Suldal Idrettslag har også i året 2025 vist godt igjen.
Suldal IL er heldige som har så mange dyktige og dedikerte utøvarar. Resultata i 2025 viser at det vert lagt ned mykje arbeid av både utøvarar, trenarar og føresette gjennom heile året. At fleire av våre løparar hevdar seg både på krets- og nasjonalt nivå, er noko heile idrettslaget kan vere stolte av.
Fleire utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til utmerking for framifrå idrettsprestasjonar. Utmerkinga kan berre tildelast éin gong i kvar klasse.
Thomas Bakka, Simon Bakka og Jone Gjuvsland har alle motteke utmerkinga tidlegare i sine klassar, og vert difor ikkje tildelte ny utmerking sjølv om dei på nytt oppnår resultat som kvalifiserer.
Thomas Bakka
Thomas har levert sterke resultat på nasjonalt nivå gjennom sesongen. Han oppnådde topp 20-plasseringar i norgescup- og NM-renn:
15. plass på 10 km klassisk under Norgescupen i Molde
16. plass på 3,75 km klassisk under Norgescupen på Gjøvik
16. plass på 15 km klassisk under NM Junior på Lygna
Simon Bakka
Simon har hatt ein sterk sesong med fleire gode resultat:
7. plass i sprint fristil under Hovudlandsrennet
Krinsmeister i sprintstafett under KM på Sandrip saman med Daniel Bakka
Jone Gjuvsland
Jone har igjen vist at han høyrer til blant dei beste i sin årsklasse:
Krinsmeister i klassisk distanse på Brokke
Krinsmeister i fristil under SI-rennet på Sandrip
Krinsmeister i rulleski under KM på Sandrip
10. plass i fristil under Ungdommens Holmenkollrenn
17. plass i klassisk under Ungdommens Holmenkollrenn
Daniel Bakka
Så har me årets mottakar av utmerking for framifrå idrettsprestasjon, som òg har hatt ein god sesong.
Daniel Bakka får utmerking for framifrå idrettsprestasjon i 2025.
Årsmøtet i Suldal IL grunngir tildelinga med at Daniel Bakka:
Vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets på Vindbjartmixen, KM sprintstafett på Sandrip
Me gratulerer Daniel med utmerkinga og alle utøvarane med ein flott sesong.
Gruppeleiar for ski, Arvid Laugaland, overleverte utmerkinga til Daniel Bakka.
Suldal Idrettslag er svært takksame for å ha blitt tildelt kr 100 000 i prosjektstøtte frå Sparebankstiftelsen Sauda.
Støtta går til innreiing av utstyrsgarasjen, som er eit viktig tiltak for å sikre betre organisering av utstyr og meir effektiv drift i laget. Med ei betre tilrettelagt løysing vil både utøvarar, trenarar og frivillige få ein enklare og meir oversiktleg kvardag.
Tildelinga er ein del av ei større runde med prosjektmidlar til gode føremål i Sauda og Suldal, med mål om å styrke aktivitet, trivsel og gode møteplassar i lokalsamfunnet.
Suldal Idrettslag set stor pris på støtta frå Sparebankstiftelsen Sauda, som over tid har vore ein viktig bidragsytar til utvikling av laget og aktivitetstilbodet vårt.
Vinjar Skule blir òg med og bidreg! Og det er jo berre heilt fantastisk! Dei tek ein rydderunde fredag 24.04, og me håpar at store delar av osen er rydda etter dette
Me syns det e så kjekt at så mange lokale bedrifter og skulen hiv seg med – det gjer det ekstra kjekt og viser ekte fellesskap.
Ta godt imot ungane som kjem rundt og ryddar hos oss
Suldal Idrettslag har denne veka overtatt bruken av den gamle brannstasjonen på Suldalsosen, etter å tidlegare i år ha inngått avtale med Suldal kommune om å disponera bygget. Bygget er framleis eigd av kommunen.
Idrettslaget har arbeidd med å få på plass denne avtalen heilt sidan det kom rykte om at det skulle byggast ny brannstasjon på Suldalsosen.
Bygget er på om lag 135 m², og formålet er garasje. Det er innlagt både straum og vatn, og allereie denne veka blei det montert vassmålar for å sikre kontroll og halde driftskostnadene så låge som mogleg. Idrettslaget skal stå for drift og eventuelle vedlikehaldskostnader knytt til bruken av bygget.
Plasseringa er òg god med tanke på den planlagde asfalterte turvegen som skal koma rett utanfor bygget.
Bygget vil bli brukt som utstyrslager for idrettslaget. Dette vil mellom anna sikre betre oppbevaring av utstyr, deriblant snøkanonar som no endeleg kan stå tørt og trygt. I tillegg håpar ein at det vil gjera det enklare for fellesutstyr og dei ulike gruppene å ha utstyr samla på éin stad.
Suldal IL ser på dette som eit positivt løft for drifta av laget og ei praktisk forbetring for dei mange frivillige som legg ned ein stor innsats gjennom året.
Idrettslaget er takksame for godt samarbeid med kommunen og ser fram til å ta bygget i bruk til beste for både laget og lokalmiljøet.
Suldal Idrettslag er stolte av å kunna kunngjera at Statkraft Energi AS signerar ny hovudsponsor avtale!
Statkraft har vore ein viktig samarbeidspartner for Suldal IL gjennom fleire tiår, og har hatt stor betydning for aktiviteten i laget. Statkraft er solid forankra og godt kjent blant folk på Suldalsosen og i resten av Suldal kommune. Selskapet er også ein nær nabo til idrettsanlegget vårt i Prestavikjo, noko som gjer samarbeidet ekstra kjekt.
Den nye samarbeidsavtalen er ein treårig hovudsponsoravtale frå 01.01.2026 til 01.01.2029, med to opsjonar på forlenging (1 + 1 år).
Støtta frå Statkraft betyr mykje for Suldal IL og gjer det mogleg for oss å vidareutvikla aktivitetstilbodet vårt. Ho vil vera eit viktig bidrag til at me kan halda fram med å skapa aktivitet, meistring og idrettsglede for barn, unge og vaksne i Suldal – og slik styrkja både folkehelse og samhald i lokalsamfunnet vårt.
Me set stor pris på tilliten og ser fram til eit godt samarbeid med Statkraft dei komande åra!