Det går mot påske og a-laget innleier høgtida med treningshelg.
Bak f.v.: Dawud Ibrahim Dawud, Marius Sigstad, Simon Skov Short, Sveinung Nessa, Tom van Ruiven, Tore Bendiksen Søraas, Torjus Steine, Ingve Berge, Daniel Berge Espe. Framme f.v.: Atle Mehus, Jone Utbjoa Isak Berekvam Steine, Arin Eirikssønn, Håvard Fatnes, Mohammed Ibrahim Dawud, Rene Adjemi. Trenar Ørjan Underbakke.Arne Vatland stilte sporty opp som dommar.
Lørdag var det klart for treningskamp mot eit lag samansett av suldøler som sporty stilte opp for å gi a-laget kamp. Prestavikjo viste seg frå si beste side med sol, glimrande forhold og like grøn matte som alltid. Mange tilskodarar og rein hosianna-stemning både på og utanfor banen, som seg hør og bør ei palmehelg. Spelet bar preg av ein viss nivåforskjell, og det skulle vel berre mangle. På eine sida eit nykomponert lag, for anledninga i kvitt, med ein mix av spelarar i alle aldre, heilt ned til ungdomsskulealder. Unggutane Emil, Aksel og Rasmus gjorde ein god figur for kvittrøyene og spesielt sistnemnde som tok jobben med å vokte målet og som hadde fleire gode inngrep.
På andre sida Suldal som har ein god treningsvinter bak seg, og som hadde sin siste kamp før det verkeleg brakar laus om eit par veker med seriespel. Etter kvart i kampen fekk Suldal hol på byllen og det vart til slutt sju mål, og det burde nok vore fleire. Verdt å nemne av måla er Ørjan si frisparkperle mot slutten og Håvard sitt velplasserte skot i lengste etter ein finurlig assist frå Atle (skot som gjekk bakover i banen).
(Sidan referenten er ny i a-lagstroppen, bør administrator trø til og redda han: Jone putta visstnok to mål, og nåde den som gløymer å referea at han skårar! Me kan og nemna at i dagens lag er det fleire nye fjes: Nemnde Sveinung Nessa er Jelsabu og herja på midtbanen deira i seniorserien i kommunen i fjor. Han har tidlegare spelt seniorfotball for Norheimsund. Med seg frå Jelsa har han Marius Sigstad. Han har mange år bak seg i Suldalsgutane. Isak Berekvam Steine frå Nesflaten var også med på Suldalsgutane. Atle Mehus kjem frå Sauda, og er ein gammal kjenning. Han skulle spelt for Suldal i 2020, men korona sette stoppar for den sesongen. I fjor spelte han for moderklubben Sauda, men dei stiller ikkje lag i år. Med slek i Vik er han nesten som suldøl å rekna, og ein solid forsterking for oss.)
Bakerst for Suldal kontrollerte ein trear beståande av Tom, Ingve og Torjus med ro og mange fine ballar framover i banen. Det vart likevel eit mål til «gjestane» mot slutten. Pål Erik Jelsa Landsnes viste gamle kunster og ekspederte med stoisk ro ein ball i mål frå corner. 7-1, og med det resultatet kan Suldalsspelarane snart trygt sprette påskeegget og lade batteria til seriestart.
Referent: Sveinung Nessa.
Norsk Stein All-stars: Bak f.v: Aksel Vassbø, Olav Bakka Berge, Stian Ollila, Nils Erfjord Haaranes, Sander Veland Erichsen, Ådne Kolstø, Andre Vatland, Stian Haugsland, Johannes Wigestrand. Framme f.v.: Rasmus Steine, Emil Hagen, Rune Lovra (initiativtakar), Christer Hansen, Ole Marius Tveiten, Sebastian Nesheim, Pål Erik Landsnes, Oleh Porolo. Lagleiar: Arve Herabakka.
Statistikken for a-laget er oppdatert etter 2022-sesongen.
Det er litt kjekt og sjå gjennom listene og finna namn listene ein gjerne hadde gløymt ut har spelt fotball for Suldal IL sitt a-lag. Frå 2009 har me også ganske god kontroll på antal kampar og mål. Det er nokre år sidan listene blei oppdatert på heimesida, men dei blei oppdatert til Jubileumsboka til Suldal IL i 2021.
Klikk på dei blå lenkjene for å komma til listene:
Tore blei årets spelar for tredje gong. Her bilde frå sist gong i 2009-2010!
Sesongen 2022 er over for a-laget i 6. divisjon.
Det enda med 6. plass, eitt poeng bak laga på 4. og 5. plass. Ei lita oppsummering av sesongen finn ein på slutten av kampreferatet frå siste kamp: Suldal – Hjelmeland.Suldal – Hjelmeland.
Etter kampen var det samling på Båthuset på Sand med fotball på TV, pizza, quiz og utdeling, før Sjøhuset stod for tur for mange. Soleklar quizvinnar blei Ørjan Underbakke, han var best både i 6. divisjonsquiz og Premier League. Ein pose med bamsemums blei premien.
Åtte personar fekk heider og ære. Desse var: (meir…)
Toppskårar for tredje sesong på rad: Tore Bendiksen Søraas. Fire mål i dag, 13 totalt.
Aldri har det vore så godt med revansje som i dag!
Det var to ting som gjorde lokalderbyet spesielt interessant i dag: Me hadde behov for revansje etter den grusomme 2. omgangen me hadde i bortekampen mot Hjelemeland, og Hjelmeland måtte ha poeng for å unngå sisteplassen og nedrykk. Me vil jo helst ha Hjelmeland i same divisjon som oss, men etter den audmjukinga me opplevde i år, var det ingen nåde. Så pleier det jo ofte bli slik at ein får behalda plassen i divisjonen sjølv om ein rykkar ned. Så forhåpentlegvis møtest me igjen neste år.
Hjelmeland var klar for å kjempa for plassen sin. Det gjekk vel om lag 18 sekund før dei slo ein lang ball i vårt bakrom. Spissen gjorde ingen feil, og 0-1 var eit faktum. Rett etter var dei gjennom nok ein gong, men då fekk me avverga. Så kom me meir med og fekk spelt ballen slik me ønskjer. Spesielt farleg vart Sander Deilkås, tilbake i Suldalsdrakt etter mange år vekke. Ved fleire høve fekk han gjennomspel og kom seg inn i boksen. Ein gong var ein god hjelmelandskeeper raskt nede og avverga, neste gong blei han takla og dommaren bles straffe. Straffen sette kaptein Jone Utbjoa trygt i mål, og me var tilbake til start. (meir…)
Dette blir eit referat frå dei tre siste kampane til Suldal. Det enda med to tap og ein seier. Det skal seias at ulike faktorer har ført til desse resultata, meir om det om du les vidare. (meir…)
Pol ligg sist på tabellen, men har plukka ein god del poeng. Det var med andre ord ingen grunn til å ta lett på denne kampen, Med tap ville me vore omtrent likt på tabellen. Med siger fekk ein los på 3. plassen og det beste 1’ar-laget i pulja. 1. og 2. plass ser ut til å vera vanskeleg å gjera noko med, 2’ar-laga til Hinna og Vaulen satsar stertk på opprykk.
Mange gode namn på blokka vår til denne kampen, og sjølvsagt noko fråfall. Nokre har trent godt siste del av sommaren, mens andre har mange andre ballar i lufta og ikkje fått så mykje fotballkontakt. (meir…)