Årets siste kamp sist laurdag, og det mot det suverent beste laget i divisjonen. Korleis skulle det gå?
Tja, ganske bra i første omgang. Suldal har fleire gonger vist at dei får ut sitt beste mot dei beste laga. Både mot Madla 3 i fjor og mot laget som til slutt rykka opp, Fiskå, har me vore heilt jamne.
I første omgang mot divisjonsvinnarane Madla 3, spelte Suldal godt. Dei var jamne med Madla i banespel og viste gode takter. Madla hadde gjerne ikkje marginene på si side, men Suldal gjorde jammen sitt for å gjera det vanskeleg for gjestene. Fleire gode kombinasjonar, og ein vilje til å spela langs bakken gjorde at det var kjekt og sjå på. Det var flott og sjå på då me kom rundt på høgresida. Nesten ei veke etter kamp hugsar ikkje underteikna kven som slo inn eit flott innlegg (orsak!), men i enden av innlegget var Jone Utbjoa. Han pressa ein blåkledd forsvarar såpass at det blei sjølvmål. 1-0 til Suldal!
Nå nærmer det seg sesongslutt for begge seniorlaga våre. Både A laget og 7 er laget ligg litt over midten på tabellen, men kan med full pott klatre på tabellen.
Kva er vel betre enn ein fortjent seier borte mot Storhaug på Midjord? Sikkert mykje, men deilig er det. Torsdag 15 mai, to dager før pølser, is, nasjaldag, sol på kroppen og noko godt i koppen blei kampen avvikla. Det etterkvart tradisjonelle oppgjøret mellom Suldal og Storhaug. Dei gule og svarte frå dalstroka i Ryfylke har etterkvart fått eit godt tak på dei raudkledde «byasane» frå Storhaug. Dei gode resultata skulle fortsette for suldølen etter kampen
Dommar var før kampen informativ til både representantar for laga og dagens kapteiner der han fortalte korleis han la linja og om dei nye reglene med at kun kaptein kan ta opp ting med dommaren. Ein grei måte å formidle dette på og dommaren skulle vise seg å var av det gode slaget.
Ny vanskelig bortekamp for Suldal då me tok turen til Røyneberg for å møte Våganes til dyst. Motstanderen vår denne mandags kvelden spelte nylig i 5 divisjon, så det var uten tvil eit godt lag som stor på andre banehalvdel. Suldal hadde før denne kampen ein seier, ein uavgjort og eit tap. Våganes på sin side kunne skilte med eit 7-1 tap og ein 6-2 seier.
Endelig bortekamp for Suldal i 6 divisjon. Første reisekamp denne sesongen var mot eit lag me har møtt mange gonger, Hundvåg 2. Dette er eit lag me har hatt eit dårleg tak på borte, men ein kan jo spekulere i om dei i det heile tatt spele med dei spelerane som til einkvar tid står på dommarkortet.
Haustsesongen er godt i gong og me nærmer oss midten av september. Hausten står for tur med vind, regn og kaldere vær. Slik var det også denne tirsdagkvelden når nummer to og tre på tabellen skulle kjempe om poeng.