KM Agder Rogaland del 2 – Resultatservice
Her kjem oppdaterte resultatlister.
KM AR del 2 – sprintstafett – startliste
Live tider ser ut til å fungere igjen, og kan finnes på KM AR 2022 del 2 distanse (eqtiming.com)
Offisiell Resultatliste KM AR Del 2
Startliste KM del 2 distanse – 19.februar 2022
Tore kåra til 5. beste spelar i 6. divisjon!
Tore Bendiksen Søraas er av Stavanger Aftenblad kåra til den 5. beste spelaren i 6. divisjon i sør-fylket!
Aftenbladet har gått gjennom spelarar i 3.-7. divisjon og lista opp det dei meiner er dei beste spelarane sør for Boknafjorden i Rogaland. Her har altså Tore fått ein solid 5. plass. Dette er ikkje berre spelarar frå vår 6. divisjons-pulje, men frå alle puljene i sør-fylket. Det er ikkje tvil om at Tore er ein viktig spelar for oss i Suldal, og han kunne som det blir nemnd i artikkelen ha spelt fleire divisjonar høgare. Derfor er det heilt suverent at han framleis prioriterer å stilla til kamp for Suldal. Sjå artikkelen her for dei som har abonnement.
Tore har blitt lagt merke til tidlegare også. I 2010 (11 år sidan!) blei han uoffisiselt av Sviland kåra til beste spelar i 5.divisjonspulja me den gong spelte i. 11 sesongar mellom to slike bragder står det respekt av. Det kan de lesa om her.
Litt artig at blidet som blei brukt (sendt av oss) er frå veteranturneringa der Tore fekk dispensasjon til å spela pga opptil fleire strekkskader på veteranane alt i første kamp! Me reknar med at Tore både er på a-lag og veteranlag om 11 år!
Gratulerer Tore!
Sal av jubileumsbok: Suldal IL 75 år
Suldal Idrettslag si jubileumsbok for 75-årsjubileumet er nå til sal.
Boka er skriven av Terje Bråtveit og Nils Bergjord, med bidrag frå dei tidlege åra i form av studieoppgåve av Arne Mehus.
Ein kan kjøpa boka på
- Joker Suldalsosen
- Coop Suldalsosen
- Sand bok og IT
Ein kan også bestilla boka ved å senda e-post til jubileumsbok@suldal-il.no eller senda melding til Jon Bråtveit på tlf 924 51 155. Om skal senda boka, må ein rekna kr 106,- i porto i tillegg til utsalsprisen på kr 250,-
Jubileumsfest: 75 år!
Suldal IL vart stifta i 1946, noko som gjer at ein i helga kunne feira 75-årsjubileum for idrettslaget!
Dagen blei feira med aktivitetar for barn i gymsalen på dagtid. Her var det mange aktivitetar, godt leia av flinke og engasjerte ungdommar. Alle som prøvde seg fekk spesiallaga medalje, pølse, lapp og saft. To av hovudsponsorane, Sparebanken Vest og Statkraft, hadde stand med konkurransar og quiz, der Statkraft trakk glade vinnarar av fenalår, fruktkorg og Twist. Suldal IL sjølv hadde stand med sal av litt overskotsklede, quiz og ikkje minst sal og signering av den rykande ferske jubileumsboka skrive av Terje Bråtveit og Nils Bergjord. Det var også kiosk. (meir…)
NY påmeldingsfrist jubileumsfest: Torsdag 25/11
Det tikkar inn med påmeldingar til fest, men det er plass til fleire! Sjå neste sak for påmelding.