Første element i nærmiljøanlegget i Prestavikjo blir opna for bruk i dag! Det er klart for hopp og sprett på hjul, og kanskje litt knall og fall?
I ein pumptrackbane skal du komma deg framover i ei kupert og dosert løype ved å «pumpa» deg framover på sykkel, sparkesykkel, rullebrett, rulleski eller liknande. Ein skal altså ta med seg farten ein får nedover til å komma seg opp neste kneik.
Det er Trailhead Nesbyen som har bygd Prestavikjo pumptrack på oppdrag frå Uniqa. BG Suldal, med Steinar bak spakene i gravemaskina, har stått for grunnarbeid og hjulpe Trailhead med oppbygginga av banen. Dei siste dagane har NCC asfaltert løypa.
Pumptrackar blir bygde opp noko ulikt. Nokre plasser er det berre grus, andre plassar blir alt asfaltert, også skråningar. I vår pumptrack er det berre asfaltert der det er naturleg at ein brukar banen. Sidekantar og midtfelt i grus vil få eit dekke av eitt eller anna slag etter kvart. Me reknar med at folk ikkje klatrar og syklar der det ikkje er asfalt.
Det går også an å nytta pumptracken med til dømes radiostyrte bilar. Det som ikkje skal vera på banen er mopedar og liknande.
Me håpar at pumptracken vil falla i smak, at ein er forsiktig og viser hensyn, og utviklar røynslene sine etter kvart. Her skal vera utfordringar frå nybegynnarar til vidarekomne. HUGS HJELM.
Vår lokale helt, Steinar frå BG Suldal, har styrt gravemaskina og fått god kompetanse på bygging av pumptrack.Knut frå Trailhead har stått for teikning og bygging av Prestavikjo pumptrack.NCC har eit eige team som har spesialisert seg i å asfaltera pumptrack.
Det er mange tonn med grus, pukk og singel som skal til for å få godt underlag til alt som skal byggast i Prestavikjo. Totalt for heile prosjektet er det snakk om 2-3000 tonn av ulike fraksjonar. At me får dette gratis hjelper godt på prosjektet!
Verdien av denne gåva veit me ikkje før heile prosjektet er over, men at det er snakk om eit betydeleg beløp er det ikkje tvil om. Norsk Stein har tidlegare løyvd kontantgåve på kr 20.000,-, så dette kjem i tillegg.
I haust er det ikkje snakk om så store mengder, men neste haust reknar og håpar me på at det er vesentleg meir som skal inn når me skal til med asfaltering til rulleski og underlag til andre aktivitetsanlegg som skal på plass.
Helge i Steine Transport AS i aksjon i Prestavikjo.
Det er mykje som skal på plass når Prosjekt Prestavikjo skal realiserast. Då er det godt å ha ein lokal transportør med på laget som både kan køyra og heisa.
Steine Transport AS held til på Steine, Suldalsosen, og er ei familie- og generasjonsbedrift. Firma blei starta av Tor Steine. Det er nok derfor bilane har logoen «T. Steine Suldal». Sonen Torleif tok over, før barnebarnet Helge nå driv selskapet saman med kona Heidi. Helge og Heidi både bur og jobbar ut frå «Stasjonen på Steine». Folk under 40 år hugsar vel knapt at det var bensinstasjon der dei nå bur og har verkstad, men i tillegg til transport kunne ein altså kjøpa både bensin og kioskvarer her for ein generasjon sidan.
Helge er den som har vore i sving i Prestavikjo den siste veka, og han er framifrå på service, og køyrer lastebil stødig, effektivt og med eit stort smil. Ein av spesialitetane er at han har heisekran på bilen sin, noko som er til stor hjelp når me skal ha betongbyggeklossar som fundament og sikring til tribunen. Det har også blitt nokre turar til Norsk Stein på Berekvam for å henta grus.
I første del av prosjektet som blir realisert i haust, er det relativt sett ikkje så store mengder massar som skal på plass, slik at entrepenørane BG Suldal og Ola Fisketjøn saman med Steine Transport når over det. Alle køyrer til sterkt reduserte prisar for å støtta prosjektet. Det set me sjølvsagt stor pris på, og bidraget hjelper godt på for å få mest mogleg aktivitet ut av pengane me rår over.
Så er også arbeidet på haustens tredje anlegg, tribunen, i gong. Ola Fisketjøn AS har starta gravinga i skråninga opp mot Samfunnshuset.
Her skal det komma tribune med 96 sitteplasser. Det blir plassert på eit platå halvvegs inn i bakken. Der vil ein få god oversikt over det som skjer på fotballbanen. Saman med tribunen blir det laga trapp/veg opp frå banen til garderobane til Samfunnshus. Etter kvart vil også kiosken kokmma her oppe.
Ola Fisketjøn AS har god kjennskap til Prestavikjo, dei var også med då sjølve idrettsanlegget blei etablert på 70-talet, og stod også for mykje av arbeidet då kunstgraset kom for 11-12 år sidan.
Når grunnarbeidet er på plass, så kjem leverandøren av tribunen og moterer denne. Me reknar med at alt er på plass i løpet av oktober, det kjem litt an på leveranse.
Prosjekt Prestavikjo er i gong! Måndag 4. september rulla BG Suldal AS inn gravemaskina der pumptracken skal etablerast.
Denne veka startar grunnarbeidet til det som skal bli ein flott pumptrackbane i sørvestre hjørne av stadion. For dei uinvidde er pumptrack ein asfaltert, kupert bane med doserte svingar, humpar og hopp som ein kan sykla på. I tillegg til sykkel kan den nyttast med sparkesykkel, rulleskøyter, rullebrett og kanskje rulleski. Det kan også vera ein kjekk plass å prøva radiostyrte bilar.
BG Suldal AS kjem også til å grava grøfter slik at ein kan strekka straumkablar til framtidige anlegg, og gjera grunnarbeidet for å laga til tre stk 3’ar-banar til fotball i det søraustre hjørnet, ved ballbua. Dette er spesialtilpassa småbanar med vant for dei yngste fotballspelarane, men vil også gi god trening for eldre spelarar. Her vil ballen alltid vera i spel! Kan hende kan ein også nytte desse til fotballtennis. Kvar bane er 15m x 10m.