Svein Øystein Berge får Suldal IL sin heiderspris av leiar i Suldal idrettslag Haavard Vaage og leiar i fotballgruppa Jon Bråtveit.
Årsmøtet i Suldal IL ønska å heidra Svein Øystein Berge med pris for lang teneste for Suldal idrettslag. Etter mange år i offisielle verv har han nå gitt seg i fotballgruppa.
Prisen han får er eit maleri av Ellen Kalvig som me håpar han kan finna ein god plass til, enten i stova på Hagane, eller på den nye hytta på Strandalandet han nå får meir tid til å jobba og slappa av med. Heilt slutt på fotball og dugnadsinnsats er det likevel ikkje. Heldigvis har han sagt ja til å halda fram med å dømma ungdommane våre i Prestavikjo. Grunnen til at han var på banen i Prestavikjo denne fine søndagen var sjølvsagt at han var hyrt inn til å dømma kamp!
Dette er andre store heideren Svein Øystein får på kort tid. I februar fekk han Norges fotballforbund sin honorære leiarstipend til personar som har gjort ein lang og stor innsats for fotballen. Det blir fort slik at ein ikkje får den offisielle takken før ein gir seg. Me håpar og trur likevel at han har kjent på at folk undervegs har sett pris på alt han har gjort for fotballen i Suldal.
Grunngivinga for prisen er den same som då han fekk heider frå NFF, og mykje av det er henta frå jubileumsboka Suldal IL 75 år. Her kjem den:
Svein Øystein Berge, Suldal IL.
Svein Øystein har hatt mange roller i Suldal Idrettslag dei siste femti åra. Dei første åra hugsar me han som ein solid fotballkeeper som det strålte autoritet av i målfeltet. Med god spenst redda han skot frå å gå i vinkelen, og utan å nøla heiv han seg over ballen mellom målfarlege motstandarar i feltet.
Då han var i slutten av tenåra, var det ikkje fotballag i Suldal, så då spelte har for IL Sand eit par sesongar. Men på slutten av 1970-talet, då banen i Prestaviko blei opna og Suldal IL stilte lag, blei han med der. I bortimot 30 år stod han mellom stengene og var med på oppturar og nedturar med Suldal på fotballbanen.
Svein Øystein var i førtiåra då han gav seg fast som keeper, men av og til var det knapt med spelarar, og sidan han alltid var å finna på sidelinja, vikarierte han på banen mang ein gong. Siste gongen han stod i mål for Suldal sitt seniorlag, var han 57 år og hadde med dei to sønene på banen. I dag har han både son og barnebarn på laget.
Lagkjensla har vore viktig for at Svein Øystein har halde det gåande som aktiv i så mange år. Å vera saman om å vinna små og store sigrar, har vore den store motivasjonskjelda. Vinnarviljen har vore stor, men for Svein Øystein så er fotball mykje viktigare enn berre det som skjer ute på banen, det er vigtig for heile bygda.
Svein Øystein har tatt dommarutdanning og har vore kretsdommar, og sidan Suldal etter kvart har mange lag i aksjon, har han vore god å ha. Kvart år dømmer han ei mengd med kampar, helst ungdomsfotball, og han haustar mykje skryt for kvaliteten på dømminga.
Elles har Svein Øystein vore med i dugnadar, leiing og administrasjon i fotballgruppa heilt til dags dato.
Gjennom åra i fotballgruppa, har Svein Øystein vore drivkrafta for at fotballen i Suldal har blitt det den er i dag, med høg prosentvis deltaking i barne- og ungdomsfotballen på Suldalsosen. Han trivst best når han kan vera på kunstgrasbanen i Prestavikjo som tilskodar eller dommar, og sjå fotballspelarar i alle aldrar og kjønn spela ball. Dessutan var det sjølvsagt han som tok initiativ til å få på plass kunstgrasbanen då den kom. Ny bane gjorde at det kunne bli mykje meir aktivitet på fotballbanen. Det har gjort at det nå er yrande aktivitet året rundt, omtrent kvar dag.
Svein Øystein har hatt mange hattar som av og til gjekk over i einannan: Spelar, keeper-trenar, sportsleg leiar, sjåfør, dommar, materialforvaltar, Mr Fix-it og samtalepartnar når ein trong det. Ein framifrå kar med utallige verv og endå fleire meiningar. Som leiar og medlem i fotballgruppa i ei årrekkje, er han mykje av årsaka til at ting fungerte godt på banen, sidan alt utanfor banen var på stell. Drakter, ballar, kjøring, ferjer, banestell, snømåking, dommarar…alt tok han tak i.
Etter ein mannsalder i fotballgruppa til Suldal IL har Svein Øystein nå sagt at han vil sleppa nye folk til, og går ut av fotballgruppa. Likevel kjem han til å halda fram med å vera dommar, og heilt sikkert bidra på andre måtar for fotballen i Suldal.
I februar i år fekk Svein Øystein tildelt Norges fotballforbund sitt honorært leiarstipend som går til personar som har utmerka seg med lang og tru teneste for klubb som leider, lagleider, trenar eller i anna frivillig verv, noko som vitnar om at innsatsen hans er blitt sett pris på utanfor Suldal også.
