by Jon Bråtveit | mai 13, 2022 | Styret informerer |

Informasjonsmøte om «Prosjekt Prestavikjo».
Torsdag 12. mai fekk Suldal IL legga fram tankar om korleis ein kan få meir aktivitet i Prestavikjo på Vinjar Grendautval sitt møte.
67 tilhøyrarar i dei fleste aldrar møtte, spesielt kjekt at det kom ungdommar!
Jon Bråtveit hadde ei gjennomgang av korleis Prestavikjo kan sjå ut, dersom grenda, idrettslag, politikkarar, sponsorar, stiftelsar og kommune går saman om å få dette til.
Målet er å laga eit nærmiljøanlegg, eit anlegg som er ope og tilgjengeleg for alle kvar dag, heile året. Det skal leggast til rette for ulik aktivitet, med spesiell vekt på den uorganiserte aktiviteten. 3’ar-bane til fotball, fleirbruksbane, pumptrack, rulleskiløype, balansepark, treningsapparat, grillplass, freesbeegolf, asfaltering for å auka mobiliteten for alle brukargrupper og tribune er nemnd som aktivitetar og element som ein kan få til. (meir…)
by Kristine Bøe Berge | mai 12, 2022 | Styret informerer |
Onsdag 4.mai samla nytt hovudstyre seg for fyrste gong til eit kort møte. Vedlagt finn dykk protokoll.
I ettermiddag er det mykje aktivitet i Prestavikjo med
kampar for fleire aldersgrupper og kiosk! Vel møtt!
Protokoll frå styremøte Suldal IL 04.05.22
by Helen Moen Gjuvsland | apr 21, 2022 | Styret informerer |
I går, 20.04.2022, kunne me endeleg avhalde eit årsmøte i meir kjent form enn kva som har vore tilfellet dei siste åra. Under finn du link til årsmøtedokumenta og protokoll frå årsmøtet.
Årsmøteprotokoll Suldal IL 20.04.2022
Årsmelding Suldal IL 20.04.2021_signert
by Kristine Bøe Berge | mar 20, 2022 | Styret informerer |
God søndag!
Utruleg mykje kjekk aktivitet i idrettslaget så langt i år. Styret har noko dei styrer med innimellom og, og i slutten av januar var me samla for årets fyrste formelle styremøte. Her kjem referatet med noko etterslep.
God lesnad og lukke til med Hamrabørennet i dag! Det teiknar til å bli ein fantastisk flott dag!
Protokoll frå styremøte Suldal IL 26.01.22
by Helen Moen Gjuvsland | nov 10, 2021 | Styret informerer, Ymse |
Faktura for medlemskontingent er sendt ut via KlubbAdmin. Me har også i år brukt Norges idrettsforbund sitt system KlubbAdmin (til epostadressa di), slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt.
21. oktober vart det sendt ut faktura for betaling av medlemskontingenten. Me registrerer også i år at ein del medlemmer ikkje har betalt, og håpar sjølvsagt at de ønskjer å vera med videre som medlem.
Oppmodar alle som vil vera medlem om å betala kontingenten, og ved spørsmål ta kontakt med kasserar Elisabeth Steine på kasserar@suldal-il.no eller telefon 454 02 749. Her finn du informasjon om satsane på medlemskontingenten: http://www.suldal-il.no/?page_id=5347
Er du eller ungane dine med på aktiviteter i regi av Suldal IL, men har ikkje motteke varsel om faktura via epost: då ber me om at du tek kontakt slik at me får oppdatert kontaktinformasjonen og medlemslistene våre.
Ved betaling av medlemskontingent trer ulykkesforsikringa i kraft, slik at du er registert når du deltek på aktivitertar.
Ønskjer du å melde deg ut av idrettslaget gjer du det ved å senda epost til kasserar@suldal-il.no
Antal betalande medlemmer dannar også grunnlaget for tilskot til laget.
Ditt medlemskap er viktig!