by Jon Bråtveit | jan 19, 2023 | Prosjekt Prestavikjo |
Måndag hadde ressursgruppa for prosjektet møte i foajèen på Samfunnshuset, og trur de jammen ikkje at Odd Magne Hetlelid frå Hjelmeland Sparebank stakk innom!?

Odd Magne Hetlelid frå Hjelmeland Sparebank med gåva til Prosjekt Prestavikjo.
Med seg hadde han ein gåvesjekk på kr 100.000,- til nærmiljøanlegget i Prestavikjo, noko som sjølvsagt løfta ei elles god steming ytterlegare denne januarkvelden. Hjelmeland Sparebank er etter måten ein liten bank, men har dei siste åra støtta Suldal IL med atskillige hundretusenlappar, då spesielt til snøproduksjon. Hjelmeland IL er jo ein stor brukar av skianlegget vårt. Fotballen vår har dei også støtta, både kunstgraset og Suldalsgutane- og jentene. At dei i tillegg ønskjer å vera med på prosjektet på Suldalsosen vitnar om godt naboskap, og hjelmelandsbuen er sjølvsagt velkomne til å bruka anlegget når det står klart.
Kjekt at Odd Magne tok turen personleg, der han også fekk ein kort innføring i korleis me ønskjer å bruka pengane han kom med.
Tusen takk!
by Jon Bråtveit | jan 19, 2023 | Prosjekt Prestavikjo |
Førjulsgåva frå Berakvam var kr 20.000,- til prosjektet frå Norsk Stein.
Norsk Stein er ei hjørnesteinsbedrift i kommunen, med mange ansatte som også er medlemmer i Suldal IL. Dei er frå før gode bidragsytarar til drifta til idrettslaget gjennom å både vera skiltsponsorar, bidra med støtte til treningsklede, og som mangeårig sponsor til Suldalsgutane- og jentene.
Nå er dei med på Prosjekt Prestavikjo med kontantbeløp, og kan hende blir det andre avtalar med dei i høve prosjektet framover også.
Tusen takk!
by Jon Bråtveit | jan 19, 2023 | Prosjekt Prestavikjo |
Rett over nyttår fekk me svar på søknad til Suldal bygdekvinnelag om at dei ønskjer å støtta «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» med ein kontantsum på 5000 kroner. Det set me stor pris på!
Det er både viktig og kjekt at prosjektet har støtte frå lokale lag og foreiningar, for me håpar at også kvinner i alle aldrar i bygda vil finna ein aktivitet dei likar i Prestavikjo. At folk i bygda har tru på prosjektet og ønskjer det velkommen er ei vitamininnsprøyting.
I tillegg til kronebeløpet, går også bygdekvinnene i bresjen og vil stilla med dugnadsinnsats når den tid kjem. Dette er eit supert signal, og til inspirasjon for andre!
Tusen takk for støtta!
by Jon Bråtveit | okt 18, 2022 | Prosjekt Prestavikjo |

Hans Olav Brustveit frå Sparebanken Vest overrekker gåva på 500.000,- til leiar i ressursgruppa for Prosjekt Prestavikjo, Jon Bråtveit.
Ein av hovudsponsorane våre, Sparebanken Vest, slo på stortromma og troppa opp på styremøtet med ei gåve på ein halv million til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!».
Sjølvsagt er dette ei støtte som hjelper oss godt på veg mot å få realisert draumen om eit nærmiljøanlegg som me håpar kan vera til glede for alle fastbuande og tilreisande i kommunen og bygda. Denne gåva gjer at me er om lag 1/4 på veg med å samla inn den delen av budsjettet som idrettslaget sjølv må skaffa for å kunna laga til heile anlegget.
Me er svært glade for å ha Sparebanken Vest med på laget vårt, både i den årlege drifta og når me går i gong med prosjekt som skal gjera livet i Suldal endå betre!
Sjå også innlegg i Suldalsposten. Meir info om prosjektet finn du på våre eigne sider.
by Jon Bråtveit | okt 18, 2022 | Prosjekt Prestavikjo |
For ei veke sidan fekk me den flotte meldinga om at Grieg Seafood Rogaland ønskjer å støtta «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» med kr 100.000,-!
Dette er ein flott start på søknadsrunden Suldal IL tek til stiftingar, organisasjonar og næringsliv i haust for å dekka inn vårt del til det spennande nærmiljøanlegget me ønskjer å laga til i Prestavikjo. Det veldig kjekt at Grieg Seafood Rogaland vil vera med og hjelpa oss på veg, og støtta kjem sjølvsagt godt med. Grieg er alt ein aktiv støttespelar for Suldalsgutane- og jentene gjennom å vera hovudsponsor for dette samarbeidsprosjektet, og at dei også gir bidrag til nærmiljøprosjektet viser at dei vil lokalsamfunnet vårt godt.
Tusen takk for støtta!
Sjå meir om prosjektet på https://www.suldal-il.no/?p=19729.
by Jon Bråtveit | okt 18, 2022 | Prosjekt Prestavikjo |
I vår søkte Suldal IL om støtte til eit «førprosjekt» til det store nærmiljøanlegget me ønskjer å få til i Prestavikjo. Då fekk me kr 100.000,- kvar, totalt kr 300.000,-, av dei tre sparebankstiftingane Sparebanen Vest, SR-Bank og Sauda Sparebank.
Å bygga tribune er ikkje eit spelemiddelprosjekt, så den kostnaden må idrettslaget stå for sjølv. Me tenkjer også at ein tribune i skråninga mot samfunnshuset er ein viktig del i arbeidet med å «snu» bruken av stadion. Me ønskjer å få publikum nærare toalett, garderobe og foajé, og me ønskjer å flytta kiosken til plassen utanfor foajéen.
Publikum vil også komma nærare spelarane når dei går opp og ned mellom stadion og garderobe. For ikkje å snakka om å kunna sitta godt på solsida av stadion. Det er nokre utfordringar me må tenkja nøye gjennom før me tek til med arbeidet. Det går på å gjera tribunen tilgjengeleg for alle, og kor den skal plasserast slik at den kjem i rett avstand til det som skjer på banen og kiosk/toalett på toppen. Derfor ventar me med å setta i gong til våren, når me også har betre oversikt over resten av «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!»
Tusen takk for støtta til tribune til alle tre bidragsytarane!