Kr 100.000,- frå Equinor:
Frå venstre Jon Bråtveit (leiar prosjekt og fotball), Haavard Vaage (leiar Suldal IL), Kjersti Moe (leiar ski) og Line Steinnes (Equinor). Foto: Arne Reidar Mortensen/Equinor.
For nokre veker sidan kom det ei noko overraskande gladmelding om at Equinor ville støtta Prosjekt Prestavikjo med kr 100.000,-. Det er nok mange som søkjer om støtte her, og me har tenkt det er eit trangs nålauge å komma gjennom, men i år fekk me full napp!
Det var ein engasjert kommunikasjonsleiar Line Steinnes som var på tråden og fortalde gladsaka. Vanlegvis møter dei som får støtte opp på Forus for å ta i mot gåva. I Suldal IL sitt tilfelle såg dei at det beste og kjekkaste heller var at dei inviterte seg sjølv inn til oss for å dela ut, og samtidig få sjå kva pengane går til.
Tysdag 26. november samla me saman fotballspelarar og rulleskigåarar til ei samling i Prestavikjo, med aktivitet både i Pompeløypo, 3’ar-banane, kunstgrasbanen og på den asfalterte turvegen. Alt i eit flott skin frå det nye lysanlegget. Litt spanande var det med vêrmeldinga, men kvelden viste seg å bli flott, regnet hadde gjort frå seg dagane i forkant.
Line Steinnes hadde med seg Arne Reidar Mortensen frå Equinor som tok flotte detalje- og stemningsbilde frå aktivitetane. Med svarte novemberkvelden og flaumljos, blei det ein annan type bilde enn dagslysbilda me vanlegvis har. Bilda har me fått, og dei kan de sjå i galleriet under.
Etter litt aktivitet på banane, baud Equinor på pizza og saft i foajèen. Tusen takk for den flotte gåva, og for maten!
Grunngiving av gåva kan ein lesa i Equinor si eiga pressemelding vidare i dette innlegget, og under den finn de bildegalleri frå kvelden.
Hovudsponsoren til Suldal IL er tydeleg på at dei heiar på både prosjektet, Suldal IL og andre gode initiativ for å skapa aktivitet i kommunen vår. Med denne gåvaer den totale gåvesummen frå banken til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» på heile kr 900.000,-!
Utan bidrag frå Sparebanken Vest, ville ikkje prosjektet blitt det som det nå kan bli. Siste hand på verket for arbeidet i 2024 blir tatt hand om i desse dagar, og då er 3’ar-banar, pompeløype, asfaltløype rundt banen, tribune og splitter nytt og flott lyssystem på plass. Med gåva frå Hans Olav og Stig Morten i bankjen, gledar me oss til våren og nye tilvekster i Prestavikjo.
Tusen takk for gåva!
Stig Morten og Hans Olav frå Sparebanken Vest i Suldal.
Sesongavslutning betyr oppsummering, heider og ære. Her er dei som har utmerka seg ekstra i 2024.
Årets spelarar:
Mohammed Ibrahim Dawud og Jørgen Andrè Mikkelsen.
Mohammed har hatt ein super sesong etter å ha blitt flytta frå kant til spiss. Coaching i verdsklasse av trenarane! 17 mål på 15 kampar er Haaland-snitt. Mohammed sitt bidrag har vore med å avgjera fleire kampar. Flott avslutning mot Hjelmeland med to mål og to målgjevande. Rykta går om overgang til Vardeneset i vinter. Skulle det vera ein realitet, så ønskjer me lukke til! Og så er døra alltid open hos oss i Suldal.
I andre enden av banen har Jørgen rydda opp i stor stil. Come back-sesongen har vist ein tydeleg og sikker sisteskanse, divisjonens beste målvakt blei nemnd i grunngivinga. I Jørgen håpar me at me har ein storkeeper i mange sesongar framover. Han har også stått fram med eit godt bidrag i garderoben og i spelargruppa.
Årets spelar, toppskårar og flest kampar 2024: Mohammed Ibrahim Dawud.Årets spelar: Målvakt Jørgen Andrè Mikkelsen.
Bak frå venstre: Hallvard Erfjord, Atle Espevik Mehus, Jørgen Andre Mikkelsen, Tor Olav Aarhus, Marijo Grabovac, Ingve Berge, Øystein Nærheim, Jostein Marvik Hølland, Lars Tveit Lavalette, Torjus Steine. Framme frå venstre: Sigurd Årthun, Isak Berge Espe, Rene Adjemi, Marius Sigstad, Jone Utbjoa, Mohammed Ibrahim Dawuds og trenar Ørjan Underbakke.
Med poeng i årets siste kamp, ville a-laget sikra andreplassen i 6. divisjon 2024. Med Hjelmeland på motsett banehalvdel, visste me at det ikkje ville bli ein lett kamp. Det blei det ikkje heller, men til slutt viste heimelaget at dei i år også er nokre hakk kvassare enn laget frå nabokommunen.
Tabellen før kamp viste at Forus og Gausel 2 var i ein klasse for seg i år. Dei hadde ti poeng leiing, og har vore klart best. Kampen om andreplass stod mot Vaulen 2 som hadde like mange poeng som Suldal. Dei var alt ferdigspelt før Suldal sin kamp, så med poeng var 2. plass sikker.