Terminlister Suldalsserien 2023

IL Sand arrangerer serie og cup i år. Nå er terminlistene for serien klare. Første serieomgang er 4. mai.

Kampane for kvart lag vil bli lagt inn i Spond etter kvart. Då får ein varsel om kampane, og kan melda seg av dersom ein ikkje kan stilla. Det vil nok bli ei Spond-gruppe for kvart lag. Dette kjem etter kvart.

Her er terminlistene:

Ivrigtrening 11-12 år har spelt treningskamp.

Torsdag 30.mars reiste ein god gjeng med 11- og 12-åringar som deltar på Ivrigtreninga til Ølen for å spele treningskamp. Det vart eit tøft møte mot eit svært godt Ølenslag som til vanleg spelar i kretsserien. Etter ein litt nervøs start på kampen, vaks spelarane etterkvart med oppgåva, og i 2.omgang ga dei Ølen svært godt motstand. Det enda til slutt med 9-2 tap, men det var likevel god stemning og mange lovord på heimturen.
Takk til Ølen IL for at me fekk til dette!

Utmerkingar for framifrå idrettsprestasjonar

Satsing, tålmod og trening gir resultat

Suldal idrettslag har gjennom konkurransesesongen 2022/2023 hatt mykje god aktivitet der fleire utøvarar har vist gode prestasjonar. To utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking i årsmøtet, og det vart ekstra trukke fram at dei to er med på å skape godt miljø, samhald og lag i skigruppa frå dei yngste til dei eldste.

Øyvind Røgenes får si tildeling grunna krinsmeister 2022, men prestasjonane hans i langløp står vel så høgt. Han har nå trappa ned treningsomfanget, men den avtroppande gruppeleiaren for ski, Per Even Tjøstheim, trakk fram at: ja, han har gått fort på ski i år etter år, men samstundes har han teke seg tid til å vera med på treningar og samlingar for dei yngre. Dette vert lagt merke til, og har gitt merkbare positive ringverknadar i skigruppa.

Simon Bakka er «up and comming» og vart i tillegg til dobbelt krinsmeister 2023, vinnar av krinscupen i Agder og Rogaland skikreins 2022/2023. I cupen inngår totalt seks skirenn, og dei fire beste resultata vert teljande.

Dei to karane fekk sine utmerkingar i årsmøtet i går.

Simon Bakka

Årsmøtet grunngir tildelinga med at Simon Bakka vart dobbel krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i klassisk distanse og sprint fristil (G13).

Øyvind Røgenes

Årsmøtet grunngir tildelinga med at Øyvind Røgenes vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i 15km klassisk, Menn senior.

Kr 50.000,- frå Stråpa Kraft AS til Prestavikjo!

Frå Wikipedia.no

Før helga kom det ny, kraftfull melding om støtte til Prosjekt Prestavikjo, denne gong frå Stråpa Kraft AS.

Heile 50.000,- kroner kjem frå kraftprodusenten til nærmiljø- og fleiridrettsanelgget me håpar på komma i gong med før sommaren. Det er skrive før, men me skriv det igjen: Veldig kjekt med lokal støtte og ser nytta av å legga til rette for aktivitet og møtestad.

Stråpa Kraft AS eig Stråpa kraftverk som nyttar fallet på 456 eller 457 meter i Stråpaåno. Kraftverket nyttar peltonturbin, og har generator på 4,4 MW. Årsproduksjonen sprikar i følge Wikipedia.no mellom 9,6-13,5 GWh.

Tusen takk for støtta!

Kr 15.000,- frå Vaage Kraft AS til Prestavikjo!

Vaage kraftverk. Henta frå Wikipedia.no

Det er godt engasjement frå lokale aktørar til «Prosjekt Prestavikjo». Her om dagen kom det inn kr 15.000,- frå Vaage Kraft AS!

Som alle andre tilskot, vil også desse komma godt med for å få finansiert nærmiljøanlegget i hjartet av bygdo. Me er veldig glade for at mange vil vera med for å få til dette.

Vaage Kraft AS er eigar av Vaage kraftverk og nyttar i følge Wikipedia.no eit fall på 125 meter. Installert effekt er 490 kW frå tre Vanvik peltonturbinar, og årsproduksjon er 1,58 GWh.

Kjelde: wikipedia.no 24.03.2023.

Tusen takk for støtta!

Skikarusellen 2023

Om lag 180 ivrige skiløparar har i vinter delteke på Telenorkarusellen i lysløypa på Gullingen. Veldig gledeleg at så mange nye aspirantar har komme med og gjort kveldane i løypa ekstra kjekke.

Foto: Suldalsposten

Fire kveldar i februar og mars har Hjelmeland IL og Suldal IL invitert til skifest for både aktive, aspirantar og trimmarar. Aldersspennet har vore stort, frå dei yngste i barnehagealder og til dei eldste kor me òg har hatt med eit par pensjonistar. Skikarusellen er meint til å vera eit lågterskel-tilbod til alle som har lyst til å gå på ski, gjerne saman med fleire. Om ein vil konkurrere mot andre, med seg sjølv eller berre ha seg ein fin skitur, er det plass til alle.

Siste og fjerde renn gjekk i mildt, og til tider litt fuktig vêr. Regnet såg derimot ikkje ut til å lage noko dårleg stemning og det var berre blide fjes å sjå både ute i løypene og inne i varmestova. Denne kvelden var det tid for premieutdeling, og det vanka både luve og glas til alle.

Sjølv om det i lågheia har minka ein del på snøen er det framlies flotte skiforhold. Kanskje du er sugen på fleire skiturar utanom skikarusellen? Då vil det framleis vere bra i lysløypa, men òg i heia elles, til langt over påske. Søndag 26. mars går òg Hamrabørennet av stabelen. Dette er eit familierenn for både aktive, trimmarar og aspirantar. Sjå info på HAMRABØRENNET 2023 | Suldal idrettslag (suldal-il.no)

Hjelmeland IL og Suldal IL takkar deltakarar, foreldre og besteforeldre for i år og ønskjer velkomen att til ny karusell neste vinter!

Her er lister over deltakarar og resultat samanlagt og siste renn: