Telenorkarusell – Løp

4.karusellrenn vart avlyst p.g.a snømangel i mars. Me erstattar rennet med eit løp på barmark i Lysløypa.
Set av datoen 8.mai og finn fram joggesko!

Distansar:

Kort løype – 750 meter: 1.-4.klasse

Mellom løype – 1500 meter: 5.-10.klasse

Lang løype – 3000 meter: Junior og Senior

Natursti – Trim og Aspirantar

Løypa: Løpet føregår i trasèen i lysløypa. D.v.s at underlaget er myrterreng, og at det er ei nokså kupert løype (mellom løypa og lang løype).

Det blir utdeling av premiar for deltaking på Telenorkarusellen.
Kiosk blir det også.

Velkommen!

Løpsleiar: Olav B.Berge (95156785)

Skitreninga startar

Skigruppa startar opp treningane!
Sesongen startar på barmark og vert flytta opp på heio når det kjem snø.
Me har 3 grupper, som kvar nyttar Spond som kommunikasjonsmiddel. Tilgang til desse gruppene får de av trenarane.
I tillegg til treningar i vekedagane, vil me også prøve å få til felles treningssamlingar og klubbturar. Me håpar at mange også har lyst til å bli med på dette.
  • Den eldste gruppa (6.kl og oppover) startar opp tysdag 29.august, kl. 18.30. Oppmøte ved Samfunnshuset. Dei startar med desse treningstidene: tysdagar kl.18.30 og torsdagar kl.18.30. På torsdagane er også dei som ønskjer frå 5.kl. velkomne til å vera med.
Ansvarleg for treningane er : Magnus Bakka, Lars Lunde
  • Mellomgruppa (4.-5.kl.) har trening på tysdagar. Dei startar opp tysdag 29.august. kl.18.30 utanfor Samfunnshuset. Første trening føregår på rulleski.
Ansvarleg for treningane: Olav B.Berge, Tore Vik, Anita B.Vik
  • Den yngste gruppa (1.-3.kl.) startar opp tysdag 12.september utanfor Vinjar skule. Meir informasjon kjem som «ranselpost» og her på FB, når det nærmar seg.
Ansvarleg for treningane er: Jens Marcussen, Dagfinn N.Havrevoll, Kristian Smaamo
Her finn de informasjon om medlemsskap og innmelding i Suldal IL: https://www.suldal-il.no/?page_id=5347
Påmelding til renn og arrangement vil i år vera på: https://isonen.no/
Alle er hjarteleg velkomne til å vera med.
Har de spørsmål: Ta kontakt med ein av dei ansvarlege for treningane, eller med leiar for skigruppa: Magnus Bakka.