Suldalscupen 2026

Det blei sorpa på Kjølvikstølen!

Det var mange som kikka ekstra på Yr.no i dagane før cupen på Kjølvikstølen laurdag 19. september, for varselet var til tider ille!

Kl 8:30 møtte dei første opp, miniknott og lilleputt skulle først til pers. Me var akkurat i gong med å setta opp telta då vatnet plutseleg datt ned frå himmelen! Dette kunne bli interessant. Arrangørane frå Haugil IL var nok litt uroa for grasmatta og korleis dette skulle gå.

Men då dommarane bles i gong dei førsta kampane, slutta regnet, og det haldt seg vekke i alle fall så lenge miniknott, knott og lilleputt spelte. Det var ungdommane som fekk det vått i dei siste kampane sine. Alt i alt må ein seia ein var heldig med veret likevel. Grasbanen fekk rett nok køyrt seg, og spesielt lilleputtane blei tunge i beina mot slutten

Suldal IL stilte med to lag i miniknott, fire i knott, tre i lilleputt og eitt i ungdomsklassen. Totalt 85 spelarar i gult og svart.

(meir…)

Endeleg er Balanseparken i Prestavikjo open!

Endeleg kan me seia det – Balanseparken i Prestavikjo er open! 🎉

Dette har vore eit prosjekt med utruleg mange flinke folk i sving, og me i Suldal IL er skikkeleg stolte av resultatet. Mange dugnadsfolk har lagt ned ein stor innsats for å få parken på plass, og utan denne fantastiske dugnadsånda hadde me ikkje vore der me er i dag.

Måndag 17. august vart dei siste detaljane monterte på parken. Tysdag 18. august var det planleggingsdag i barnehagen, og me bestemte oss difor for å laga ei litt spontan «pop-up»-opning klokka 12.00. Opninga vart berre lagt ut dagen før, så me visste ikkje heilt kva me kunne venta oss.

Men for ein respons! 🤩

Rundt 100 personar møtte opp for å vera med på opninga. Det er rett og slett heilt utruleg når ein tenkjer på at arrangementet berre vart annonsert dagen før. Det viser verkeleg kor mykje engasjement og interesse det er for aktivitetstilbodet i Suldal.

Ein ekstra stor takk må rettast til BG Suldal, som stod for grunnarbeidet i forkant av monteringa. Dei lånte også ut maskin til arbeidet med tilbakefylling, medan maskinføraren stilte opp på dugnad. Tilbakefylling og montering av modular og utstyr vart gjort på dugnad. Tusen takk til alle som stilte opp og bidrog med ein kjempeinnsats!

Me vil også rette ein stor takk til Statkraft, som lét oss lagra utstyret vårt hos dei fram til me fekk eige lagerbygg å oppbevara det i. Det har vore til stor hjelp for oss gjennom prosjektet. Tusen takk for at de stilte opp og hjelpte oss undervegs!

Bakka Industri Mek bidrog med flytting av modulane og monteringshjelp til balanseparken. Tusen takk for hjelpa og for at de stilte opp!

Sjølve Balanseparken er levert av Uniqa AS. Dei har vore svært gode å samarbeida med og har vist stor støtte og fleksibilitet undervegs. Me er svært nøgde med både samarbeidet og resultatet.

Det står framleis att litt arbeid før alt er heilt ferdig. Lys skal monterast av Ryfylke Elektro AS, og dette kjem på plass så snart det er klart. 💡

No håpar me at Balanseparken blir ein kjekk og mykje brukt møteplass for små og store, og at mange får glede av å klatra, balansera, leika og utfordra seg sjølve.

Tusen takk til alle som har bidrege – dette er dugnadsånd på sitt beste! 🙌

Opningsdagen – 18. august 2026.

Minst tre lastebilar med utstyr gjekk med til prosjektet.

Mykje og stort utstyr krev god lagerplass.

Endeleg er utstyret på veg frå lageret og klart for montering. Bakka Industri Mek stilte opp.

Grunnarbeidet er utført av BG Suldal, og dugnadsgjengen er godt i gang med å setja saman og skru fast modulane..

Oppi tønnene blir det fylt med betong.

Asfalt rundt gummidekket skal gi ein finare og meir solid finish.

Me var spente på korleis dei skulle få laga mønsteret i toppdekket som var lagt inn.

Gutane frå Lindeland Maskin er godt i gang med å leggja det gule topplaget.

Tom Gardsteig tok den siste finpussen før opninga.

Pop-up-opning med pop-up-kiosk.

Utmerkingar for framifrå idrettsprestasjonar

Suldal Idrettslag har også i året 2025 vist godt igjen.

Suldal IL er heldige som har så mange dyktige og dedikerte utøvarar. Resultata i 2025 viser at det vert lagt ned mykje arbeid av både utøvarar, trenarar og føresette gjennom heile året. At fleire av våre løparar hevdar seg både på krets- og nasjonalt nivå, er noko heile idrettslaget kan vere stolte av.

Fleire utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til utmerking for framifrå idrettsprestasjonar. Utmerkinga kan berre tildelast éin gong i kvar klasse.

