Reforhandling av samarbeidsavtale med Statkraft Energi AS

Suldal idrettslag og Statkraft Energi AS underteikna i vinter ny samarbeidsavtale.

Innhaldet i den nya avtalen er nokolunde likt som før, og eit utdrag av innhaldet finn ein ved å trykkja på lenkja:  Medlemsinformasjon Statkraftavtale

Suldal idrettslag skal framleis ha ansvaret for flagginga ved Statkraft på offentlege flaggdagar, og nytte Statkraftlogo på treningsdraktar og kampdraktar.  Styret i Suldal idrettslag er godt nøgde med den tre-årige samarbeidsavtalen med ein av hovudsponsorane våre, og ser fram til godt samarbeid dei neste åra.

Klikk ellers på Statkrafts logo til høgre for meir informasjon om Statkraft Energi AS.

Årsmøte

Suldal IL har årsmøte torsdag 15. mars kl 2000 i personalrommet på Vinjar skule.

Saker ein vil ta opp på årsmøtet må vera styret i hende innan 1. mars.  Sakliste og saksdokument vert tilgjengelege under fana «Styret informerer» ei veke før årsmøtet.

Hjarteleg velkommen!

Helsing styret.

Saniteten støttar idrettslaget

Nedre Suldal Sanitetsforening gir overskotet etter sal av fastelanvsris til idrettslaget.

Nedre Suldal Sanitetsforening har vedteke at overskotet etter årets sal av fastelavnsris skal gå til born og unge i skigruppa til Suldal idrettslag.  Styret i Saniteten har merka seg det gode arbeidet som føregår i skigruppa og vil gjerne gi eit bidrag til dei som deltek på desse aktivitetane.

Saniteten skal selja fastelavnsris på butikkane på Osen fredag 9. og laurdag 10. februar, og Suldal idrettslag oppmodar alle til å kjøpa fastelavnsris og støtta arbeidet til Nedre Suldal Sanitetsforening.

Kva Norske Kvinners Sanitetsforening er, kan du lesa meir om her.

Suldal idrettslag takkar så mykje for gåva!

TV-aksjonen 2017 for UNICEF

Resultatet for Vinjar skulekrins etter dagens TV-aksjonen NRK 2017  for UNICEF er klart.

Oppteljinga hos Sparebank1 SR-Bank syner at bøssebærerane til Suldal IL samla inn kroner 45.050 til UNICEF i dagens TV-aksjon.  Dette må seiast å vera eit godt resultat med tanke på at mange brukte denne fine haustdagen til tur- og ute-aktivitetar.

I tillegg har Vinjar skule samla inn kroner 9.041, så totalt godt over 50.000 kroner er samla inn til UNICEF frå Suldal/Vinjar skulekrins.

Mange takk til bøssebærerane og de som har bidratt til å fylla bøssene.