Gratulerer med opprykk, Mari!

Mari rykker opp til 1. divisjon med Viking FK!

I går sikra Viking FK sitt damelag opprykk til nesthøgaste nivå, 1. divisjon. Med på laget er Mari Fisketjøn Indrebø. Suldal IL gratulerer!

Etter at Mari flytta frå Suldal for å gå på vidaregåande, har ho vore del av dette framstormande damelaget. Viking har vore nære på å rykka opp frå 2. til 1. divisjon i fleire år, men nålauga er trongt. Berre eitt lag rykkar opp, så ein kan nesten ikkje ha feilsteg gjennom sesongen. Det bli også mykje reising. I divisjonen er det 14 lag frå heile Sør-Noreg, frå Grimstad til Trondheim og Viking til Tynset. Det er framleis to kampar igjen, men leiinga ned til Molde på 2. plass er 11 poeng. Sjølv om Molde har ein kamp mindre spelt, så kan dei ikkje ta igjen forspranget.

Viking har kun eitt tap, og i kampen mot Bryne på 4. plass i går viste dei verkeleg at dei nå er klar for spel eit nivå opp. Viking stoppa ikkje før det stod 0-7 på Bryne, og det var klart for feiring. Mari spelte dei siste 20 minutta i går. Neste år blir det altså 1. divisjon, og endå lenger reiser. Her er både Tromsø og Bodø lag ein skal bryna seg mot.

Ein skulle tru at ein då ville møta eit anna lokallag; Klepp. Dessverre er ikkje laget der like sterkt som det var då Mari si mor, Siri spelte der i toppserien for nokre år sidan. Det har vore sterk konkurranse om spelarane mellom laga på vestlandet dei siste åra, og Klepp er ikkje lenger det sjølvsagte valet slik det var før. Nå kjempar Klepp, Viking, Avaldsnes, Staal og laga frå Bergen om dei same spelarane. Nå kan det sjå ut som at Viking skal stadfesta posisjonen som det nestbeste kvinnelaget i regionen, så får me sjå om Avaldsnes greier å halda plassen i Toppserien, eller om dei rykker ned og møter Mari og VIking til Rogalandsderby neste år.

Dersom de har innlogging på Stavanger Aftenblad, kan de lesa meir her: Aftenbladet.

Tabellar og resultat finn de på fotball.no.

4. divisjon damer: Suldal – Torvastad jr 7-3 (5-0)

Den andre damekampen denne helga skulle få nøyaktig same resultat som den første, heldigvis med Suldal som vinnarar denne gong.

Søndag var det siste heimekamp for damene i år, og det var Torvastad sine juniorjenter som var motstandarar.

Det skulle raskt visa seg at Torvastad-jentene nok vart litt for lette og urutinerte mot suldalsdamene, sjølv om det skal seiast at i alle fall 1/3 av Suldal sine spelarar også har alderen til juniorspelarar. Faktisk så vart seks av dei sju måla Suldal skåra sett i mål av juniorar på 16 og 18 år. Dei fekk hjelp av eit lag som har ei fin blanding i alder og erfaring. (meir…)

4. div damer: Skjoldar/Vats/Vikedal – Suldal 7-3 (3-1)

Damelaget har hatt ei travel helg med kamp både fredag og søndag.

Fredag var det bortekamp mot Skjodar/Vats/Vik (veit ikkje om Vik er forkorting for Vikebygd eller Vikedal…).

I følge kamprapporten så har kampen bølga litt fram og tilbake. Referenten må stola på at kamprapporten stemmer med tanke på målskårarar.

Heimelaget fekk ei tidleg leiing etter tre minutt, og auka leiinga til både 2-0 og 3-0 etter omlag halvtimen. Etter 39 minutt fekk Suldal sitt første mål ved Kristina Kvæstad, slik at stillinga til pause var 3-1 til heimelaget. (meir…)

4. div damer: Bremnes jr. – Suldal 5-0

Det blei ein lang søndagstur på damene i helga. 

På dei to siste kampane har Suldal møtt nummer 2 og 3 på tabellen. Det viser igjen på resultata at det er gode lag som har vore motstandar. Det blei 5-0-tap mot bømlingane.

Første målet kom alt etter eit minutt. Det ser ut til at Bremnes har eit par målfarlege søstre, for fire av måla har to Mæland-spelarar fordelt jamnt seg i mellom. Måla var jamnt fordelt utover første omgang, det stod 3-0 til pause. Dei to siste måla kom rett etter at timen var spelt.

(meir…)

Nye drakter til damelaget frå Sparebanken Vest

Nye drakter med nye sponsorar. Sparebanken Vest, Statkraft og Haugaland Kraft.

Også damelaget har fått nye drakter av Sparebanken Vest.

Då er det seg slik det hør og bør, at me sender fotografen ut. Me har ikkje lyskastarar som held FIFA-standard, så av den grunn blir gjerne ikkje alle bilda like skarpe.

Spelarane på bildet er:

Framme frå venstre: Kristine Bøe Berge, Åshild Tveit Vårvik, Marte Hjelmervik, Helene Hammer Vaage, Katrine Kroken Lono, Siri Håranes Eide. Bak frå venstre: Mina Lunde, Karina Vigre Førland, Lina Baustad Hoås, Maria Groven, Kristina Kvæstad, Sofie-Eilin Helgeland Våge, Mathilde Nerheim

Klikk deg vidare for å sjå bilda frå kampen mot Falkeid/Skjold/Stegaberg 2. (meir…)