Medlemskontingent i Suldal idrettslag

Billeg å vera medlem i Suldal idrettslag?

Jærbladet hadde nyleg ein reportasje med oversikt over kva eit fotballsparkande barn på Jæren kostar.  Når det gjeld medlemskontingentar og treningsavgifter ligg klubbane som er med i undersøkjinga på eit mykje høgare nivå enn Suldal IL.  Sjå link under for reportasje.

Suldal IL ønskjer å halda medlemskontingenten og treningsavgifta på eit svært lågt nivå, og dette let seg gjera bl.a. fordi mange er med å støttar opp på dei få dugnadane me har.  Er det nokon som har gløymt å betala kontingenten til Suldal IL, finn du informasjon om dette i menyen til venstre.

Frå Jærbladet

Gåve frå Sparebankstiftelsen Sauda

Gåve til lysanlegg i lysløypa.

Suldal IL er glade for å kunne meddela at i samband med rehabilitering av lysanlegget i lysløypa har Suldal idrettslag søkt om midlar frå Sparebankstiftelsen Sauda, og fått tilsagn om støtte på kr. 65 000,-  Dette er midlar som kjem svært god med i prosjektet vårt, som har ei kostnadsrame på 1,5 mill.  Prosjekteringa er godt i gang, og me satsar på å ta til med det praktiske tidleg i sommar.

Mange takk for gåva!

Nye dokument

To nye dokument er å finna under fana «Styret informerer»

Lov for Suldal IL – Idrettslag som er tilsluttta Noregs Idrettsforbund er plikta å ha ei lov som samsvarar med NIFs regelverk, og er minimumskrava til korleis idrettslaget skal drivast.  Lova for Suldal IL er vedteken på årsmøtet i 2016, og lova finn du her.

Fullmaktsmatrise – For å redusera risiko for feil og økonomiske misligheter får dei ulike gruppene myndighet å forvalta gruppenes økonomi i henhald til vedtekne gruppebudsjett og fullmaktsmatrise.  Fullmaktsmatrisa ser du her.

 

Nye turbok-kassar

Nye turbok-kassar utplasserte.

Førlandsøyane

Vassbotn

Dei første kassane er nå sette opp på Førlandsøyane og i Vassbotn, og me håpar bøkene får eit tørrare klima framover.  Sparebankstiftelsen SR-Bank delte tidlegare ut gåve på 25.000 kroner til Skogstrimmen og nye turbok-kassar, og desse midlane er nå tekne i bruk.

Stråpanuten

Kassen på Stråpanuten er flytt 25 meter fram til utsiktspunkt ved stein.

 

 

 

 

Er det nokon som har forslag eller tilbakemeldingar relatert til Skogstrimmen, sjå fana «Kontakt oss» for kontaktinformasjon.

GOD TUR!