Suldalsløparar imponerte i Holmenkollen

Suldølane viste godt igjen på resultatlista i Ungdommens Holmenkollrenn denne helga. Simon Bakka tikka inn idrettslagets beste resultat med ein imponerande 9.plass i det klassiske løpet på laurdagen. 

Read more: Suldalsløparar imponerte i Holmenkollen
Suldalsløparane som konkurrerte i Holmenkollen hadde nokre flotte dagar! F. V Serina Litlehamar KJetilstad, Hanna Lunde Hoftun, Agathe Lunde, Gaute Gjuvsland, Aksel Sukka Mehus og Simon Bakka. (Foto: Helen Moen Gjuvsland)
(meir…)

Testrenn med julegraut

Kunstsnøen sikra at 46 ivrige skiløparar fekk testa løpsforma på Gullingen tysdag kveld. Suldal IL diska i tillegg opp med graut og juleavslutning.

Tidlegare i vinter fekk ein starta produksjon av kunstsnø på Gullingen, og lagt eit godt grunnlag i deler av lysløypa. Dette sikra at Suldal IL sist tysdag kunne arrangere testrenn og juleavslutning. Regnet hadde nemleg herja godt med løypene på forhand, og sjølv om snøen kom på renndagen var ein avhengig av basen med kunstsnø. Løypekøyraren, Bjørn Egil Nerheim, stilte opp og la til rette så godt han kunne, trass nedbøren som verkeleg slo til utover kvelden.  

– Det er på slike dagar ein ser kor viktig kunstsnøen er for å sikre at ein kan arrangere fleire skirenn, sjølv om vêret ikkje speler på lag. Det var verkeleg kjekt at så mange deltok, og at me fekk testa ei god gjennomkøyring av arrangementet, fortel leiar i skigruppa Magnus Lunde Bakka.

Sidan idrettslaget skal arrangere fleire skirenn i løpet av vinteren er det godt å kunne teste at tidtaking og organisering flyt slik det skal. Testrennet var lagt opp med fastsette løypelengder for alle aldersgrupper, det viktigaste denne dagen var likevel å sikre at organiseringa var på plass. Skiløyparane gav alt dei hadde i løypa før dei tok turen inn på Gullingenhuset for graut, basar med flotte premiar og takk og heider til dei som har stilt opp for skigruppa gjennom året som har gått.