Klubbhelg og Hovdenrennet 2021

Klubbhelg og Hovdenrennet 2021

Tredje adventshelg drog 25 unge og litt eldre skiløparar frå Suldal til Hovden. Om det ikkje akkurat var nord i Setesdalen det meste av snøkaoset hadde hamna den siste tida, var det likevel kvitt og fint i løypene på skistadion. Mange fekk seg ei god økt på ski på fredagskvelden. Laurdag 11.desember venta Hovdenrennet, kor det totalt var 236 deltakarar til start. Stilart var fristil, og det var 12 løparar frå den yngre garden i Suldal IL som stilte til start. (meir…)

Svandalen Opp Rulleskirenn

Thomas Bakka (G15) etter målgang 4,5km motbakke i Svandalen

Om me spolar tida tilbake til laurdag 14.august,  så kan me kanskje minnast eit heller surt og vått sommarvær. Denne laurdagen trossa 30 deltakarar frå Jæren, Haugalandet og Ryfylke regnbygene og utfordra seg i motbakken frå Saudasjøen til Svandalen. Suldal IL stilte med 4 tøffe rulleski-løparar: Mathea Vik og Thomas Bakka imponerte begge i J15 og G15 i friteknikk i den 4,5 km lange motbakkeløypa.  Ein imponerande innsats i 2 km motbakke gjorde også Daniel Bakka i G13 og Simon Bakka i G12. Eit kjekt, men hardt rulleskirenn, vart det meldt om. Foreldra var ikkje så ivrige med kamera denne regnvåte laurdagen.

Resultatliste:

https://www.langrenn.com/resultater-svandalen-opp-rulleski-2021.6402498-114053.html