Den siste veka har me fått på plass to store deler av Prosjekt Prestavikjo: Nytt flaumljos og asfaltert turveg som ein kan nytta til rulleski. Då nærmar prosjektet seg slutten for i år.
BG Suldal AS og Ola Fisketjøn AS står for grunnarbeid som er gjort i haust. JK Elektroservice AS står for montering av lys. NCC har lagt asfalt. Me er svært nøgde med alt arbeidet som er gjort!
Dei første rundane på rulleski er gjort unna på den 520 meter lange sløyfa rundt fotballbanen. Dette er del 1 av turvegen. Me har eit mål om å få på plass asfalt langs Lågastien i 2025.
Damevinnarane Haugil IL var ikkje og fekk premien sin på banketten. Her er sølv- og bronsevinnarane i dameklassen; Suldal IL og IL Sand.
Laurdag 26. oktober avslutta me årets Gubbaserie med superlaurdag og samla alle seks laga til siste serierunde i Prestavikjo. I tillegg blei det arrangert tidenes første dameturnering for seniorlag i Suldal IL. Tre damelag spelte serie mot kvarandre. Dermed var det seks fotballkampar på kunstgraset i Prestavikjo denne dagen, noko som sjølvsagt førte til godt folkeliv.
2024 er tredje året det er arrangert gubbeserie i Suldal, og serien begynner etter kvart ta god form.
Det var Ola Sigstad som drog i gong forslag om å ha ein lokalserie for seniorar i kommunen i 2022, då Jelsa IL arrangerte Suldalsserien sist. Dette har vist seg å vera noko som kvar grend har hive seg på. At kvar grend stiller lag viser at det er mange som eigentleg vil spela fotball, men som tenkjer a-laget enter tek for mykje tid, har for høgt nivå eller er for seriøst. Det er mange som kunne tatt nivået til 6. divisjon om dei hadde ønskt. Det ser ut til at nivået hos fleire lag er blitt merkbart høgare desse tre åra.
Litt meir uryddig i oppstillinga enn damene, men ein glad gjeng gullvinnarar frå IL Sand til venstre, og ein meir avslappa trio frå Erfjord IL som henta heim bronsen. Sølvvinnarane frå Jelsa IL var ikkje til stades. (meir…)
Godt samspel, tøffe taklingar og sterk lagånd. Det var nokre av ingrediensane då G12-laget til Suldal IL spelte cup i Ølen laurdag.
12-årslaget til Suldal IL består av spelarar frå heile kommunen, og representerer klubbane Nes, Suldal, Sand, Erfjord og Haugil i eit samarbeidslag i regi av Suldal IL. I snart eit år har gutane spelt saman i kretsserien, og laurdag deltok dei på sin første cup då Ølen Kiwi Bama Cup blei arrangert.
Tidenes første 3’ar-turnering blei arrangert i dei nye 3’ar-banane i Prestavikjo i dag, torsdag 26. september. Veldig kjekt å sjå stor aktivitet på dei tre banane!
Alle 1.-2. klassingane i idrettslaga som er med i Suldalsserien var inviterte. Med berre tre spelarar på kvart lag, var det eit håp om at alle grender kunne stilla med lag. Kanskje kjente nokon seg ferdig med fotballsesongen nå når Suldalsserien- og cupen er over, eller så er det rett og slett ikkje så mange 1.-2. klassingar i alle grendene heller. Det var nå uansett kjekt at Haugil IL, med gjestespelar frå Jelsa IL, stilte opp, og at IL Sand kom med eitt lag. I tillegg til Suldal IL sine fem lag, blei det absolutt nok speletid på alle.
Me tenkte me ville prøva med reine gute.- og jentelag, og kanskje til og med reine årsklasselag. Det var nok litt optimistisk, så mange ungar er det visst ikkje i Suldal. Derfor slo me saman slik at alle spelte med mix-lag, og med både 1. og 2. klassingar på laga. 2. klassingane har alt ein heil fotballsesong i beina, mens 1.klassingane nesten ikkje har spelt organisert fotball før. Likevel blei det mykje mål og ein god del fint spel.
No på laurdag arrangerte Valle IL KM rulleski i Brokke, kor die har si eiga rulleskiløype. Løpet gjekk i nydeleg haustver med god stemning. Det var påmeldt over 100 løparar til rennet som gjekk i fristil. Frå Suldal IL stilte seks løparar til start.
Magnus Bakka Lunde er referent:
Først ut var Cecilia Vik J11 , Cecilia viste på Blinken i sommar at ho får god fart på rulleskia. Dette fortset ho med her, og gjekk seg inn til 1.plass i sin klasse. Ein blir ikkje kalla kretsmeister før ein vinn 13. års klassen, men Cecilia var uansett best i Rogaland/Agder krets denne dagen.