by Jon Bråtveit | mar 17, 2013 | Gamle minne |

Lagbilete på Ekeberg sletta.
Desse var med: Eivind Bjordal, Ove Bjordal, Svein Bjordal, Asle Fisketjøn, Jon Bjarne Hoftun, Leiv Åmund Hoftun, Tor Kvaløy, Frode Mehus, Frode Pettersen, Ove Andre Pettersen, Per Gunnar Tysnes, Arne Vold, Erik Walter Vold. Trenerar og lagleierar Olav Bjordal, Ingvar Rød, Jan Even Røttingen
Det er ikkje så ofte Suldal har stilt med lag i Norway cup, men i 1982 var det ein gjeng som reiste.
Arne Vold minnest:
«Meinar å hugsa det vart tap i alle tre innleiande kampar, trur me tapte ein fjerde ekstra kamp og. Premie for best orden på skulen me overnatta på gjekk sjølvsagt til Suldal (stilleste gutten på sovesal 1, som Lillebjørn song), og vart belønna med eit medisinskrin.
Sjølv om Viking vann serien dette året, var det mykje Vålerenga-flagg og skjerf å sjå på suldølen denne veka.»
Klikk på biletet for å sjå nærare på gutane.
Dette innlegget finn du igjen i menyen under «Nokre glimt frå tidlegare tider». Me tek i mot alt med takk! Send til nettansvarleg@suldal-il.no
by Jon Bråtveit | des 19, 2012 | A-laget, Gamle minne |

Suldal a-lag 1996
Av og til kjem det glimt frå tidlegare tider. Arne Vold melder følgande:
Fann eit arkivbilete av nokre A-lags spelerar på trening, truleg i Kilen på Nesflaten, publisert i Suldalsposten april 1996. Om fotballen var bra på den tida er det vel ingen som tvilar på…. men fargar var det verre med.
Utanom karane på biletet var visstnok desse med i stallen april 96; Trond Hjorteland, Jon Fløtre, Thorbjørn Samuelsson, Sveinung Steine, Oddbjørn Fisketjøn, Hans Erik Svennes, og Arnvid Bakke.
Klikk på biletet for å sjå nærare på den gyldne årgangen. Innlegget blir og å finne i menyen under Nokre glimt frå tidlegare tider.
by Jon Bråtveit | okt 6, 2011 | Gamle minne |

På sida Nokre glimt frå tidlegare tider vil me leggje ut minne me har fått tak i som gjeld Suldal IL. Me tek i mot alt materiale med stor takksemd, om det er bilete, tekst eller andre ting.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du sit på gode minne. Skulle du ha noko me kan bruke, send ei melding til Jon Bråtveit på e-post:
nettansvarleg@suldal-il.no
by Jon Bråtveit | okt 3, 2011 | Gamle minne |

1975, Vinjar skule sitt skulelag. Suldal - Hjelm 1-3
Utflytta suldøl Tor Kåre Fisketjøn har mange gode minne frå tida si i Suldal IL.
I dag bur han på Bryne, og derfor er det og nokre bilete som kan knytast til Bryne IL.
Tor Kåre fortel: (meir…)
by Jon Bråtveit | sep 26, 2011 | Gamle minne, Ski |

Nå er folk blitt så flinke til å leggje ut informasjon og saker på heimesida vår at enkelte ting går nettredaktøren hus forbi.
Under ei lita opprydding på ski-sidene oppdaga underteikna ei side med glimt frå tidlegare tider i Suldal IL som Torill la ut i vinter. Ikkje kan eg hugse å ha sett dette før, og dermed kan det vere verd å nemne på nyhende-sida og. Du finn glimta i menyen til venstre mest øvst. Du kan og bruke denne lenkja. Flott Torill!