Protokoll frå styremøte Suldal IL 8.september 2021
Hei!
Hausten er komen, koronaen har roa seg noko og det er igjen god og gledeleg aktivitet i idrettslaget!
Sjå vedlagt protokoll frå sist styremøte, 8.september.
Hei!
Hausten er komen, koronaen har roa seg noko og det er igjen god og gledeleg aktivitet i idrettslaget!
Sjå vedlagt protokoll frå sist styremøte, 8.september.
God kveld!
Gullinghuset ved Mosvatnet hadde denne sommaren trong for nye målingstrøk, og om lag 60 av idrettslaget sine medlem har siste månaden svinga målingskosten til verdifull dugnadsinntekt frå Suldal kommune.
Etter nøye risikovurderingar med tanke på smittevern, og samråding med kommuneoverlegen, klarte me å gjennomføra sånn nokonlunde etter planen. I kveld kunne me takka av siste gruppa, som fullførte oppdraget!
Medlemma i Suldal idrettslag legg ned mykje dugnadsarbeid til glede for store og små, og me vil nok ein gong retta ein stor takk for innsatsen til våre medlem!
God sommar!
Hei!
Nytt styre har gjennomført sitt fyrste styremøte for perioden. Føl lenka for å sjå kva saker som vert jobba med!
God lesnad og god 17.mai helg!
Hei!
Her kjem protokoll frå styremøte, samt signert årsmøteprotokoll frå Suldal Idrettslag! God lesnad!
Hei!
Årsmøte for Suldal Idrettslag vert onsdag 17.mars. Grunna smittevern bed me om skriftleg påmelding innan 15.mars. Sjå tidlegare utsendt melding.
Vedlagt finn dykk årsmøtedokumenta. Vel møtt!
ÅRSMØTE SULDAL IL
Stad: Gymsalen Vinjar skule
Dato: 17.03.2021
Tid: 19.30
Saker:
Vanlege årsmøtesaker
Tildeling av kulturprisen 2020 frå Suldal kommune
Saker må meldast inn til leiar@suldal-il.no innan 03.03.2021.
Saksliste og -dokument vil bli lagt ut på: www.suldal-il.no.
Me bed, grunna smittevern, om skriftleg påmelding til årsmøte til
leiar@suldal-il.no innan 15. mars.