar godt.
Etter løp denne dagen var det på ny innlevering av ski til felles smørjeopplegg for neste dag.
Laurdag er dagen kor det er duka for fart og moro på ski. Først er det sprint skøyting, med prolog for alle, med påfylgjande kvart, semi og finale for dei som når fram til det. Til start på Prolog stilte Vilde, Agathe, Gaute og Simon. Ingrid måtte gi seg etter fredagsrennet med forkjølelse. Alle 4 gjorde det bra i prolog, Agathe og Simon tok seg vidare frå prolog etter sterke tider. Det kan nevnast at Gaute låg svært godt an tidsmessig, men måtte i likhet med sin lagkamerat Simon dagen før, nedpå snøen litt som øydelegg mykje i ein prolog.
Løparane hadde så vidt fått svelt ned safta i mål før det lenger oppe i løypene var duka for skicross. Skicross er enkelt og greit ei fast løype med hopp,svingar, heftige stup og alt som skal til for å gjer det vanskeleg å stå på skia, og samtidig gå fort. Me foreldre som stod og kikka på var nokså samde om at viss me skulle prøvd dette hadde det blitt mykje kald snø oppetter ryggen når ein datt bakpå. Men løparane frå Suldal IL forserte løypene svært godt, og leverte alle gode tider i denne skileik konkuransen, som bryt godt opp i ein ellers hard utholdenhet-idrett.
På laurdagskvelden samla fedrar og løparar seg til felles mat. Her var det takeaway kinamat som blei ete både med og utan pinnar. Deretter diska Lars L. opp med ein eksotisk dessert han måtte heilt til Italia for å hente inspirasjon for. For dei som lurer var dette Krokan Is, hermetisert fersken,fløyte på boks og jordbær syltetøy på toppen. Så flott dandert til ,som berre ein mester kokk kan få til. Desserten kjølte godt ned i såre halsar etter alle heiaropa frå Suldalsfedrene som runga over stadion på dagen.
Søndag var det duka for stafett kor laga blir teke ut kretsvis, Rogaland/Agder krets hadde 4 jentelag og 2 gutelag som alle 6 laga gjorde det bra i konkuransen.
Etter dette var det klar for heimtur etter ei kjekk helg i Oslo.
Alle resultatene frå helga er å finne på: https://www.eqtiming.com/no/
I Tsjekkia gjekk Ingeborg Kristensen Hoftun «Jizerska 50» søndag 9.februar. Her enda ho som nr. 30 av 39 i eliteklassen for kvinner.
- 1.-2. februar reiste 13-. og 14.-åringane: Jone Gjuvsland, Svein Aksel Tjøstheim og Åbjørn Marcussen Moe, Aksel Sukka Mehus, Hanna Lunde Hoftun og Serina Litlehamar Kjetilstad til Oslo på Ungdommens Holmenkollrenn. Her må det nemnast Jone sin flotte 10.plass, som beste plassering. Lengre referat frå rennet ligg på nettsida. 1.februar gjekk Øyvind Røgenes og Simon Bjørheim 42 km lange Stenfjellrunden ved Gåsbu/Hamar. Øyvind vart nr. 29 (nr.7 i M35-39), Simon nr.113 (nr.27 i M30-34).