Då har me hatt avslutningsfest for 7 er laget. Det var ein kjekk gjeng som stilte på Peppes Pizza.
Tjueseks spelerar brukt, syttiseks mål for og førtiein baklengs er de tørre fakta for sesongen til 7 er laget som held til i Stavanger. Yngstemann Sigurd på seksten år og eldstemann Tommy på førtiseks viser spennet i alder på spelerar som har bidratt i år. Alle desse tala er det som gjer at dette laget er så viktig for oss i Stavanger, men og for A-laget og suldalsfotballen generelt. Foruten Foldøy og Vanvik, er heile kommunen representert denne sesongen. Det er eit tilbud som kan favne mange og gir eit tilbud til både dei som har gitt seg med 11 er fotball og A lags spelerar som held til i byen.
Nå nærmer det seg sesongslutt for begge seniorlaga våre. Både A laget og 7 er laget ligg litt over midten på tabellen, men kan med full pott klatre på tabellen.
I Stavanger har me ein gjeng som trenar og spele kampar saman i serien for 7 er fotball. Treningane våre er på Stemmen kunstgras på Tasta og me prøver å trene kvar tirsdag og torsdag. (meir…)
Endelig fekk også me spele litt fotball med meining. Suldal 2 består stort sett av utflytta suldølar ispedd nokre karar me har henta utanbygds frå. Me skal spele 7 er fotball i det som mildt sagt må seie å vera ei knalltøff pulje. Lag som Vardeneset 3 og Vaulen 3, som kniva mot kvarandre i kretsmesterfinalen i fjor er i pulja vår. Serien vår begynne i slutten av april, men for å finne formen skal vi ha eit par treningskampar. Vidar 4 er eit lag me har møtt flere gonger før, men stort sett tapt mot. Me likar å møte dei beste for å bli dei beste☺ (meir…)