Thomas Bakka, Simon Bakka og Jone Gjuvsland har alle motteke utmerkinga tidlegare i sine klassar, og vert difor ikkje tildelte ny utmerking sjølv om dei på nytt oppnår resultat som kvalifiserer.

Thomas Bakka

Thomas har levert sterke resultat på nasjonalt nivå gjennom sesongen. Han oppnådde topp 20-plasseringar i norgescup- og NM-renn:

  • 15. plass på 10 km klassisk under Norgescupen i Molde
  • 16. plass på 3,75 km klassisk under Norgescupen på Gjøvik
  • 16. plass på 15 km klassisk under NM Junior på Lygna

Simon Bakka

Simon har hatt ein sterk sesong med fleire gode resultat:

  • 7. plass i sprint fristil under Hovudlandsrennet
  • Krinsmeister i sprintstafett under KM på Sandrip saman med Daniel Bakka

Jone Gjuvsland

Jone har igjen vist at han høyrer til blant dei beste i sin årsklasse:

  • Krinsmeister i klassisk distanse på Brokke
  • Krinsmeister i fristil under SI-rennet på Sandrip
  • Krinsmeister i rulleski under KM på Sandrip
  • 10. plass i fristil under Ungdommens Holmenkollrenn
  • 17. plass i klassisk under Ungdommens Holmenkollrenn

Daniel Bakka

Så har me årets mottakar av utmerking for framifrå idrettsprestasjon, som òg har hatt ein god sesong.

Daniel Bakka får utmerking for framifrå idrettsprestasjon i 2025.

Årsmøtet i Suldal IL grunngir tildelinga med at Daniel Bakka:

  • Vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets på Vindbjartmixen, KM sprintstafett på Sandrip

Me gratulerer Daniel med utmerkinga og alle utøvarane med ein flott sesong.

Gruppeleiar for ski, Arvid Laugaland, overleverte utmerkinga til Daniel Bakka.

Sparebanken Norge slår på stortromma – igjen! Kr 400.000 til Prosjekt Prestavikjo!

Sparebanken Norge hadde i går ein ny runde med tildelingar til gode formål i Suldal, nesten 1,2 million kroner delte dei ut på kaien på Sand, og 1/3 av desse midlane gjekk til Prestavikjo.

Desse midlane gjer at me kan gå i gong med asfaltering av Nordre sving og få på plass etterlengta ballfangarnett, padeltennis og fleirbruksbane. Det er ikkje til å legga skjul på at pris på grunnarbeid og asfaltprisar er usikre og stadig endrande tal. Det hjalp ikkje på asfaltprisane at det blei blokkade i Hormuzstredet. Tilskotet frå Sparebanken Norge var gull verd og kom i akkurat rett tidspunkt. Hans Olav frå banken kom med den gode meldinga ti minutt før me skulle setta oss ned og sjå på økonomien i prosjektet, så det blei eit lystig møte, og eit kortare møte enn me hadde sett føre oss.

Med denne gåva har nå Sparebanken Norge gitt heile 1,4 million til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!». Det er heilt fantastisk, og me er kjempeglade for å ha ein så solid støttepartnar. Det er også veldig kjekt at også mange andre i kommunen nyt godt av deira støtte. Vår gode nabo og samarbeidspartnar Suldal Samfunnshus fekk også 100.000 til energitiltak, noko me applauderer! Fleire andre i bygda, og totalt 18 organisasjonar i kommunen naut godt av gåverunden i vår.

Under ser de alle gåvemottakarane, og de kan lesa meir i Suldalsposten

Tusen takk nok ein gong!

Foto: Andreas Lange, Suldalsposten

Gåvesjekken frå SR-Bankstiftinga er på plass!

Som tidlegare meldt, støttar Sparebankstiftinga SR-Bank Prosjekt Prestavikjo med nye kr 100.000,- Desse pengane er øyremerka sandvolleyballbane.

Vibecke Helland frå SR-Bank kom og overrakte det synlege provet på gåva, og bildet blei tatt der sandvolleyballbanen skal komma. Det blir midt i søndre sving, og kanskje er den på plass til neste sommar.

Me takkar igjen for gåva frå banken, det er stas og ha dei med på laget!

Vibecke Helland frå Sparebankstiftinga SR-Bank er på plass i Søndre sving der sandvolleyballbanen skal komma. Jon Bråtveit tek strålande nøgd i mot gåva på veigne av Suldal IL.

6. div: Finnøy – Suldal 1-2

A-laget har nå tre strake bortesigrar og er i flyten. Nå står ein bortekamp mot Lura før tur før me endeleg får sjå laget vårt på heimebane i Prestavikjo i ein tøff kamp mot Hjelmeland laurdag 13. juni kl 13.00.

Det var ulike framkomstmiddel som måtte til for å komma seg til kamp. Ein liten smakebit her:

Denne gong nyttar me oss av eit balansert og godt referat frå Finnøy si lokalavis Øyposten. Klikk deg vidare i saka for og lesa.

(meir…)