Årsmøte Suldal Idrettslag


Suldal Idrettslag vinner Kr 5000,- av Haugaland Kraft Fiber etter å blitt nominert av ein/ei av dykk.
Eg hadde gleden av å motta telefon fra Haugaland Kraft Fiber i dag om at Suldal Idrettslag vinner trekninga for August mnd.
Haugaland Kraft Fiber sender ut bursdagshilsen til sine kunder. I den forbindelse med dette har da kunden også muligheit til å nominera eit lag eller ein organisasjon i Haugaland Kraft Fiber sitt nærområde som sin «Hjartesak». Har du bursdag? Bruk den på din hjertesak – Hkraft.no
I nominasjonen fra vinnar loddet står det:
«Suldal Idrettslag gjer utruleg mykje bra for barn og unge i Suldal. Gode breddetilbud der barn uansett ambisjon og ferdighet får delta og utfolda seg. Alt drifta på dugnad. Nå jobbar de og med spennande nærmiljøanlegg-prosjekt rundt fotballstadion. Eit lite bidrag ville vore veldig kjærkomment.»
Suldal Idrettslag vil med dette takke Haugaland Kraft Fiber og for at dykk der ute tenker på oss og ønsker at me skal vinne dette. Å bli nominert til dette er ein seier i seg sjølv for oss. Tusen takk til den som nominerte oss!!
Da vil me berre sei at akebakken på Gullingen nå er klar for snø.
Me vil takke alle som har bidratt med smått og stort, men spesielt takk til:
Autogro Møgedal: Drivstoff og olje til motorsagene.
Steine Motor AS v/ Tormod Steine: For å låne ut kvistkutter til oss.
Mosvatnet hyttegrend: For hjelp i samband med skoginga.
BG Suldal AS: For eit flott stykke arbeid og godt samarbeid i prosjektet.
Suldal Kommune: Finansiering via søknads ordninga «Tilrettelegging for friluftsliv»
Sparebankstiftelsen Sr-bank: Finansiering
Og sist, men ikkje minst. Medlemma våre som har bidratt med over 105 timer dugnad (MINST)
Tusen takk igjen til alle saman.
Kort om kva som er gjort:
I bakken er det skoga, deler av gjerde er fjerna, det er renska, farlege hinder som steinar er gravd ned og grøfta som låg nederst i bakken er lagt i rør sånn at vatnet fortsatt skal få renna ut.
Det som er rett rundt hjørne og skal komme på plass nå før vinteren kjem er: Polstring av lysstolper og benkar.
Liten video som forteller litt om kva som er gjort.
Film/redigering: Tom Gardsteig
I går måndag 11.08 var endeleg dagen der, for oppstart av utarbeiding av akebakken på Gullingen. BG Suldal as kom da med maskina og oppstarten for planeringa/gravinga var eit faktum.

BG Suldal as skal grave ned store steinar, røter og andre ting som skal utgjere risikomomenter ved aking. Ein skal også planere ut bakken sånn at ein kan tråkke bakken når snøen legger seg.
Før grave arbeidet nå kunne starte har det vore gjort eit godt stykke arbeid med skoging og rydding av område på dugnad av SIL sine medlemmer gjennom sommaren, stor takk til alle som har vore med her.
Suldal Idrettslag har i skoge/rydde prosessen også hatt viktige samarbeidspartnerar med seg i ryggen, som har hjulpet på sine vis.
Stor takk til:
–Autogro Møgedal som har holdet oss med olje og drivstoff til motorsagene som har vore i drift
–Steine Motor as ved Tormod Steine som har lånt ut flisekutter sånn at ein kan flise opp mesteparten av greinene til flis.
–Mosvatnet hyttegrend som har stilt opp å skoga/rydda gjennom sommaren.
Me vil også benytte anledninga til å takke dei som gjere dette prosjektet mogleg for oss å gjennomføre finansielt. Stor takk til Suldal kommune og Sparebankstiftelsen SR-bank.
Til slutt vil me berre seia at om folk tar turen opp og ser så håper me dei kan halda seg i ski løypa enn så lenge. Jorda i den planerte bakken er fortsett VELDIG blaut så me håper folk kan la denne få setja seg.

Område før oppstart.

Bakken etter skoging og klart for maskin arbeid.
Drone video av bakken før gravearbeidet starter. Video: Tom Gardsteig

Andre graver etter gull, Arne Brustveit graver ned steinen så bakken blir trygg med stødig hand.

Planering fra toppen.
Video av bakken etter planering.
Suldal Idrettslag har også i ski sesongen 2024/2025 vist godt igjen.
Tri utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking.
To av desse har allereie fått utmerking i sin klasse tidlegare og vil ikkje motta noko fra idrettslaget i år.
Simon Bakka
KM seier Brokke rulleski fristil distanse samt 7 plass i sprinten under HL (G15)
Thomas Bakka
KM seier Brokke rulleski fristil distanse samt 15 plass EQUINOR NC Langrenn Molde Klassisk distanse, 16 plass EQUINOR NC langrenn/ U23 NM ind. Klassisk distanse og 16 plass under NM JUNIOR klasisk distanse.
Så har me siste mann, Jone Gjuvsland. Her har me ein som fortenar ein ekstra utmerking for framifrå Idrettsprestasjon.
Ikkje berre har han tatt heile 3 KM seierar og vunne kretscupen for G13, men han har også bevist at han blander seg i toppen på større renn ved å plassere seg på ein 10 plass (fristil) og 17 plass (klassisk) under Ungdommens Holmenkollrenn med over 150 deltakarar i klassen.
Jone Gjuvsland
Årsmøtet i Suldal IL grunngir tildelinga med at Jone Gjuvsland vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets på Brokke rulleski fristil distanse, SI Rennet KM fristil, KM Brokke klassisk distanse. Samt ein 10 plass på UHR fristil og 17 plass på UHR klassisk distanse (G13).
