by Jon Bråtveit | okt 9, 2022 | A-laget |

Toppskårar for tredje sesong på rad: Tore Bendiksen Søraas. Fire mål i dag, 13 totalt.
Aldri har det vore så godt med revansje som i dag!
Det var to ting som gjorde lokalderbyet spesielt interessant i dag: Me hadde behov for revansje etter den grusomme 2. omgangen me hadde i bortekampen mot Hjelemeland, og Hjelmeland måtte ha poeng for å unngå sisteplassen og nedrykk. Me vil jo helst ha Hjelmeland i same divisjon som oss, men etter den audmjukinga me opplevde i år, var det ingen nåde. Så pleier det jo ofte bli slik at ein får behalda plassen i divisjonen sjølv om ein rykkar ned. Så forhåpentlegvis møtest me igjen neste år.
Hjelmeland var klar for å kjempa for plassen sin. Det gjekk vel om lag 18 sekund før dei slo ein lang ball i vårt bakrom. Spissen gjorde ingen feil, og 0-1 var eit faktum. Rett etter var dei gjennom nok ein gong, men då fekk me avverga. Så kom me meir med og fekk spelt ballen slik me ønskjer. Spesielt farleg vart Sander Deilkås, tilbake i Suldalsdrakt etter mange år vekke. Ved fleire høve fekk han gjennomspel og kom seg inn i boksen. Ein gong var ein god hjelmelandskeeper raskt nede og avverga, neste gong blei han takla og dommaren bles straffe. Straffen sette kaptein Jone Utbjoa trygt i mål, og me var tilbake til start. (meir…)
by Tor Olav Berge | sep 17, 2022 | A-laget, Fotball |
Dette blir eit referat frå dei tre siste kampane til Suldal. Det enda med to tap og ein seier. Det skal seias at ulike faktorer har ført til desse resultata, meir om det om du les vidare. (meir…)
by Jon Bråtveit | aug 21, 2022 | A-laget |
Pol var gjester i den første kampen for sesongen.
Pol ligg sist på tabellen, men har plukka ein god del poeng. Det var med andre ord ingen grunn til å ta lett på denne kampen, Med tap ville me vore omtrent likt på tabellen. Med siger fekk ein los på 3. plassen og det beste 1’ar-laget i pulja. 1. og 2. plass ser ut til å vera vanskeleg å gjera noko med, 2’ar-laga til Hinna og Vaulen satsar stertk på opprykk.
Mange gode namn på blokka vår til denne kampen, og sjølvsagt noko fråfall. Nokre har trent godt siste del av sommaren, mens andre har mange andre ballar i lufta og ikkje fått så mykje fotballkontakt. (meir…)
by Tor Olav Berge | jun 26, 2022 | A-laget, Fotball |
by Tor Olav Berge | jun 18, 2022 | A-laget, Fotball |

Hallvard Erfjord var involvert i alle tre måla i dag.
Etter den famøse opptrednen mot Hjelmeland var me igjen klar for bortekamp. Denne gong var motstander, Storhaug som me allerede tidligere i sesongen hadde møtt og delt poeng med.
Til denne kampen hadde me mista enkelte spelerar og andre fekk fri. Det var likevel ein god og fin tropp som gjekk inn dørene på det gamle garderobeanlegget på Midjord. Det er eit nytt og flott bygg med nye garderober rett ved, men dette er nok forbeholdt Brodd som tydelig har førsterett på alt på dette kommunale anlegget. Likevel var fasilitetene greie sjøl om me nærmast delte garderobe med dagens motstander.
(meir…)
by Tor Olav Berge | jun 16, 2022 | A-laget, Fotball |
Aftenbladet henvendte seg til oss før kampen mellom Hjelmeland og Suldal der de kunne fortelle at de ønska å sende denne kampen på direkten med kommentator og heile greia. Dermed skulle tonen og rammene var satt før kampen.
Før denne kampen kom me frå eitt heiderleg, men surt tap mot Vaulen 2 i ein kamp der me viste oss frå vår beste side deffensivt. Suldal har sluppet inn altfor mange mål denne sesongen, så kampen mot Vaulen 2 var ein opptur og me kunne ta med oss mykje positivt frå denne kampen inn mot oppgjeret mot Hjelmeland. (meir…)