Arne gir seg som a-lagstrenar

Arne gir seg som trenar for herrelaget til Suldal IL.

Det er kjekt med avslutningsfestar, men det var ikkje berre sesongen som vart avslutta sist laurdag og det er ikkje alt på ei avslutning som er like kjekt. Trenar Arne Abrahamsen meddelte spelargruppa om at tida ikkje strekk til for å stå ved roret neste sesong.

Ny jobb og andre arbeidstider gjer det vanskeleg å kombinera med treningar på kveldstid og kampar i helger. Arne har vore trenar for a-laget i 2019 og 2021, og begge sesongar må ein kunne seia har vore ein sportsleg suksess. i 2019 var me eitt mål frå å vinna 6. divisjon og rykka opp til 5. I år blir det enten 2. eller 3. plass, der laget har overbevist i 8 av 9 kampar. Suldal kunne ha rana med seg eit poeng frå Staal som har gått ubesigra gjennom sesongen før siste kamp, og elles har dei gjort kort prosess med sju av dei andre laga. Det var berre Sørmarka som gjorde det vanskeleg for Arne i år. Det har vore spesielt kjekt med heimekampar med mange mål og stort antal publikum på tribunen. (meir…)

6 div avd 3 Brodd 3 1-8 Suldal

 

Hausluftå og dei gulbrune bladene på buskar og tre vitna om at fotballsesongen gjekk mot slutten laurdagen i oktober. Suldal sine beste menn skulle til

dyst for aller siste gong i denne korte, men flotte sesongen i 2021. Laget som denne gong skulle vera motstandar var Brodd 3 på ein bane som er for liten for 11-fotball. Me har hatt fleire kampar opp gjennom åra på denne banen med blanda hell. (meir…)

6. div: Suldal – Hjelmeland 5-0 (2-0)

Sol + litt regn = dobbel lukke!

Siste heimekamp for sesongen baud på lokaloppgjer.

Eit Suldal som har valsa over alle motstandarane i Prestavikjo tok i mot Hjelmeland som i år rett og slett har hatt det tungt. I kolonna for poeng i tabellen stod det ein smultring før kampen, og den står der framleis etter denne kampen.

Heimelaget hadde nokre småsjansar i starten av kampen, men som vanleg i starten av kampane var det ein del gruff i speleflyten og killer-instinktet framfor motstandaren sitt mål. Nærast var Tom van Ruiven med eit flott langskot frå kanten av straffefeltet. Han drog seg fri frå motstandaren og skrudde ballen i tverrliggaren. Hjelmeland hadde sin største sjanse i kampen rett før dette, då dei fekk ein ball i stolpen.   (meir…)

6. div: Madla 3 – Suldal 1-3 (1-3)

Visstnok billeg straffe til Suldal, seier rapportane. Rettvist at det ikkje blei mål då!

På tide å reisa kjerringo, snu skuto, komma seg opp på hesten igjen, etter ein ringe kamp sist helg. Lars Lavalette Tveit er vår referent denne gong. Her er hans syn på bortesigeren til Suldal:

Verforholda var fine for fotball. Ikkje for mykje vind og regnet hadde tatt seg ein pause.
 
Starten av kampen var prega av nervøsitet og høge skuldre. Dette reflekterte i spelet. Madla hadde mange feilpasningar og rota vekk ballen. Diverre var ikkje Suldal noko betre. Kampbilete som vart forma av dette var at ingen av laga fekk legga ballen på bakken og gjera spelet sitt. Då er det duellspelet som avgjer kven som får ballen. Madla var laget som var mest påskrudd, vann ballen og fekk difor flest sjansar i starten.
 

(meir…)

6 div avd 3 Sørmarkå 4-1 Suldal

Lite å hoppa i veret av for trenaren i denne kampen.

Den løken som fant opp sitatet «tap og vinn med samme sinn» kan ikkje ha brydd seg mykje om idrett og i alle fall ikkje 6 divisjons fotball.

For det er kjipt å var aktiv å være med på tap, det er kjipt å sjå når laget taper og det er vanvittig kjipt å skrive om ett tap. Likevel må eg prøve å få ned nokre ord som kanskje kan gi litt forklaring bak tapet. Nokre få lyspunkt fant ein også. (meir…)

6. div: Suldal – Hundvåg 7-2 (2-1)

Tore tilbake med hat-trick!

Suldal tok sin tredje heimesiger mot Hundvåg 2 sist helg. 

Den faste skribenten var ikkje til stades, så me lurer oss til å saksa referat frå mååål.no, den nye, lokale fotballsatsinga til Stavanger Aftenblad. De som er abonnentar kan inn der og lesa autogenererte referart frå Suldal IL sine lag i kretsserien, det vil seia a-laget, G13-laga og J14-laget. (meir…)