Kafe og Byttehelg

Laurdag 11. november kl. 11.00 til 14.00 inviterer Suldal idrettslag til kafe og bruktmarknad for sportsutstyr.
Har du sportsutstyr du vil selga eller byta, kan dette leverast på Suldal Samfunnshus fredag kl.17.00-19.00.

Alt av sportsutstyr kan selgast eller bytast, både sommar- og vinter-utstyr.  Arrangementet er ope frå kl. 1100 til 1400.
Me håpar du ønskjer både å kjøpa og selga brukt sportsutstyr og at me sjåast på Suldal Samfunnshus.

Det vert kafe med salg av graut og saft, kaffi og kake.
Me nyttar Vipps betalings-app og kontantar.

Minner om at Suldal IL ikkje tek provisjon av salget, men sel på vegne av medlemmer som har utstyr dei vil selja.  Ikkje-medlemmer betalar kr. 50,- for leige av plass.

Bli bøssebærar 22. oktober for UNICEF på TV aksjonen NRK 2017!

Suldal Idrettslag har i år ansvaret for innsamlinga ved årets TV innsamling i Vinjar skulekrins, og målet er at alle husstandar i Vinjar skulekrins skal få besøk den 22. oktober.

Til dette treng me bøssebærerar!

Tidspunktet for bøssebæringa er mellom klokka 16.00-18.00 søndag 22.oktober.

Er du under 18 år, må du gå i følge med ein vaksen.

 

Meld frå til leiar@suldal-il.no eller på facebook om du er interessert.

Midtstølen

Ny turbok-kasse sett opp på Midtstølen.

Det er sett opp ny turbok-kasse på Midtstølen, og me håpar mange vil ta turen opp til den gamle Kolbeinstveit-stølen.  Det er god plass i boka for den som vil skriva seg inn!

Turen er tidlegare omtala her