Trimgruppa har vore i dagsturhytta og vaska den inni, etablert nye gangvegar i stien, skilta bedre til både Stråpanuten og Bjødlenuten, og det viktigaste av alt: ny skogstrimbok er på plass i dagsturhytta i Bjødlenuten.
På sikt vil trimgruppa henga opp kasse ute, men enn så lenge ligg trimboka inne i hytta.
Skriv namnet ditt, og ver med i trekninga av fine gåvekort.
Det er nokre år sidan me sist var i Sauda på cup, men i år tok me turen inn med 10 lag og 54 spelarar.
Dei gule draktane skein om kapp med sola, og det blei nok ganske varmt og vèl godt for fleire utover dagen. Laga var meldt på med få eller ingen innbyttarar, og kampane varte i 28 minutt, så her fekk alle verkeleg mykje speletid. Her var reine gute- og jentelag (stort sett), og nokre av laga var også reine klasselag.
Denne inndelinga er annleis enn me er vant med frå Suldalsserien, så spelarane får spelt saman med spelarar dei gjerne ikkje spelar så ofte med til vanleg. Mest spent var kanskje dei yngste som ikkje har vore med på så mange kampar endå, og 10-åringane, samt to 9-årsjenter, som skulle vera med dei eldre og spela på 7’ar-bane. Dei kom alle godt frå det!
Stort sett møtte laga våre passande motstand, men som alltid er det nokon lag som vinn og nokon som taper. Slik er fotballen, og slik er visst også livet. Ein må gjera sitt beste, og så kan ein øva meir og få ein ny sjanse snart. Om ei og ei halv veke startar Suldalsserien for nokre av laga.
Takk til Sauda IL for arrangementet, og takk til lagleiarar, føresette og andre familiemedlemmer som sette av laurdagen til ein kjekk fotballdag for ungane!
Endelig ruller den runde kula rundt på ulike baner i norges land. Likevel er våre auger retta mot 6 divisjon avdeling 3 der Suldal sitt herrelag held til. Før denne sesongen hadde Ørjan teke ansvaret for laget med Jone som assistent. Ørjan skal var spelande trenar, men halde seg mest på sidelinja slik underteikna har forstått det ut frå treningskampane i vinter. Jone skal i hovudsak vere spelar, men var ei støtte i ulike avgjerslar rundt laget.
Til denne sesongen har det også blitt gjort tre gode signeringar i Jonas som kom frå 4 divisjonsklubben Hundvåg, Sveinung som kjem frå Jelsa, men spela sist i Norheimsund og Atle som er resignert frå Sauda. I tillegg er det fleire unggutar som har trena med laget i vinter og som er klar til å bidra. Marius som er son av tidlegare stoppar, Tor Arne, Sindre frå Suldalsosen. Sist av debutantar til seriåpningen var Isak Berakvam.
IL Sand arrangerer serie og cup i år. Nå er terminlistene for serien klare. Første serieomgang er 4. mai.
Kampane for kvart lag vil bli lagt inn i Spond etter kvart. Då får ein varsel om kampane, og kan melda seg av dersom ein ikkje kan stilla. Det vil nok bli ei Spond-gruppe for kvart lag. Dette kjem etter kvart.
Torsdag 30.mars reiste ein god gjeng med 11- og 12-åringar som deltar på Ivrigtreninga til Ølen for å spele treningskamp. Det vart eit tøft møte mot eit svært godt Ølenslag som til vanleg spelar i kretsserien. Etter ein litt nervøs start på kampen, vaks spelarane etterkvart med oppgåva, og i 2.omgang ga dei Ølen svært godt motstand. Det enda til slutt med 9-2 tap, men det var likevel god stemning og mange lovord på heimturen. Takk til Ølen IL for at me fekk til dette!
Suldal idrettslag har gjennom konkurransesesongen 2022/2023 hatt mykje god aktivitet der fleire utøvarar har vist gode prestasjonar. To utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking i årsmøtet, og det vart ekstra trukke fram at dei to er med på å skape godt miljø, samhald og lag i skigruppa frå dei yngste til dei eldste.
Øyvind Røgenes får si tildeling grunna krinsmeister 2022, men prestasjonane hans i langløp står vel så høgt. Han har nå trappa ned treningsomfanget, men den avtroppande gruppeleiaren for ski, Per Even Tjøstheim, trakk fram at: ja, han har gått fort på ski i år etter år, men samstundes har han teke seg tid til å vera med på treningar og samlingar for dei yngre. Dette vert lagt merke til, og har gitt merkbare positive ringverknadar i skigruppa.
Simon Bakka er «up and comming» og vart i tillegg til dobbelt krinsmeister 2023, vinnar av krinscupen i Agder og Rogaland skikreins 2022/2023. I cupen inngår totalt seks skirenn, og dei fire beste resultata vert teljande.
Dei to karane fekk sine utmerkingar i årsmøtet i går.
Simon Bakka
Årsmøtet grunngir tildelinga med at Simon Bakka vart dobbel krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i klassisk distanse og sprint fristil (G13).
Øyvind Røgenes
Årsmøtet grunngir tildelinga med at Øyvind Røgenes vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i 15km klassisk, Menn senior.